Kva er god læring og kvar føregår det?

Det pågår ein ganske intens debatt i media om databruk i skulen. Lars Vavik gjorde koblinga mellom PISA-resultata og IKT-bruk i Dagbladet før jul, og sidan har fleire slengt seg på, seinast Eva Grinde i Dagens Næringsliv på fredag. I går publiserte Ingunn Kjøl Wiig, Henning Lund og Gunnar Hovde eit svar i Klassekampen, der dei gir konkrete døme på korleis god IKT-bruk kan skapa meirverdi i klasserommet. Eg vil gjerne gå litt bak debatten, og stilla nokre spørsmål om premissane for den. Kjernen i kritikken synest å vera distraksjon. Elevane forsvinn ut i sosiale medier og klarar ikkje å konsentrera seg om læringa. Læraren misser kontrollen. Men kva er eigentleg læring? Kvar føregår læring i 2014, når føregår det, og er det same som det alltid har vore? Vi veit ganske mykje om dette, både pedagogisk forskning og hjerneforskning har gitt mange svar.  I OECD-rapporten «The Nature of Learning: Using Research to Inspire Practise» (2010), som er ein metastudie der ein samlar ulike forskningsperspektiv og analyserer dei, kjem ein fram til sju ulike prinsipp for eit godt læringsmiljø, der alle sju må vera tilstades. Eg tilrår ein kikk på denne rapporten, og på oppfølgaren, Innovative Learning Environments (2013).
45983813The nature of learning cover 150
I 2014 føregår læring mange ulike stader. Teknologiutviklinga i samfunnet gjer at omgrep som «blended learning» og «informal learning» er mykje drøfta. Grensene mellom skule og heim, leik og læring er i oppløysing. Elevar kan kommunisera med kvarandre om lekser på ettermiddagstid, og også med læraren. OECD-rapporten opererer også med omgrepet «Horisontal Connectedness», som handlar om at læringsmiljøet på skulen opnar seg mot omverda, ein kommuniserer med andre skular,  næringsliv, foreldre. Alt dette vert enklare og meir umiddelbart ved hjelp av teknologien. For å ta ein døme: Elevar reiser på ein heilt vanleg ekskursjon til ei bedrift. Etterpå skriv dei rapportar. Dette er skule slik vi kjenner det. Men rapporten vert skriven i eit googledokument, og ein tilsett i bedrifta kjem inn i dokumentet og kommenterer. Til slutt har elevar og bedriftsleiaren eit Skypemøte der dei evaluerer prosjektet. Her har ein altså brukt teknologien til å kommunisere effektivt med omverda og gi meirverdi til eit læringsprosjekt.
OECD-rapporten slår fast at læring er grunnleggande sosialt. Vi lærer av og med kvarandre. Det tyder ikkje at ein aldri skal sitja aleine og konsentrera seg, men læring har alltid eit sosialt element. Her kan også teknologien gi store gevinstar. Elevar jobbar saman med ei oppgåve i eit googledokument. Dei hjelper kvarandre med dei ulike delane av oppgåva, i staden for å skriva kvar sin del og så lima i hop til slutt, kjenner alle ansvar. Læraren er også inne i dokumentet, og kan sjå kven som skriv kva, om nokon treng ekstra hjelp eller om ei gruppe ikkje ser ut til å fungere. Dette er kvardagen i mange norske skular.
Debattinnlegga eg refererte til synes å bygga på ein ide om eit isolert klasserom, med ein lærar som er den einaste kjelda til kunnskap – i tillegg til læreboka. Elevane sit og les eller høyrer etter. Slik lærer dei. Men dette er ikkje eit realistisk bilete av eit norsk klasserom i 2014, det er heller ikkje eit ønskeleg rom, om ein vel å ta læringsforskning alvorleg.
Er ikkje distraksjon eit problem? Jau, sjølvsagt. Det er det for oss alle i 2014. Magnus Sandberg skriv godt i Dagbladet om Howard Rheingolds bok «Net Smart» og det han kallar «Crap Detection». Rheingold viar faktisk heile det første kapitlet i boka til problematikken rundt det å stadig vera pålogga, og ikkje vera her og no i sitt eige liv. Skulen kan hjelpa elevane til å reflektera over dette. Det er fint m dagar som startar med t. d. konsentrasjonsøvingar eller stille lesing. Vi treng å ta kontroll over våre eigne liv, og vera medvitne om når vi gjer kva. Dersom ein tek teknologien ut av skulen, tek ein mange læringsarenaer bort frå elevane, og reduserer høva dei har til å samarbeida og vera kreative. Ferdigheiter OECD jobbar med å få inn i PISA-målingane. Eg berre nemner det.
Photo 23.01.14 20 47 48

