Kva skal vi gjera med kunnskapsaktivistane?

«Kunnskapsaktivister», kallar Monitor 2011 dei. Du kjenner dei sikkert. Faktisk er det store sjansar for at du er ein av dei, sidan du har rota deg inn på denne bloggen. Kunnskapsaktivisten er eit oppkomme av nye idear som han ikkje er redd for å prøva ut i klasserommet. IKT i klasserommet opnar for endå fleire moglegheiter enn han såg før. Han har tankar om korleis skulen og klasserommet burde vera som han prøver å få med seg leiinga på. Han reiser gjerne på konferansar der han treff likesinna. For heime på skulen, der er han sørgeleg aleine.

Kunnskapsaktivisten er ein ressurs for leiinga på skulen, men også ei hovudpine. Dei vil gjerne støtta og oppmuntra, men mange av ideeane til kunnskapsaktivisten vil involvera andre lærarar og det er ikkje alltid dei har så lyst på endring. Så dei gjer det som er lettast: Dei oppmuntrar og støttar ved å lata han få reisa på dei konferansane han vil, og prøva ut det han ynskjer i sitt eige klasserom, så lenge det ikkje er altfor dyrt og revolusjonært. Av og til legg han fram på skulen kva han driv med. Han får mange klapp på skuldra, så skjer det ikkje så mykje meir.

Er dette eit problem? Ja og nei. Eg kjenner mange av desse eldsjelene, og gudene skal vita at dei inspirerer og skapar kreativitet rundt seg – særleg ved hjelp av blogging og twitter. Mange har fått fart på seg etter å ha høyrt ein kunnskapsaktivist på ein konferanse. Dei er ein uvurderleg ressurs for skule-Noreg. Men nokre av dei slit seg heilt ut. Og det er knallhardt å stå på i eit lett uinteressert kollegium, sjølv om leiinga ikkje motarbeider. Og skulen nyttar ikkje kunnskapsaktivisten sin kompetanse på nokon god måte, dei får lite att. Han kan faktisk bli ei sovepute for leiinga.

Så kva skal vi gjera? Korleis blir slike eldsjeler tatt godt vare på slik at deira kunnskap og kompetanse kjem heile skulen til gode? Korleis sørger leiinga for ei brei kompetanseheving og utvikling der alle er med? Køyr debatt!

Advertisements

Dette er spennande tider!

2154667931_feda985dddEg lever stadig i risikosona for å bli avskriven som ein blåøygd optimist, men eg likar meg der! Eg er ikkje oppglødd av natur – det er ei medviten haldning, ei motvekt til andre posisjonar det er lett å innta. Men det er klart, nokre dagar kjem det meir av seg sjølv. Den siste veka har vore grei i så måte. Ingunn Kjøl Wiig kom opp med ideen om å starta eit ning-nettverk for lærarar i heile landet med felles interesse for IKT og skule, og så berre gjorde ho det! Slike folk likar vi! Korkje Ingunn eller andre hadde vel heilt tenkt seg at det skulle vekke slik interesse, i skrivande stund har vi 163 medlemmer, det vert stadig oppretta nye grupper, og wikien som høyrer til, har begynt å ta form. Eg syns det er spesielt artig at lærarar frå barnehage til unversitet finn saman her, i lag med skulebibliotekarar og lærarstudentar. Eg har også sakna yrkesfaglærarane i bloggosfæren, no ser eg nokre av dei i nettverket, og eg håpar dei får med seg fleire. For eit potensiale!

Det eg likar aller best med dette nettverket er at eg håpar terskelen for å delta vil kjennast ganske låg for mange, slik at dei som er interesserte i å prøva ut nye måtar å bruka IKT på i skulen, eller som gjerne vil lære litt om sosial web, kan melda seg inn, og få tips og råd frå andre, kanskje etterkvart etablera mindre nettverk saman med andre. I høve til det å oppretta ein eigen blogg, og å kommentera på bloggar, er dette kanskje enklare?

