«Gir digitale verktøy økt læring?»

Spørsmålet lyser mot meg på mail. Nok ein konferanse skal gi svar. Men eg likar slett ikkje spørsmålet. Det ligg ein premiss her om nokon som ikkje lærer nok, læringa må aukast, og styrkast. Og så må den målast. Nokon må bli meir effektive, noko må samanliknast med noko anna, og alt er så befriande enkelt. Like enkelt som når nok eit lyst hovud slår fast, med like stor autoritet som den siste besserwisseren som sa det: Teknologien er berre verktøy, det er pedagogikken som er viktig. No shit, Sherlock.

Vi skal bruka teknologi i skulen fordi teknologien effektiviserer og aukar læringa. Eit slik påstand peikar rett mot eit ganske så behavioristisk syn på læring. Eller kanskje ei slags samansausing av behaviorisme og andre, mykje eldre førestillingar om læring. Læring føregår ved at nokon(læraren, eller datamaskina) puttar noko inn i knollen din, og ved øving og pugging, kan dette noko festa seg inni der, og det kan koma ut att i form av eit testsvar. Då har du lært.

Skal vi prøva oss på ei litt anna førestilling om læring? Læring er menneskets grunnleggande måte å vera i verda på. Vi kan ikkje unngå å læra, det gjer vi heile tida. Men det er ikkje alltid vi lærer det det var meininga at vi skulle læra. Om ikkje lærarens forsøk på å putta noko inn i knollen din lukkast, lærer du gjerne at du ikkje er særleg flink i matematikk. Vi lærer gjennom å vera saman med andre, gjennom språket og alle dei andre reiskapane vi tek i bruk, får vi eit bilete av korleis verda er og vi lærer å agera i henne. Dette skjer heile tida frå vi er små til vi døyr. Gjennom tidene har reiskapane våre utvikla og endra seg, og læringa vår i takt med dei. Tenk for ein revolusjon skrifta var. Gjennom den reiskapen kunne informasjon lagrast på ein heilt ny måte, og grunnlaget var lagt for at kunnskap kunne akkumulerast gjennom generasjonar. Føresetnadane for læring var grunnleggande endra.

Vi er midt oppe i ein revolusjon på linje med skrifta. Informasjonsteknologien endrar grunnleggande korleis vi lærer, og tankane våre om kva som er mogleg og ikkje. Dette er vanskeleg for skulen, ein gammal og ærverdig institusjon med lange tradisjonar. La oss ta nokre døme: Bruk av kalkulator i matematikktimane. Dette var særdeles kontroversielt i si tid. Det kalkulatoren gjer, er å ta over nokre kognitive prosessar som ganging og deling. Dersom ein skal multiplisera store tal, er ein kalkulator langt å føretrekka framfor andre metodar. Ein må framleis vita at ein må multiplisera, men sjølve utrekninga set vi ut til ei maskin. Kva må ein då læra i matematikktimen? Eller kanskje, når er det vi kan slutta å øva på gangetabellen og utrekning på papir? Når vi er 12? 15? 19?

Informasjonstilgangen er enorm, og søkefunksjonen har endra heilt korleis vi tileignar oss ny informasjon. Men det har også YouTube. På skulen har vi problem med dette, og slår av nettet når det er prøve. Då er det ikkje eit søk som skal hjelpa oss. Eg synes ikkje det er rart at vi strevar, det er vanskeleg å få på plass nye måtar å tenkja om kva som skal lærast og korleis, i skulen, og med ei teknologiutvikling som akselerer, er utfordringane stadig nye. Men det er likevel difor vi må jobba med teknologien i skulen. Vi må leva med denne utfordringa, og stadig spørja oss kva det er vi kan som ungdomane treng, og kva det er vi må læra oss av nye ting for å kunna vera til hjelp.

Det handlar ikkje om effektivisering. Det handlar om at læringa endrar seg på grunnleggande måtar rundt oss, og vi skuldar ungane å vera saman med dei i det.

 

 (Denne teksten hadde ikkje blitt akkurat slik om eg ikkje hadde lese Roger Säljö sine bøker om sosiokulturell teori det siste halve året. Særleg boka «Læring og kulturelle redskaper» frå 2005 har vore viktig).   

Advertisements

Forfattar: margreta

Fagleiar ved Nordahl Grieg vgs, med ansvar for pedagogisk bruk av IKT og eksternt samarbeid. Idealist og optimist. Glad i skule!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s