Farvel 2013

Eg er litt trøytt. Eit eller anna lite virus har lurt seg inn i kroppen og lagar ugreie. Ingenting nytt der, jula er ei vanleg tid for sjukdom. Men eg var litt trøytt før dette viruset også. Trøytt på ein annan måte, litt mentalt trøytt. Det passar dårleg, alt mot slutten av veka skal eg vera klar til å legga strategi for korleis Nordahl Grieg vgs skal presentera seg hjå OECD og Unesco i Paris og på BETT i London. Eg burde brukt jula på å pløya to tjukke OECD-rapportar, det har eg ikkje gjort. Eg har strikka i staden. 

Eg har ein dårleg eigenskap (joda, eg har fleire, men no er den denne vi snakkar om). Eg ser lett vrangsida. Eg høyrer kritikken før den kjem, før nokon har tenkt han. Eit skeivt ord om det eg driv med, og eg høyrer ein heil tale. Ingen god eigenskap når eg har valt meg ein jobb der det er meininga å utfordre, tenke nytt og sjå samanhengar. Og no lurer eg på om eg gjer noko viktig i det heile tatt. Er det nøye om vi reiser til Paris med elevar og lærer om innovative læringsmiljø? Er det viktig å knyte kontaktar med skular i andre land? Og kva med Framtidskonferansen? Er det berre mykje arbeid som ikkje gir elevane det ekstra det skal? Og kvifor skal vi i det heile tatt styre sånn på? Kan vi ikkje berre administrere ein vidaregåande skule og nøye oss med det? Betyr det noko, sånn i den store samanhengen? 

Saka er vel at det kan eg ikkje heilt vite. Det er ikkje målbart, alt dette. Det må eg leva med. Eg må ta det vi får av kortsiktig effekt med meg, det er einskilde gledesutbrot frå elevar, takkebrev for Framtidskonferansen frå ei einskild mor, elevar som syner samarbeidsevner og refleksjon i praksis, lidenskaplege lærarar. Og så må eg halda fast på det forskning og flinke folk seier om det langsiktige. At det verkeleg er viktig med samarbeid og kreativitet i framtida. Og det eg trur så inderleg på sjølv, vi MÅ gi elevane forståing av at dei er viktige og at dei faktisk, heilt reelt, må redda verda. 

Lidenskapen eg kjenner for det eg gjer, trumfar som oftast denne andre stemma. Dessutan er eg ikkje aleine. Eg har utruleg gode kollegaer eg alltid kan stola på. Om eg skulle trenga det, dreg dei meg opp att.

Eg skal nok bli kvitt både stemmer og virus. Eg kjem meg opp at til 2014. Eg lovar. 

Tre år med forskarar på besøk

Det har vel aldri vore meir passande å oppsummera. Siste dag før ferien for meg, etter tre fullførte skuleår ved Nordahl Grieg vgs. Det er mange sider ved denne fantastiske prossessen som er verdt å blogga om. Eg tenkte eg skulle starta med ei lita oppsummering av samarbeidet vårt med universitet og høgskular, sidan det har vore eit av mine arbeidsområde desse åra. I utviklingsplanen vår står det:

Vi skal være ledende innenfor teknologi og forskningsbasert undervisning. Gjennom våre samarbeidsavtaler med UiB, VilVite-senteret og NHO,
skal våre elever få oppleve tett kontakt med forskningsmiljøer og miljøer der forskning blir anvendt. Elevene skal få prøve ut forskningsmetodikk
i arbeidet sitt, og bli presentert for spennende, aktuelle problemstillinger. Vi vil ha et særlig fokus på realfag og teknologi, men også andre
forskningsområder skal trekkes inn i skolen.

