PC’ane kjem!

No er dei like rundt hjørnet på vår skule, desse mykje omtalte elev-pc’ane. Får vi berre låsbare skap på plass no, så kan vi dela ut. Og så byrjar leiken! Kva kan vi venta oss? Fullt anarki i klasserommet, elevar som berre spelar spel og nektar å gjera skulearbeid? Elevar som fuskar absolutt heile tida? Som sender stygge meldingar om læraren og medelevar via Messenger? Eg trur ikkje det. Eg trur elevane er interessert i å bruka PC’en til å læra noko, eg trur det er difor dei er komne på vår skule. MEN eg trur både lærarar og elevar skal få syna tolmod med kvarandre den første tida. Og den første tida kan vara ganske lenge!

For det første: Elevane må rekna med at lærarane ikkje har heilt same synet som dei på kva PC’en kan brukast til i læringsarbeidet. Det har med at dei er vane med å bruka PC’en ganske ulikt. Det er ikkje dermed sagt at det er dei som omtrent er fødde med PC’en som har rett alltid, lærarane har kanskje tenkt meir enn elevane på kva som gjev læringsutbyte? Og dei tenkjer kanskje i lengre tidsrom?

For det andre: Dersom du som elev er vane med å sitja og halda på med ting på PC’en medan du pratar med kompisane dine, og ser tv og gjer lekser, har du ein kompetanse som du sikkert vil ha nytte av. Men eg trur ikkje alltid du kan ha det slik på skulen, eg trur det er viktig at du er i stand til å klappa ned PC-loket og konsentrera deg om å sjå på personen du snakkar med, eg trur du vil ha glede og utbyte av å bli betre til å diskutera i ein klasse der alle konsentrerer seg om nettopp det, og at du skal øve deg på munnlege framføringar, at du fortener at dei andre ser på deg når du har framføring, sjølv om det kan vera ubehagleg. OG eg syns at læraren fortener di fulle merksemd når han bed om det, då må du rekna med at han vurdert det som viktig for læringa di at du gjev han det. Og eg syns bøker er vakre og gode å lesa i! Reint ei makelaus oppfinning!

Neste gong eg bloggar, skal eg skriva entusiastisk om kor mange flotte pedagogiske fortrinn PC’en kan gje! Hjelp meg gjerne med innlegg på bloggen!

Delingskultur – javisst! (Hæh?)

«Delingskultur» er det nye honnørordet i Hordaland fylkeskommune. Det ser ut til at det også er det nye honnørordet på Knarvik vidaregåande skule, og det er då eg seier: Vent no litt! Har alle klart føre seg kva vi snakkar om her??? Snakkar vi om det same? Kva meiner eg når eg brukar omgrepet, og kva meiner rektor, og kva tenkjer alle lærarane som får dette slengt i andletet? Og kvar kom det ifrå? Det siste er lett å svara på: Det kom frå leiaropplæringa i IKT som vart gjennomført i HFK sist skuleår. Noko av det viktigaste i denne opplæringa var å forstå korleis nettet har endra seg dei siste åra, frå å vera eit medium som likna mykje på medium vi kjente frå før (avisa, boka, TV), der nokon publiserer noko som andre les, til å verta ein brukarstyrt arena, der alle kan vera med å endra tekstar og sider, alle kan legge ut det dei vil på ein veldig enkel måte, slik eg gjer no, f. eks. Wikipedia er eit godt døme, dersom du ser at ein leksikonartikkel er ufullstendig eller inneheld feil, kan du rett og slett endra han, ingen spør kva bakgrunn du har for å gjera det. Tenk etter kor uhørt det hadde vore for få år sidan: Du går på biblioteket og tek eit leksikon ut av hylla. Så ser du eit oppslag som er blitt forelda. Kva gjer du? Du tek ein penn, set eit stort kryss over artikkelen, og skriv det som er rett i margen!

Dette har mange og store konsekvensar, ikkje minst for korleis vi tenkjer om opphavsrettar. Film- og musikkindustrien har kjent dette på kroppen lenge. Kvifor betale for musikk, når andre på nettet gladelig deler med seg? Men også: Kven har skrive artiklane i wikipedia? Kven er opphavsmann, når 5 personar har vore inne og redigert ein artikkel? Og då begynner vi å nærma oss omgrepet «delingskultur». Dersom eg legg ut bileta mine på Flickr.com, kan eg velge å lata dei vera tilgjengelege for alle. Då kan ein person i USA, som treng eit illustrasjonsfoto av ein schnauzer til ein artikkel han skriv, søke på «schnauzer» på Flickr, finne eit av mine bilete, og bruke det heilt fritt. Biletet er ikkje mitt lenger! Eg opprettar ein wiki, der startar eg på ein artikkel om norske samtidslyrikarar. Eg har nokre gode poeng eg veit ingen har tenkt på før. Eg inviterer inn nokre venner som også interesserer seg for emnet. Men dei nøyer seg ikkje lenger med å koma med nokre kommentarar til meg i ein e-post, som eg kan takka dei for i eit føreord, nei, dei går direkte inn i min tekst, endrar mine formuleringar, og legg til opplysingar dei syns er viktige. Kven skreiv artikkelen?

