Desse yrkesfagelevane!

Dette innlegget skal handle om dei 16-åringane som vel eit yrkesfagleg utdanningsprogram etter ungdomsskulen. Ei gruppe som får finne seg i å bli stigmatiserte med ein gong dei har tatt dette valet, frå velmeinande akademikarar, politikarar og verst av alt: lærarar. «Yrkesfagelevar» er identisk med dårlege karakterar, fråfall, liten interesse for «teori» (gudane veit kva det tyder), og gjerne dårleg oppførsel. Undersøkingar viser at fråfallet frå vidaregåande skule er størst på yrkesfagelege program. Og dermed veit alle som ikkje veit nokon ting, at problemet er all «teorien». Vel. Ei meir nedlatande og skadeleg haldning skal ein leita lenge etter.

Kva er min bakgrunn for å meina høgt og iltert om dette? 15 år med undervisning i norsk og engelsk på omtrent alle yrkesfaglege programområde. Det er ofte litt annleis å undervisa i klassar på yrkesfag enn på studiespesialiserande. Den viktigaste skilnaden er at som oftast er klassane mindre, frå 12 til 15 elevar. Og dessverre ofte meir kjønnssegregerte. Det er eit herleg syn å sjå gutane frå elektro og bygg koma saman med jentene frå helse og sosial og formgjeving på påbyggsåret. Sjå kor dei kroar seg og kosar seg. Vi har no ein gong for det meste god effekt på kvarandre, vi jenter og gutar. Men sånn elles, er yrkesfagelevane like ulike som dei på studiespesialiserande. Sjølvsagt. Massevis av elevar som er grusomt gode i engelsk. Der også. Massevis av elevar som kjedar seg i norsktimane. Der også. Elevar med høge ambisjonar, med psykiske vanskar, med sinne i seg, med avansert humor. Der også. Sjølvsagt.

Så var det denne teorien då. Mindre teori, meir yrkesretting, er slagordet. Og det ypperste eksemplet på kor gale det står til, er norsklærarar som driv med diktanalyse med yrkesfagelevar. Eg vil gjerne spørje: Skal yrkesfagelevane ut i eit anna samfunn enn dei andre elevane? Eit som er mindre komplekst, med mindre informasjonsoverflod og mindre teknologi? Det finnest omtrent ikkje manuelt arbeid lenger. Kompliserte teknologiske prosessar dominerer dei fleste yrke. Men det er kanskje ikkje denne teorien ein snakkar om. Lat oss gå tilbake til det aller mest idiotiske: diktanalyse på yrkesfag.Som eg forøvrig driv med i desse dagar. Kva skal dei med det? Eg spør igjen: Skal yrkesfagelevane ut i eit anna samfunn enn dei andre elevane? Eit som er mindre komplekst, med mindre informasjonsoverflod og mindre teknologi? I tillegg spør eg: Forstår desse velmeinande politikarane og akademikarane kvifor ein driv med diktanalyse med elevar? Trur ein det er for at dei skal kunna konversera lett om Wergeland etter ein betre middag med gode vener? At diktanalyse er ein slags sport som gir cred i borgarskapet?

Poesi er språkbruk i ei veldig rein, destillert form. Det er ein sjanger som er svært eigna til å studera det vi heile tida jobbar med i norskfaget – korleis språket blir meiningsskapande, manipulerande, provoserande, irriterande. Verkemiddel ein lett finn i dikt, kan ein så gjenkjenna brukt i andre tekstar, i den enorme flaumen av meiningar og informasjon ein må kunne takla i vår tid, for ikkje å bli overkøyrt fullstendig. Kjenner ein språket, kan ein bruka det, er ein ein god lesar, ein god skribent, er ein friare som menneske. Eg ynskjer dette for yrkesfagelevane mine også.