Kva har vi så gjort, heilt konkret? La meg starta med det største samarbeidet, det som heilt klart har kome elevane våre mest til gode; samarbeidet med Universitet i Bergen. Og då særskilt samarbeidet med Matematisk-Naturvitskapleg fakultet og VilVite-senteret. Gjennom innsatsen til doktor i fysikk, Arve Aksnes, som har hatt ei delt stilling mellom NGV, UiB og VilVite i desse åra, og stor velvilje frå både fakultets- og senterleiing, har elevane våre fått besøk av ca 100 realfagsforskarar og studentar på tre år. Nokre har hatt førelesing om forskinga si, eit glitrande døme er Trygve Buanes som prata om funna i Cern med elevane berre 6 dagar etter at dei var offentleggjort. Andre har hatt stands og workshops på fagmesser og på Framtidskonferansen. VilVite har opna dørene for oss for forsøk i fleire ulike realfag. Elevar har besøkt spennande fagmiljø v UiB. Glede og inspirasjon kan ikkje målast. Men vi har hatt stabile tal på over 60% av elevane som vel realfagsfordjuping på Vg2 og Vg3. No blir det spennande å sjå kor mange av desse som går vidare med realfagsstudium.

Men vi har også hatt mange besøk av forskarar frå andre fakultet ved UiB, særleg under Framtidskonferansen. Frank Aarebrot, Jan Fritjof Bernt, Jill Walker Rettberg, Lars Nyre, Tom Adamsen, Kristian A Bjørkelo og Cathrine Bjorvatn har alle levert glimrande bidrag om alt frå digital kultur til genforskning.

Det siste året har Helse- og oppvekstfag fått i stand eit samarbeid med Haukeland universitetssjukehus der elevane som utdannar seg til helsefagarbeidar har fått følge mellom anna portørar og helsefagarbeidarar i deira arbeid på sjukehuset, og også fått førelesingar der ved legar og sjukepleiarar. Heilt uvurderleg!

Vi har heldigvis kunna gi litt tilbake til UiB. Vi er sjølvsagt partnarskule for lærarutdanninga. Og vil deltar også i eit særskilt realfagsparternskap innanfor dette. I tillegg tek vi i mot forskarar og masterstudentar som vil forska på oss, så langt vi kan klara. Vi deltek i Next-Tell, eit stort felleseuropeisk prosjekt om utvikling av teknologi for vurdering. Elevar og lærarar har jobba saman med Rolf Reber om example-wikiprosjektet hans. Elevar, lærarar og leiarar har stilt villig opp for intervju for masterstudentar i organisasjonsleiing, informasjonsteknologi og nordisk. Rekrutteringsprossessen vår med gruppeintervju blir også forska på ved UiB.

Andre forskingsmiljø vi har hatt kontakt med, anten det gjeld forsking på oss eller besøk av forskarar, har vore Høgskulen i Bergen, Høgskulen Stord/Haugesund og Universitetet i Oslo. Vi ser konturane av spennande samarbeid om IKT og læring, og om omsorgsteknologi. Men dette blir prosjekt i ein etablert skule som vi altså er frå hausten av. Eg trur ikkje det tyder at vi kjem til å stivne i forma. Og då er vi ved noko av kjerna med alt dette samarbeidet: Ved å utsetta oss for impulsar, for den nyaste forskninga, for dei beste hovuda, blir både lærarar og elevar utfordra og engasjerte. Vi må tenke nytt, vi må stille spørsmål, vi må alltid lære. Kan vi være nærare kjerneverksemda i ein skule enn det?

Connected Learners – løp og kjøp!

Ein aldri så liten premiere på bloggen i dag; første bokmelding nokonsinne! Grunnen til dette er eit heilt spesielt bokprosjekt: Connected Learners. A Step-by-Step Guide to Creating a Connected Classroom. Bak prosjektet står Ann Michaelsen, pedagogisk leiar og engelsklærar på Sandvika vgs. Men ho er ikkje aleine. Med seg har ho heile engelskklassen sin: 27 elevar er medforfattarar, og då snakkar vi reelle medforfattarar, med ansvar for heile kapittel og tekstar. Boka er skriven som ein del av engelskopplæringa i klassen. For ein strålande ide! Klassen har delt ei notatblokk i One Note, kvart kapittel har hatt ansvarlege redaktørar, dei har fordelt arbeidet og drive reell samskriving.