Dette er delingskulturen i praksis. Som vi kan sjå, kan den koma til å endra idear vi har hatt med oss i alle fall frå romantikken, om at ein tekst har ein opphavsmann, og at når ein tekst er publisert, er den ukrenkeleg. Dette kjem nok til å ta tid, men på visse område er det alt røyndom.

Og så: Hordaland fylkeskommune og Knarvik vidaregåande. «Delingskultur» som honnørord. Det må bety eit mål om at lærarane deler filene sine med kvarandre, at ein legg ut undervisningsopplegg som andre kan gå inn og hente, og fritt endre på, at ein jobbar etter wikiprinsippa med å lage nye opplegg, at elevane skriv oppgåver saman i wiki. Trur eg. Dersom andre har andre idear om kva omgrepet inneber, må dei vera vennlege å skriva om det her, slik at vi kan nærma oss ei felles forståing av omgrepet.

Nytt skuleår!

Endeleg nytt skuleår! Og endeleg eit nytt innlegg på bloggen min! Eg vart så motlaus i vinter av at elevane var så lite interesserte i å delta på bloggen, at eg la vekk heile blogginga. Dessutan var det nok av andre ting å ta seg til, merkeleg det der. Men no! Blir det andre bollar. Eg kan lova innlegg om pilotprosjektet på skulen vår, der eg skal vera prosjektleiar. Eg kjem også til å reklamera hemningslaust for alt eg måtte finna på av 2.0-relatert undervisning, det kan bli overkommeleg. Og kven veit, plutseleg har det blitt OBLIGATORISK for elevane å skriva eit innlegg på bloggen min! Eg blir ikkje mykje god no! Men alle som kjenner meg, veit at alt dette må venta til ei morgonstund, for på denne tida av døgnet er eg dum i hovudet, rett og slett. Godt nytt skuleår til alle!

Endå ein post til elevane:

Er du ein Homo Zappiens?

Eg har nettopp lese ei bok om dykkar generasjon, som i boka får namnet Homo Zappiens. Når eg få att boka frå ho som les ho no, skal eg skriva meir om dette. Men førebels har eg nokre spørsmål til dykk, som eg har forma ut ifrå måten de blir skildra på i boka:
1. Kva for nokre av desse nettressursane/sidene kjenner du til: flickr, netvibes, wiki, blog, del.icio.us?
2. Bruker du chattesider som f. eks MSN?
3. Har du venner som du berre treff på nettet?
4. Bruker du nettet til å skaffa deg informasjon om interessene dine?
5. Spelar du dataspel? Og har du venner du spelar saman med?
6. kan du halde på med mange ting samstundes og likevel få med deg informasjon frå alle kildene? T.d. ein samtale, ein chat, tekstmeldingar, fleire tv-kanalar, musikk frå Ipod?

Viss du ikkje har lyst å legga svara dine ut som ein kommentar til denne posten, kan du senda dei til meg på mail!

Eg har laga ein wiki!

Yes, ganske stolt no. For dei som ikkje veit det, ei wiki-side er ei nettside som gir medlemmene av sida like rettar til å vera med å redigera tekst, setja inn ny tekst, diskutera, etc. Det er rett og slett ei stor kladdebok der dei som blir invitert, kan vera med å skriva. Og alle i heile verda kan lesa det som står der. Systemet kjenner sikkert dei fleste frå Wikipedia, leksikonet som er bygt opp rundt dei same prinsippa.

I første omgang skal eg bruka wiki’en min, som heiter «tankestova», til å jobba med utviklingsplanen for IKT her på skulen, i lag med resten av gruppa som går på kurs. Håpar eg! Førebels har eg lagt ut notata vi gjorde etter siste samling, og oppgåva vi jobbar med fram mot neste samling. Alle som vil, er hjarteleg velkomne til å besøka tankestova, og eg tek gjerne i mot forslag og idear til ting som vi må tenkje på i arbeidet vårt. Her er

Kan klasselærarmøta bli betre?