Så dermed er oppmodinga i dag ganske opplagt: Meld deg inn i Del og bruk 09, bli med på å forma framtida i norsk skule! (Intet mindre!)

Bilete: «Welcome 2008!!! / Bienvenido 2008!!!»
Welcome 2008!!! / Bienvenido 2008!!!

Min fagleg-pedagogiske dag 2.0

I dag er det fagleg-pedagogisk dag på Universitetet i Bergen. Dagen er ein tradisjon, alltid første fredag i februar, og lærarar frå heile Vestlandet strøymer til for å gå på førelesingar og treffa gamle kjente. Eg likar denne dagen veldig godt. Det passar meg ypperleg å sitja på førelesing og høyra på interessante føredrag, og det er alltid gøy å treffa gamle studiekameratar. Men i dag vart eg heime. Eg hadde gledd meg til to dobbelførelesingar v. Håkan Rydving om samisk religion, kultur og språk, emne eg kan altfor lite om. Dessutan har eg høyrt så mykje fint om Rydving. Diverre vart førelesingane avlyst. Eg blei skikkeleg lei meg når eg fann det ut i går, og sjølv om eg la ein plan med andre førelesingar, kjente eg at motivasjonen var vekke. I dag tidleg slo det meg: Kva om eg brukar dagen på artiklar og føredrag på nettet? Eg har så mykje eg skulle ha høyrt og lese, og eg har ikkje tid til å fordjupa meg i dette på ein vanleg dag på jobb. Eg kontakta avdelingsleiar og fekk klarsignal.

Eg starta dagen med å lesa «A vision of Students Today (& What Teachers Must Do)» av Michael Wesch. Eg tagga artikkelen på Diigo, slik at eg kunne understreka og ta notat undervegs, og få tilgang til andre sine understrekingar og notat. Slik kan eg også dele artikkelen med dei som er i nettverk med meg på Diigo. Eg har også merka artikkelen i Delicious, og slik delt han med nettverket mitt der. Du finn også bokmerka mine på den offentlege netvibes-sida mi.

Denne artikkelen føl opp videoen «A Vision of Students Today», som har vore ein stor hit på YouTube, og skapt mykje diskusjon. Det kan vera hardt, nesten vondt, å ta innover seg både videoen og artikkelen, fordi Wesch stiller heilt grunnleggjande spørsmål om kva læringssyn utdanningsinstitusjonane våre har – der vi tviheld på eit rom som signaliserer at «information is scarce and hard to find», og der det er ei stemme som gjeld – og som sit med kunnskapen. Han tek også opp at gjennom år har vi umedvite lært elevane og studentane våre «The getting by game», der det er om å gjera å gjera/lesa minst mogleg med best mogleg resultat – dette sitatet seier det meste: «Our students are so alienated by education that they are trying to sneak right past it». Fusk er jo den ultimate øvinga i dette spelet. Korleis kan vi leva med at det å læra ikkje er det viktigaste for elevane våre i utdanninga deira? Slik har det jo vore lenge, men det vert så tydeleg no, når PC’ane er her, informasjonen er meir enn tilgjengeleg, den er overveldane, og elevane er alle andre stader mentalt enn i rommet, saman med deg. Wesch meiner det fins løysingar på problema: «Fortunately, the solution is simple. We don’t have to tear the walls down. We just have to stop pretending that the walls separate us from the world, and begin working with students in the pursuit of answers to real and relevant questions.» Han ynskjer nedbygging av faggrenser og meir arbeid med spørsmål som elevane finn relevante i liva sine, og han meiner vi kan ta i bruk teknologien for å få dette til. Dei som ynskjer å vita meir om dette, kan sjå videoen «A Portal to Media Literacy» som viser korleis han gjer dette.