Heilt kort er dette ei innføringsbok i å ta i bruk sosiale medier og internett for læring i klassen. Det handlar om å lære saman, både i klasserommet og utover klasserommet sine grenser – å bli «connected» – for læring. Boka har mange målsetjingar, både interne og eksterne. For klassen har det vore ei oppdagingsreise i samarbeid, nye læringsmåtar og internett som læringsarena. Eg må seia at refleksjonane elevane gjer seg om kva dei tenkjer om læring etter bokprosjektet og kva dei tenkte før, er svært interessant lesnad. Ann sine tankar om det same fyller ut. Mange seier at elevar ikkje vil vera uten bøker, elevar ikkje vil lesa på skjerm, elevar ikkje vil ditt og datt. Og det er ofte riktig. Men kva veit dei om alternative former for læring? Kan ein venta noko anna frå elevar som er forma i eit tradisjonelt paradigme? Ann seier det viktige: Ein må snakka mykje og ofte om læring. Ein må visa kva som er mogleg, og la dei prøva. Mykje og lenge. Dette er ikkje gjort i ei handvending. «Grit» må til! Og altså: Då skjer det endring hjå elevane. Her er beviset.

Men bokprosjektet er sjølvsagt interessant for lesarane også. Eg trur det vil væra litt ulikt kva delar av boka ein finn mest interessant, alt etter kor langt ein er komen i å tenkja sosiale medier og ope nett i klasserommet. Eg er svak for elevane sine konkrete tilrådingar av programvare og nettsider. Her var det mykje å henta for meg, som reknar meg sjølv som ganske oppdatert! I det heile er det at boka er så konkret, den store styrken til prosjektet. Ann deler villig heilt konkrete opplegg for undervisning. Ein får rett og slett det tittelen lovar, «a Step-by-Step Guide». Ein kan starta omtrent på null og berre følga oppskrifta.

Eg håpar boka vil bli lesen, og gi inspirasjon til lærarar, lærarutdannarar og lærarstudentar. Eg håpar vi får sjå mange bokprosjekt framover – tenk å få laga eit skikkeleg produkt på denne måten! Ære være Ann som lever det ho lærer.

Den skuledebatten eg ynskjer meg

Denne veka skreiv Sjur Holsen ein kommentar i BT, der han kalla norsk skuledebatt provinsiell. Bakgrunnen var Khan Academy og dei utfordringane denne type nettskular gir. Sjur Holsen har heilt rett. Det er snart val, og vi skal diskutere karakterar frå 5. klasse og skulemat. Alle meiner noko om skule, også journalistar. Dei har jo gått der.

Eg meiner skulesystemet har rotna på rot. Det er ikkje eit norsk fenomen, det gjeld i alle land som har adoptert industrisamfunnet sin skulemodell frå 1800-talet og framover. Ein samlebandmodell for effektiv drift var løysinga for å kunna utdanna massane den gongen. Modellen har vi framleis: Alle på same alder på eit trinn, 30 elevar – 1 lærar, alle lærer det same samstundes, går like fort framover og tek eksamen samstundes. Og når modellen ikkje fungerer, lappar vi på han, med støtteundervisning, etc. Men vi er framleis inne i modellen – sjølv om vi freistar å stange mot rammene. Om nokon skulle tru at eg har tenkt alle desse kloke tankane heilt sjølv, så kan dei lesa Clayton Christensen si bok Disrupting Class, eller sjå Ken Robinson sitt fantastiske føredrag…. eller sjå Sugata Mitra sitt siste føredrag på TED.

Systemet har vore rote lenge. Men teknologiutviklinga tvingar oss til å sjå det. Og det går fort. Så er det ikkje berre berre å finne heilt andre måtar å drive skule på, sånn i ei handvending. Men mange prøver mykje interessant. Den amerikanske RISC-rørsla er eit døme. Ingen karakterar, ein går vidare når ein meistrar det ein driv med. OECD snakkar om «innovative learning enviroments», det er mykje kunnskap å hente der. 