Vel, i mitt hovud har vi eit stort forbetringspotensiale her. Eg seier ikkje meir om det, eg vil ikkje bruke tid på klaging her. I staden går eg rett på sak: I fjor vår var eg på eit kurs i noko som heiter «Årsopplegg for lærersamarbeid». Opplegget består rett og slett av ein perm med tre delar: ein teoridel som tek føre seg verdigrunnlaget for opplegget og litt om teamarbeid og kommunikasjon. Så kjem det praktiske delen med delvis ferdiglaga møteinnkallingar gjennom heile året, der ein reknar med to møte i månaden. Innkallingane skal hjelpe til med å sikre at ein får koma igjennom det ein skal, i høve til dei lovpålagte oppgåvene. Dei er også meint for å sikre at det vert tid til pedagogisk diskusjon og refleksjon i teamet. Så er det ein vedleggsdel med skjema og hjelpeark som kan nyttast både i arbeidet med elevane og i klassemøta. Det er, slik eg forsto det, to hovudpoeng med dette opplegget: Møta vert effektive, og ein får gjort det ein skal. Riset bak spegelen er at lærarane må førebu seg til møta… Eg trur, når eg ser på opplegget, at det hadde vore ei svært god investering, og til saman hadde me spart tid.

Dei kloke hovuda bak opplegget heiter Bente Vetland Thorkildsen og Bodil Dale Stormyr, dei er lærarar på Kvadraturen vgs. i Kristiansand, når dei då ikkje kursar lærarar. Dei har hatt suksess med opplegga sine så dei har starta eige firma, det finn nettsida her:

Lesa og skriva og rekna er bra

men å få pece litt, men å få pece litt, det gjer oss glad! (Til alle norsklærarar: Beklagar infinitivsrotet! Det måtte bli slik!) Ja, er det slik? Eg tenkte denne posten skulle handla om dei tre første aktivitetane i sangen faktisk, som også svarar til tre av grunnferdigheitene i Kunnskapsløftet. I alt kavet som har vore i haust med dei nye planane, har eg høyrt lite om korleis vi jobbar med dette i dei ulike faga. Det forundrar meg ikkje, det har som sagt vore nok å stri med. Men kanskje vi kan starta diskusjonen no etterkvart? Korleis ser de for dykk at de skal jobba med lesing, skriving og rekning i dykkar fag? Eg er spesialist på lesing og skriving, er det ein ide at eg og dei andre norsklærarane hjelper til med noko her? Og at matte-lærarane hjelper til? Ein tanke som slår meg, er at dette krev auka samarbeid mellom lærarane. Einige? Korleis får vi dette til? Eg blir glad for alle som vil vera med å tenkja om dette, og ein av grunnideeane med denne bloggen er at her er det lov å letta frå bakken! Dei som vil grava seg ned, kan gjera det ein annan stad!

Denne posten er spesielt til elevane mine:

Hei alle saman!

No trur de kanskje at krampa har tatt meg, og at eg febrilsk prøver å finna på noko kult. Vel, det er ikkje heilt slik. Eg har fått det ærefulle oppdraget å vera med i gruppa som skal skrive ein IKT-strategi på skulen vår. Vi i gruppa har vore på to-dagarskurs denne veka for å læra meir om «det digitale samfunnet», slik det er no. Og eg kan lova dykk at det var mange nye inntrykk for gamlingane. Det som i alle fall står klart for meg etter desse dagane, er at skulen, om ikkje så alt for lenge, må ta innover seg dei raske samfunnsendringane som skjer på grunn av utviklinga på nettet. Og på ein eller annan måte møte desse endringane. Og der er det de kjem inn! Har de lyst å hjelpa til? Det de kan gjera, er å bidra her på bloggen.

Det kan godt henda de syns dette var noko uklart, men det eg eigentleg spør om, er korleis de ynskjer at skulen skal vera om ikkje så altfor mange år. Og de kan fantasera heilt fritt! Korleis trur og vil de at vi skal arbeida? Kva skjer med klasseromsundervisninga når alle elevane sit med kvar sin PC og surfar? Skal eg gå rundt og smekka alle på fingrane og seia «Sjå på meg!»? Kjem de til å bli så lei av PC-arbeid at vi må innføra PC-frie timar? Og korleis skal vi møte det at elevane er på totalt ulike nivå når det gjeld IKT?

Mange spørsmål, dette, men her er altså ordet fritt. Svar på noko av det, eller skriv noko heilt anna, eit dikt om din drømmeskule, f.eks! Bli med då vel!

Min første blogg – uæh!

Hei alle! Her kjem min aller første post på min aller første blogg. Årsaka til denne modige handlinga, er at eg har vore på kurs i regi av Hordaland fylkeskommune og lært utruleg mykje nytt om nettet, slik det er i dag. Mitt mål med denne bloggen er, i alle høve per i dag, å bevega meg frå å vera ein Web 1.0-brukar til å bli ein Web 2.0 brukar! Etter kvart håpar eg å kunne skirve om mykje og mangt som har med skulen å gjera her, og få mange kommentarar frå både kjende og ukjende, elevar og kollegaer.