Underleggjering av teknologi -eit ansvar for skulen

Det byrjar å bli ei stund sidan eg starta å jobbe med feltet IKT i skulen. Det er vel snart ti år. Dei første åra handla mykje om å få lærarar til å ta i bruk datamaskin i klasserommet, og førebu dei på at elevane snart kom med ein bærbar PC kvar. Diskusjonane gjekk særleg på bruken av internett, og læraren sitt behov og ønske for å kontrollera elevane sin nettaktivitet. Andre utfordringar var rett og slett lærarane sin kompetanse i bruk av programvare og maskinvare. Det første temaet er forsåvidt framleis eit diskusjonstema, medan det har skjedd stor utvikling rundt det andre temaet. Der har diskusjonen utvikla seg til meir å dreia seg om, og etterlysa hjelp til, pedagogisk bruk av IKT i klasserommet. Som sjølvsagt igjen heng saman med elevane sin tilgang til internett. Eg har lenge ønska meg at diskusjonen kunne løfta seg litt opp og handla om kunnskapssyn og læringssyn, for det jo desse grunnleggande tankane kommunikasjonsrevolusjonen utfordrar oss på, for å seia det mildt, rettare er det vel å snakka om eit paradigmeskifte, slik June Breivik til dømes ofte gjer. Svært ofte er problematiseringar rundt ikt i skulen knytt til teknologien flytta inn i det eksisterande paradigmet. Vel. Somme meiner alt går for seint, det meiner vel eg også ofte, men eg tenkjer samstundes at det er fordi endringane er så grunnleggande, samstundes som utdanningsinstitusjonane har same strukturar som før.

Eg hugsar at eg ofte tenkte og sa i diskusjonar dei første åra, at teknologien kom til å bli transparent, og då kom alt til å bli lettare. Det har jo forsåvidt blitt slik, på svært mange felt i samfunnet. Vi tenkjer ikkje så mykje over teknologien bak at vi betaler med eit plastkort, brukar smarttelefon til å betala på bussen, sjekkar Facebook. Heller ikkje at vi nyttar et samarbeidsdokument i ein skuletime. Vi har svært mange val, og vi vel det vi meiner er best for det vi vil oppnå. For ein god del lærarar er det blitt slik at elevens tilgang til kommunikasjonsteknologi er ein grunnleggande premiss i alt dei gjer av planlegging, klasseromsaktivitet, vurdering. Uten at dei kvar gong må minna seg sjølv på at slik er det. Ikkje alle har det slik, men mange.

Det er positivt at IKT blir integrert og ein naturleg del av skulen. Men det kan bli for naturleg og for lett. Teknologien kan bli for transparent. Eg trur at i 2016, må vi i mykje høgare grad bestreba oss på å underleggjera teknologien. Elevane som startar i vgs i år, er fødde i 2000. Dei har aldri levd utan internett-tilgang. Dei var seks år det året eg kom på Facebook.  Dei har vokse opp i ei utvikling der alle grensesnitt er blitt enklare og enklare å meistra, fleire og fleire tenester er integrerte med kvarandre, og fleire og fleire delar av samfunnet er teknologidominerte. Og alt er veldig enkelt, særlig for denne generasjonen. Vi må få dei til å undra seg over det som skjer. Her er nokre tema eg meiner er særdeles viktige for skulen framover:

  • Kunnskap om programmering, om korleis datateknologi fungerer.Også om korleis internett faktisk fungerer – prøv å forklara det for deg sjølv! Dette handlar om å bli subjekt og ikkje berre objekt for teknologien. Om å kunna skapa og ikkje berre bli manipulert (ja, det blir vi heile tida, alle). Og ja, det er underleggjering. Kva skjer eigentleg når du skriv ei statusoppdatering på Facebook?
  • Kunnskap om overvakingssamfunnet og det vi kallar tingenes internett. Grundig kunnskap. Kva informasjon finnes der ute om deg? Kva kan det brukast til? Er det noko gale i at ein no kan kjøpa tannkost til ungane som rapporterer til foreldrene si maskin om dei har pussa, og kor grundig dei har pussa?  Er det ikkje berre fint at din helseinfo kan bli tilgjengeleg for den som sit i den andre enden med ein gong du ringer nødnummeret? Det handlar om kritisk tenking rundt desse temaa.
  • Kunnskap om kunstig intelligens og kva konsekvensar utviklinga vil få for framtidas arbeidsliv. Og framtidas liv i det heile. Kobla med andre trendar vi ser for framtida, sjølvsagt. Korleis heng dette til dømes saman med migrasjon? Og klimaendringar? Dersom ein ikkje er budd på masseoppseiingar som følge av robotutvikling, kva konsekvensar kan det få. Massearbeidsløyse i Europa kombinert med store folkemassar på vandring frå endå verre scenario som krig, tørke, ekstrem fattigdom, kan det koma til å bli eit realistisk bilete?

Desse temaa kan elevane (og vi andre) berre koma inn i ved bruk av teknologi. Symjeundervisning på land er ikkje spesielt effektivt. Nokon diskuterer om læraren held på å bli overflødig. Eller om det berre er «teknologane» som skal jobba i skulen. Eg vil seia at vi treng topp lærarar som er villige til å halda seg oppdaterte på fagfelta sine – og dei er ikkje teknologifrie! Kan vi ha samfunnsfagslærarar som ikkje er interesserte i å oppdatera seg på dei to siste felta over, til dømes? Eg meiner nei.

Dette heng også saman med mantraet om teknologien som «berre verktøy», som den same June Breivik skriv godt om her. Vi har ei rekkje teknologiske verktøy for handa, det er rett, men bruken av dei impliserer så mykje meir for skulen enn det eit klasserom med berre tradisjonell teknologi gjorde. Vi treng ein skule der elevane får ta i bruk all tilgjengeleg teknologi samstundes som den same teknologien og teknologiutviklinga blir problematisert – eller underleggjort, som eg tykkjer er eit godt begrep for dette.