Eg skulle ynskje Kunnskapsdepartementet ville ta dette alvorleg, og starte ein stor dialog om korleis skulen skal vera i framtida. Ein av mine kjepphestar er at då må vi snakka om læringssyn – og menneskesyn. For industrimodellen har gitt oss ein god del grums i bagasjen. Det er vanskeleg å få folk – både i og utanfor skulen, til å slutta å snakka om «sterke» og «svake» elevar. Eller «dei som VIL læra» og dei som ikkje vil. Sjølv om vi veit at systemet passar for visse typar, og ikkje for andre. Som misser sjølvrespekten og dett ut. På guteromma sit det ein stor gjeng av dei «som ikkje VIL», og samarbeider tett med andre, oppviser stor kreativitet og løyser ekstreme utfordringar – i dataspel. Er det nokon vi treng, så er det folk med slike ferdigheiter. Til dømes.

Så kjære Sjur Holsen, kjære Kristin Halvorsen, kan ikkje vi alle ta den verkeleg store debatten, både i aviser og politikardebattar? Kva treng vi å kunna i framtida? Og kva skule treng vi?

 

 

Ny gammal munnleg eksamensordning

På torsdag hadde eg det privilegiet å få diskutera kunnskapsleiing for framtida med Paul Chaffey, saman med andre i leiargruppa vår. Noko av det viktigaste vi snakka om, var at det bør bli mykje meir dialog mellom skuleleiarar og andre delar av samfunnet, både offentleg og privat sektor. Kva skal vi utdanne til? Kva er framtidas kompetanse?

Etter møtet fekk eg høringsforslaget frå Utdanningsdirektoratet vedrørande endringar i eksamensforma til munnleg eksamen rett i fjeset på Facebook. Nokre dagar vert kontrastane større enn andre. No går diskusjonen på Twitter og sikkert andre stader, om detaljane i høyringsforslaget. Kort sagt, for dei uinvidde: Anten fjernar ein førebuingsdelen heilt, gir kandidaten to dagar på å lesa, og så er det eksamen. Ellers gir ein 24 timar førebuing, men fjernar ein førebudd presentasjon, og nektar kandidaten notat. Det gjeld forøvrig sjølvsagt det første forslaget også.
Eg er deprimert over den manglande evnen og viljen til å heva blikket ein smule. Ikkje i direktoratet, dette er vel det nivået dei skal ligga på, men i departementet, som har bedt om høyringsforslaget. Ein ser problem med noverande munnlege eksamensordning. Då går vi attende til det andre vi kjenner til, det vi hadde før. Kva med å seia: Har vi eksamensformer som måler den kompetansen vi meiner er viktig for framtida? Bør vi sjå litt på heilskapen her?
Harvard-professor Tony Wagner har blitt kjend for sine «Seven skills» vi treng i framtida:
1. Problem-solving and critical thinking;
2. Collaboration across networks and leading by influence;
3. Agility and adaptability;
4. Initiative and entrepreneurship;
5. Effective written and oral communication;
6. Accessing and analyzing information;
7. Curiosity and imagination
Her er det mykje å diskutera. Mykje av dette er alt inne i læreplanane våre. Heldigvis. Men eksamen heng milevis etter. Kunne dette vera eit utgangspunkt for å tenkja nytt? Eller er det ingen interesse for det? Eksamensordningane har mykje å seia for det som skjer i skulekvardagen. Dette høyringsforslaget fører ikkje skulen framover.
(Dersom nokon er interessert i kva konkrete endringar eg ser for meg, kan dei lesa dette innlegget)

Kvar har du blikket?

Den siste veka har eg på svært ulike måtar blitt minna om kor viktig det er kvar du har blikket. Det åpna med eit føredrag med Riel Miller på konferansen Disruptive educaton: «The New Context of Learning». Riel Miller er framtidsforskar. Eg trur ikkje eg klarar å gjengi innhaldet, men ein av tankane eg fekk av det, var nettopp det ganske banale: Korleis du ser føre deg framtida, har konsekvensar for korleis du handlar i dag. Eg trur at det å verta medviten om kva framtidsbilete ein har, både i eige liv og i større samanhengar, kan føre til at ein tar meir medvitne val. For ein organisasjon, for eksempel ein skule, blir det viktig å snakka saman om dette. Korleis ser vi for oss vår skule om 5 år? Om ti? Og også meir generelt: Kva er framtida for skulen? Svara vi gir, påverkar korleis vi agerer i dag, og om vi klarer å jobba saman for å nå måla våre. Dette tyder sjølvsagt ikkje at det ikkje er viktig å sjå bakover, kjenne historia, men det føler eg at vi er meir medvitne på og snakkar meir om.