Eg vart på Britannica Blog ei stund til. Howard Rheingholds artikkel «R.I.P.: Lectures, Notes, and Tests (Scrapping the Old Ways)» var ein glimrande oppfølgjar til Wesch. Han fortel om korleis han har undervist sin klasse (Berkeley), ved bruk av bloggar, forum, wikis. Det er flott å lesa ei så konkret skildring av korleis ein kan gjera det. Han lar grupper på tre studentar undervise dei andre, etter eit opplegg som verkar svært godt. Eg trur det er mogleg å overføra dette til mitt klasserom i litt mindre skala. Ein ting som han poengterer i artikkelen, er at ein av dei viktigaste tinga å utvikle hos studentane, er «mindfulness», eg trur vi kan omsetja med medvit, om bruken av laptops blant anna. Når ei gruppe underviser er det berre dei i gruppa som skal ha oppe PC’ane, ikkje dei andre.

Før eg forlot Britannica Blog, tagga eg ein del andre artiklar i delicious og diigo, for å kunna koma tilbake til dei. Så trengte eg ein pause, tok meg ein tur innom Twitter, men der var det ikkje mykje aktivitet nett då, så eg åt litt lunsj i ro og fred og tenkte at nett no er det kjekkare i kantina på Sydneshaugen, heilt klart.

Så gjekk eg til bloggen til Will Richardson, for endeleg å sjå intervjuet han gjorde med Rheingold for nokre veker sidan. Det er ein time langt, så tidlegare forsøk har vortne avbrotne. Trass i litt dårleg kvalitet på opptaket, var det vel verdt tida. I løpet av samtalen er dei innom mange sider ved sosial web nytta i utdanning, og eg trur eg vil avgrensa meg til å skriva litt om det som eg festa meg ved umiddelbart. I starten av samtalen snakkar dei om «tuning» av sosial web. Det inneber at vi gjer nett-tenestene og nettsamfunna personlege, at vi vel ut og stiller inn slik at vi har mest mogleg nytte av dei. Rheingold nyttar Twitter som døme – måten ein vel ut kven ein vil følgja på Twitter etter kven ein får noko igjen for å følgja, dei som postar om ting ein sjølv er interessert i. Dette syns eg er eit spennande tema, eg trur læring på nettet i høg grad handlar om dette: Vi vel ut og spesialiserer lesinga vår og bidraga våre, noko som er blitt mykje lettare med RSS-teknologien. Vi vil velgja sjølve når og kvar og kva vi skal lese og lære og kven vi vil lære det saman med. Viktige spørsmål i samband med dette er jo – er elevane også slik? Og kva med skulen då? Der er det ytre krefter som bestemmer når ein skal lese kva og kven ein skal lære med. Og eit anna viktig spørsmål – kva med det generelle og allmenne opp i dette? Det er mange ting elevar ikkje er spesielt interessert i, som dei absolutt treng å kunna noko om, fordi det er viktig for demokratiet og samfunnet. Cluet er vel at vi må gjera desse emna relevante for elevane.

Oppsummering av min eigen, «tuna» fagleg-pedagogiske dag: Det beste var Rheingold sin artikkel, fordi eg fekk denne konkrete skildringa av korleis han organiserte studentane sine. Wesch kjenner eg frå før, og veit at eg syns han er ein viktig mann å lytte til. Det fekk eg stadfesta i artikkelen. Rheingold og Richardson genererer ein del tankar hjå meg som eg nok kjem tilbake til. Det er fint å bruke tid på å blogge om dagen, fordi eg sjølv lærer mykje av å måtta formulera meg, og fordi eg syns eg har ei plikt til å dele det eg les og ser med andre. Eit poeng med denne bloggposten har også vore å demonstrera korleis læring på nettet kan føregå, det handlar om å finne stoffet, det skjer gjerne via andre sine lenker, det handlar om å lese og dele det vidare via delicious og diigo, og det handlar om å reflektere over det eg har lært på bloggen. Er eg heldig, går prosessen vidare med kommentarar og diskusjon.

Vil eg berre lære på denne måten framover? Niks, eg vil gjerne vera saman med andre og samtale, eg vil gjerne høyra ekspertar «live» på fagleg-pedagogisk dag. Men eg vedgår at med alle dei interessante menneska, diskusjonane og refleksjonane eg finn på nettet, vert dette ein viktigare og viktigare læringsarena for meg. Kanskje eg vert meir kritisk til kva eg vil høyra og lesa når tilbodet er så stort? Og då var vi tilbake til elevane…

Men lunsjen var litt stusseleg.

