If You Love Somebody, Set Them Free

Utdanning har potensiale til å vera eit frigjerande prosjekt. Og eg trur at mange av oss vart tiltrukne av arbeid i skulen på grunn av nettopp det. Vi vil gi barna det dei treng for å forstå samfunnet rundt seg, og tenkja kritisk om det, slik at dei kan gjera opp si eiga meining, og forkasta andre. Men kor frigjerande vil vi eigentleg ha det? Det er det eg tenkjer mest på no, i avslutninga av årets opphald i London og på BETT. 
For utdanning kan også ha mange undertrykkjande element, og kvar er balansen mellom tradisjonsoverføring og frigjering? Det er vi som bestemmer kva ungane skal læra. Til nød får dei velga kva måte dei skal læra det på, og vala vi gir dei, er ikkje veldig ulike. Dei får ikkje bestemma når dei skal læra noko. Motivasjonen deira får versågod vera der akkurat når vi treng den. Alle gjennom same kverna, bileta frå The Wall er heilt relevante framleis.
No er det skular som prøver på andre måtar. Eg har forstått dei siste dagane at slagordet er at vi må gå frå «Just in case» til «Just in time». Altså frå eit pensum der ungane skal læra noko dei kanskje får bruk for, til at ungane får kunnskap om noko, fordi dei akkurat der og då lurer på akkurat det. Og då er det vår venn internettet som kan trå til. Eg trur det er noko her. Men Sugata Mitra seier «Knowledge will become obsolete». Og då ramlar eg av. Knowledge? Det kan henda vi legg ulike ting i omgrepet. Eg trur også at vekta på faktainnlæring med fordel kan reduserast, og at prosessar som td kalkulasjon kan gjerast av maskiner, men knowledge er for meg mykje meir komplekst enn det. Kunnskap om kontekst, historie, kva det vil seia å vera menneske, alt det vi treng for å skapa meining i det vi ser rundt oss. Det må vel skulen driva med? 
Teknologirevolusjonen vi er midt oppe i har også eit frigjerande potensial. Når vi kan møta menneske frå heilt andre kulturar, sjå og snakka med dei ved hjelp av teknologi, kan eg ikkje tenkja anna enn at det er verdifullt for vår felles framtid, at det kan bli avgjerande, faktisk. Eg er også heilt overtydd om at barn må læra koding. Dei må forstå maskinene i mykje høgare grad enn det til dømes eg gjer. For undertrykkingspotensialet er like enormt som frigjeringspotensialet. Overvåkinga og dei komersielle interessene har ikkje vårt beste i sinne, i alle høve ikkje heile tida. Barn må kunna vita korleis dei skal vera subjekt og ikkje objekt. 
Vi i skulen kan bruka teknologien på frigjerande vis. Vi kan også bruka han til undertrykking, eller for å vera litt meir diplomatisk, meir effektiv vidareføring av systemet. Når målstyring og resultat på testar er det som tel, er det, som Audrey Watters sa i går, kanskje elektroniske flashcards som interesserer oss mest. No kjem den adaptive teknologien for fullt til skulen. Vi kan sjå, og elevane kan sjå, kva dei har lært, kva dei treng å øva på, korleis dei «ligg an», som vi seier i skulen. Ligg an til kva då? Bør vi kanskje spørja. 
Eg skulle ynskje skuledebatt kunne handla om slike spørsmål. Og at ikkje alle var så skråsikre. Eg synest dette er vanskelege spørsmål. Men det er ikkje farleg å tenkja på dei. 

Advertisements

Forfattar: margreta

Fagleiar ved Nordahl Grieg vgs, med ansvar for pedagogisk bruk av IKT og eksternt samarbeid. Idealist og optimist. Glad i skule!

3 thoughts on “If You Love Somebody, Set Them Free”

  1. Kunnskap er så mangt. Jeg tenker at uten kunnskap (enten vi nå snakker grunnleggende fakta eller større helhetstrekk) kommer man ikke langt. Man finner ikke viktig informasjon på internett hvis man ikke har både kunnskap nok til å søke spesifikt og ikke minst kunnskap nok til å både være kritisk og kunne trekke tråder. Uten grunnleggende kunnskap vil man finne bare det på internett – grunnleggende fakta. Ikke mer. Man blir ikke klokere, man blir bare i stand til å ramse opp noe andre har skrevet.

  2. Gode refleksjoner og befriende fritt for skråsikkerhet 🙂 Jeg tror det er på tide at vi tar diskusjonen om hva vi skal se på som kunnskaper og hva som er ferdigheter. Som Frøydis peker på: det kreves mye kunnskap for å finne og vurdere ny kunnskap. Kreativitet og skaperkraft bygger ofte på ganske omfattende kjennskap til det som har vært før – du må kjenne sjangeren for å bryte med kravene til den. Kreativitet er oftere omformingen eller kombinasjonen av gamle ideer enn noe genuint nytt. Kan du lite, er det første treffet på Google like godt som det neste.

    Faren for de av oss som har vokst opp med en skole som har gitt oss mye kunnskap, og deretter fått tilgang på internett og etter hvert brukervennlig teknologi, er at vi i iveren over teknologiens muligheter glemmer at det er kunnskapene i bunn som gjør at vi kan bruke teknologien konstruktivt. Jeg tror vi trenger å diskutere forholdet mellom kunnskaper og ferdigheter: hva er det nødvendig å kunne, og hva er det viktig å kunne gjøre. Innlært kunnskap avlaster arbeidsminnet. Kalkulatoren på nobilen er bra, men langt tregere enn en memorert gangetabell. Men hvor går «grensen» mellom hva det er best å kunne og hva det er like greit å finnet ut på nett?

  3. Tusen takk for kommentarar! Eg ynskjer at filosofane og språkvitarane melder seg på, og diskuterer kunnskap, læring og forståing i lys av at vi er i en situasjon vi aldri har vore i før, i og med internett. Dersom nokon kjenner litteratur som har eit slikt utgangspunkt, vil eg gjerne lesa.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s