En litt annan akse enn bakover – framover, er innover – utover. Den synes eg er særleg relevant for skulen. Ser vi utover på samfunnet rundt oss – eller innover på eigen organisasjon for å finne ut korleis vi skal handle? Begge deler er sjølvsagt legitimt, men det fører gjerne til ulike retningar. Eg trur distriksskular ofte er meir utoverretta, dei ser f. eks. ei oppgåve i å skaffe arbeidskraft i lokalsamfunnet. Eg kan bruka Knarvik vgs, der eg jobba før, som eit godt døme. Skulen har i svært mange år samarbeida tett med næringslivet i Nordhordland for å utvikle utdanning som er i tråd med behova i lokalsamfunnet. TAF- ordninga er kanskje det mest kjende resultatet av samarbeidet. Men eg trur ikkje skulen berre kan tenkja lokalt og på arbeidskraft ved å retta blikket utover. Ein kan også sjå meir generelt på samfunns- og arbeidslivet, og spørja: Kva eigenskapar er det viktig å dyrka hos elevane, slik at dei vert budde på å bli ein deltakar i samfunnet? Kva kompetanse treng dei? Kan skulen i dag vera det same som for femti år sidan? Er samfunnet det same?

I går skreiv Henning Lund eit blogginnlegg i høve ein debatt om IKT-satsingen i norsk skule som Norsk Lektorlag arrangerte på Litteraturhuset i går kveld. Med spørsmåla sine, ser Henning nettopp utover og framover:

Lektorene møter en ny virkelighet i årene som kommer. Vi kan møte den virkeligheten forlengs eller baklengs, men uansett er det ikke tvil om at vi får mange flere utfordringer og muligheter en vi har hatt – både faglige og på andre måter. Jeg har et fromt ønske om at NLL (og de andre fagforbundene) snart begynner å diskutere hvordan skolen skal tilpasse seg virkeligheten. Hva er lektorens jobb og rolle om 5 – 10 – 20 år? Hvordan skal lektorene dyktiggjøres mtp å møte utfordringene som online-verdenen skaper i undervisningssituasjonen? Hvordan skal lektorene dyktiggjøres mtp å klare å utnytte det enorme mangfoldet vi har fått av verktøy og tjenester som kan brukes i skolen? Her er det en jobb å gjøre, og i mitt hode tror jeg det er når disse diskusjonene kommer opp at NLL har noen mulighet til å påvirke utviklingen.

Og då tenkjer eg: Det er viktig å klargjera slike grunnleggande spørsmål som kva ein tenkjer om framtida. Er det slik at dei som måtte ha andre tankar enn meg om skuleutvikling, eller IKT i skulen for den del, har andre framtidsbilete? Det kunne ha vore ein spennande diskusjon.

Desse yrkesfagelevane!

Dette innlegget skal handle om dei 16-åringane som vel eit yrkesfagleg utdanningsprogram etter ungdomsskulen. Ei gruppe som får finne seg i å bli stigmatiserte med ein gong dei har tatt dette valet, frå velmeinande akademikarar, politikarar og verst av alt: lærarar. «Yrkesfagelevar» er identisk med dårlege karakterar, fråfall, liten interesse for «teori» (gudane veit kva det tyder), og gjerne dårleg oppførsel. Undersøkingar viser at fråfallet frå vidaregåande skule er størst på yrkesfagelege program. Og dermed veit alle som ikkje veit nokon ting, at problemet er all «teorien». Vel. Ei meir nedlatande og skadeleg haldning skal ein leita lenge etter.

Kva er min bakgrunn for å meina høgt og iltert om dette? 15 år med undervisning i norsk og engelsk på omtrent alle yrkesfaglege programområde. Det er ofte litt annleis å undervisa i klassar på yrkesfag enn på studiespesialiserande. Den viktigaste skilnaden er at som oftast er klassane mindre, frå 12 til 15 elevar. Og dessverre ofte meir kjønnssegregerte. Det er eit herleg syn å sjå gutane frå elektro og bygg koma saman med jentene frå helse og sosial og formgjeving på påbyggsåret. Sjå kor dei kroar seg og kosar seg. Vi har no ein gong for det meste god effekt på kvarandre, vi jenter og gutar. Men sånn elles, er yrkesfagelevane like ulike som dei på studiespesialiserande. Sjølvsagt. Massevis av elevar som er grusomt gode i engelsk. Der også. Massevis av elevar som kjedar seg i norsktimane. Der også. Elevar med høge ambisjonar, med psykiske vanskar, med sinne i seg, med avansert humor. Der også. Sjølvsagt.