Delingskultur – javisst! (Hæh?)

«Delingskultur» er det nye honnørordet i Hordaland fylkeskommune. Det ser ut til at det også er det nye honnørordet på Knarvik vidaregåande skule, og det er då eg seier: Vent no litt! Har alle klart føre seg kva vi snakkar om her??? Snakkar vi om det same? Kva meiner eg når eg brukar omgrepet, og kva meiner rektor, og kva tenkjer alle lærarane som får dette slengt i andletet? Og kvar kom det ifrå? Det siste er lett å svara på: Det kom frå leiaropplæringa i IKT som vart gjennomført i HFK sist skuleår. Noko av det viktigaste i denne opplæringa var å forstå korleis nettet har endra seg dei siste åra, frå å vera eit medium som likna mykje på medium vi kjente frå før (avisa, boka, TV), der nokon publiserer noko som andre les, til å verta ein brukarstyrt arena, der alle kan vera med å endra tekstar og sider, alle kan legge ut det dei vil på ein veldig enkel måte, slik eg gjer no, f. eks. Wikipedia er eit godt døme, dersom du ser at ein leksikonartikkel er ufullstendig eller inneheld feil, kan du rett og slett endra han, ingen spør kva bakgrunn du har for å gjera det. Tenk etter kor uhørt det hadde vore for få år sidan: Du går på biblioteket og tek eit leksikon ut av hylla. Så ser du eit oppslag som er blitt forelda. Kva gjer du? Du tek ein penn, set eit stort kryss over artikkelen, og skriv det som er rett i margen!

Dette har mange og store konsekvensar, ikkje minst for korleis vi tenkjer om opphavsrettar. Film- og musikkindustrien har kjent dette på kroppen lenge. Kvifor betale for musikk, når andre på nettet gladelig deler med seg? Men også: Kven har skrive artiklane i wikipedia? Kven er opphavsmann, når 5 personar har vore inne og redigert ein artikkel? Og då begynner vi å nærma oss omgrepet «delingskultur». Dersom eg legg ut bileta mine på Flickr.com, kan eg velge å lata dei vera tilgjengelege for alle. Då kan ein person i USA, som treng eit illustrasjonsfoto av ein schnauzer til ein artikkel han skriv, søke på «schnauzer» på Flickr, finne eit av mine bilete, og bruke det heilt fritt. Biletet er ikkje mitt lenger! Eg opprettar ein wiki, der startar eg på ein artikkel om norske samtidslyrikarar. Eg har nokre gode poeng eg veit ingen har tenkt på før. Eg inviterer inn nokre venner som også interesserer seg for emnet. Men dei nøyer seg ikkje lenger med å koma med nokre kommentarar til meg i ein e-post, som eg kan takka dei for i eit føreord, nei, dei går direkte inn i min tekst, endrar mine formuleringar, og legg til opplysingar dei syns er viktige. Kven skreiv artikkelen?

Dette er delingskulturen i praksis. Som vi kan sjå, kan den koma til å endra idear vi har hatt med oss i alle fall frå romantikken, om at ein tekst har ein opphavsmann, og at når ein tekst er publisert, er den ukrenkeleg. Dette kjem nok til å ta tid, men på visse område er det alt røyndom.

Og så: Hordaland fylkeskommune og Knarvik vidaregåande. «Delingskultur» som honnørord. Det må bety eit mål om at lærarane deler filene sine med kvarandre, at ein legg ut undervisningsopplegg som andre kan gå inn og hente, og fritt endre på, at ein jobbar etter wikiprinsippa med å lage nye opplegg, at elevane skriv oppgåver saman i wiki. Trur eg. Dersom andre har andre idear om kva omgrepet inneber, må dei vera vennlege å skriva om det her, slik at vi kan nærma oss ei felles forståing av omgrepet.