Så var det denne teorien då. Mindre teori, meir yrkesretting, er slagordet. Og det ypperste eksemplet på kor gale det står til, er norsklærarar som driv med diktanalyse med yrkesfagelevar. Eg vil gjerne spørje: Skal yrkesfagelevane ut i eit anna samfunn enn dei andre elevane? Eit som er mindre komplekst, med mindre informasjonsoverflod og mindre teknologi? Det finnest omtrent ikkje manuelt arbeid lenger. Kompliserte teknologiske prosessar dominerer dei fleste yrke. Men det er kanskje ikkje denne teorien ein snakkar om. Lat oss gå tilbake til det aller mest idiotiske: diktanalyse på yrkesfag.Som eg forøvrig driv med i desse dagar. Kva skal dei med det? Eg spør igjen: Skal yrkesfagelevane ut i eit anna samfunn enn dei andre elevane? Eit som er mindre komplekst, med mindre informasjonsoverflod og mindre teknologi? I tillegg spør eg: Forstår desse velmeinande politikarane og akademikarane kvifor ein driv med diktanalyse med elevar? Trur ein det er for at dei skal kunna konversera lett om Wergeland etter ein betre middag med gode vener? At diktanalyse er ein slags sport som gir cred i borgarskapet?

Poesi er språkbruk i ei veldig rein, destillert form. Det er ein sjanger som er svært eigna til å studera det vi heile tida jobbar med i norskfaget – korleis språket blir meiningsskapande, manipulerande, provoserande, irriterande. Verkemiddel ein lett finn i dikt, kan ein så gjenkjenna brukt i andre tekstar, i den enorme flaumen av meiningar og informasjon ein må kunne takla i vår tid, for ikkje å bli overkøyrt fullstendig. Kjenner ein språket, kan ein bruka det, er ein ein god lesar, ein god skribent, er ein friare som menneske. Eg ynskjer dette for yrkesfagelevane mine også.

Fråfall er eit komplekst problem, som ikkje berre handlar om skulen isolert. Ein kan ikkje løysa det med å ta vekk fellesfaga. Dei er viktigare enn nokon sinne. Det skulen kan bidra med, er å sjå på på korleis det blir undervist i fellesfaga, og ein må tora å spørja fellesfagslærarar kva haldningar dei har til å undervisa på yrkesfag. Eg har høyrt mykje rart i mi tid. Lærarar som finn det mindre stimulerande å undervisa yrkesfagelevar enn andre elevar, er det mange av. Dessverre. Eg synes ein verkeleg må spørja seg sjølv kva det er ein er ute etter i jobben. Stadfesting av sin eigen faglege suverenitet gjennom elevar som speglar ein sjølv? Som set pris på lange doseringar og kan gjenta? Blir ein irritert av elevar som er meir umiddelbare, som tydeleg viser at dei kjedar seg? Som krev noko anna for å bli engasjert? Då vil eg påstå at ein er meir interessert i seg sjølv og faget enn i elevar. Og då bør ein ikkje jobba i skulen.

Happiness http://www.flickr.com/photos/44124404848@N01/134955988

Digital eksamen! No!

Sist veke hadde eg den store gleda av å besøka BI2020, ein dagskonferanse på BI i Oslo, saman med to elevar som gav nokre smakebitar på korleis dei jobbar digitalt. Det var ein stor suksess, som dei som er interesserte, kan lesa om i blogginnlegg frå Tor Haugnes og June Breivik. Kort sagt var omkvedet etter presentasjonen at høgskule- og universiteta ikkje er heilt klare til å møta elevane sine forventningar til digitale arbeidsmåtar.

Eg trur dei har litt tid på seg. Det er nok sant, som elevane sa, vi kan tilpassa oss. Det som hastar, slik eg ser det, er å digitalisera eksamen. Eg vil seia det så sterkt som at dei høgskulane og universiteta som kan tilby bruk av elektronisk tekstbehandling til eksamen, vil ha eit enormt konkurransefortrinn som dei bør vita å bruka. Å skriva eksamen for hand krev ein heilt annan måte å tenkja på enn det ein er vane med i 2012. Redigeringsfunksjonane i tekstbehandling gir heilt andre måtar å bygga opp tekst på. Eg trur ikkje studentar som skriv for hand på eksamen får vist sitt beste. Og det vil vi vel at dei skal?

Dette er trinn 1. Så langt er det vi er komne i vgs. Neste trinn er å ta innover seg at internett eksisterer. Her har vi alle ein veg å gå. I vår initierte Utdanningsdirektoratet forsøk med bruk av internett på eksamen. Vår skule deltok, og dette var vel og bra. Men forsøket gjekk etter mitt vit altfor beskjedent til verks. Ikkje berre var det få fag som deltok, men kommunikasjon var framleis ikkje tillete. Ein opna altså nettet, og så måtte elevane bli påpassa av vakter slik at dei ikkje fuska. Ein treng ganske mange vakter, for å seia det slik. Eg ser ikkje heilt for meg at denne forma har framtida for seg, ho blir altfor ressurskrevjande for skulane.

Og då har vi kome dit, at vgs kan læra av universitet og høgskule, som i mange år har hatt heimeeksamen med påfølgande munnleg eksamen. Eg meiner at dette er vegen å gå for å kunna bruka digitale verktøy på gode måtar til eksamen. Først oppgåver som kan løysast med alle hjelpemiddel tilgjengelege og gjerne i samarbeid med andre, med høge krav til kjeldebruk. Deretter munnleg eksaminering med utgangspunkt i oppgåva. Ein treng ikkje tenkja seg 14 dagars heimeeksamen, ein kan både tenkja oppgåver av mindre omfag, og mappearbeid gjennom året.

Slik det er i dag, hindrar eksamensforma verkelege, grunnleggjande endringar i vgs, som tek den digitale revolusjonen på alvor.

Kva skal vi gjera med kunnskapsaktivistane?

«Kunnskapsaktivister», kallar Monitor 2011 dei. Du kjenner dei sikkert. Faktisk er det store sjansar for at du er ein av dei, sidan du har rota deg inn på denne bloggen. Kunnskapsaktivisten er eit oppkomme av nye idear som han ikkje er redd for å prøva ut i klasserommet. IKT i klasserommet opnar for endå fleire moglegheiter enn han såg før. Han har tankar om korleis skulen og klasserommet burde vera som han prøver å få med seg leiinga på. Han reiser gjerne på konferansar der han treff likesinna. For heime på skulen, der er han sørgeleg aleine.

Kunnskapsaktivisten er ein ressurs for leiinga på skulen, men også ei hovudpine. Dei vil gjerne støtta og oppmuntra, men mange av ideeane til kunnskapsaktivisten vil involvera andre lærarar og det er ikkje alltid dei har så lyst på endring. Så dei gjer det som er lettast: Dei oppmuntrar og støttar ved å lata han få reisa på dei konferansane han vil, og prøva ut det han ynskjer i sitt eige klasserom, så lenge det ikkje er altfor dyrt og revolusjonært. Av og til legg han fram på skulen kva han driv med. Han får mange klapp på skuldra, så skjer det ikkje så mykje meir.

Er dette eit problem? Ja og nei. Eg kjenner mange av desse eldsjelene, og gudene skal vita at dei inspirerer og skapar kreativitet rundt seg – særleg ved hjelp av blogging og twitter. Mange har fått fart på seg etter å ha høyrt ein kunnskapsaktivist på ein konferanse. Dei er ein uvurderleg ressurs for skule-Noreg. Men nokre av dei slit seg heilt ut. Og det er knallhardt å stå på i eit lett uinteressert kollegium, sjølv om leiinga ikkje motarbeider. Og skulen nyttar ikkje kunnskapsaktivisten sin kompetanse på nokon god måte, dei får lite att. Han kan faktisk bli ei sovepute for leiinga.

Så kva skal vi gjera? Korleis blir slike eldsjeler tatt godt vare på slik at deira kunnskap og kompetanse kjem heile skulen til gode? Korleis sørger leiinga for ei brei kompetanseheving og utvikling der alle er med? Køyr debatt!