Fråfall er eit komplekst problem, som ikkje berre handlar om skulen isolert. Ein kan ikkje løysa det med å ta vekk fellesfaga. Dei er viktigare enn nokon sinne. Det skulen kan bidra med, er å sjå på på korleis det blir undervist i fellesfaga, og ein må tora å spørja fellesfagslærarar kva haldningar dei har til å undervisa på yrkesfag. Eg har høyrt mykje rart i mi tid. Lærarar som finn det mindre stimulerande å undervisa yrkesfagelevar enn andre elevar, er det mange av. Dessverre. Eg synes ein verkeleg må spørja seg sjølv kva det er ein er ute etter i jobben. Stadfesting av sin eigen faglege suverenitet gjennom elevar som speglar ein sjølv? Som set pris på lange doseringar og kan gjenta? Blir ein irritert av elevar som er meir umiddelbare, som tydeleg viser at dei kjedar seg? Som krev noko anna for å bli engasjert? Då vil eg påstå at ein er meir interessert i seg sjølv og faget enn i elevar. Og då bør ein ikkje jobba i skulen.

Happiness http://www.flickr.com/photos/44124404848@N01/134955988

Engelsk vg1 med ndla engelsk som læringsressurs

'Language Rules Week part 3'
Det har vore lite blogging det siste halve året, og eg tenkjer å ta det litt att no, med ein liten serie om halvåret som gjekk. I og med at eg no går over i ny jobb, og ikkje skal undervisa det neste halve året, har eg lyst til å dela med meg det eg har gjort av erfaringar denne hausten. Eg startar med engelskfaget på studiespesialiserande, vg1, som har vore den største utfordringa for meg, av ulike årsaker. Eg kjenner meg ikkje så fagleg sikker i engelsk som i norsk, og så var det dette med ndla engelsk som læringsressurs, då. Eg skal ikkje leggja skjul på at for meg har det vore om å gjera å lukkast med dette, sjølvsagt mest for at elevane skal få utbyte, men også for å bevisa at det er fullt mogleg å driva forsvarleg undervisning med denne ressursen.

I veka som gjekk, evaluerte elevane engelskundervisninga, og eg bad dei om å skriva spesielt om det at dei ikkje har hatt ei tradisjonell lærebok. Eg las gjennom og oppsummerte evalueringane, og tok dei med meg tilbake til klassen. Så diskuterte vi ut frå dette. Først litt om den første runden med evalueringar: Litt over ein fjerdedel av klassen hadde negative røynsler med å ikkje ha bok. Det er to hovudargument som går att hjå desse: Det er tyngre å lesa og konsentrera seg om nett-tekstar, og det er lett å gå inn på andre sider og bli distrahert på den måten. Så har vi ca like mange som er positive, men innrømmer at dei kunne tenkja seg ei bok pga vanen. Blant desse er også dei som ser problem med konsentrasjonen, men meiner det har gått fint, dei har klart å konsentrera seg likevel. Og til slutt har vi ei litt større gruppe som er utelukkande positive. Deira grunngjevingar er at det er greitt å ha alt på PC’en, det er fint å ha multimedia-innhaldet så nær tekstane, og det har vore kjekt å prøva noko nytt.

Eg har hatt ein fantastisk klasse med motiverte og arbeidsame elevar. Dei er også svært fornuftige, og ser godt at læringsressursen berre er ein del av det som gjer undervisninga god eller dårleg. For meg har det vore om å gjera at planar har vore svært oversiktlege og at dei alltid har visst kva dei jobbar mot. Eg har også jobba medvite med vurdering for læring. Eg er glad for at eg fekk mange positive tilbakemeldingar på dette (Til slutt i dette blogginnlegget kan du finna lenker til planane mine og nokre av vurderingsskjemaa eg har brukt). For meg var det viktig å lenke direkte til tekstar og andre ressursar i planane, så dei skulle kunne gå direkte inn på tekstane og sleppa å leita. Det har dei vore glade for, men det var spennande at i samtalen vi hadde, kom det fram forslag om at no etterkvart burde dei kanskje leite sjølve? Korleis skulle dei elles bli kjent med ressursen? Dette er jo sjølvsagt heilt rett, det er viktig kompetanse å finna fram på nettsider sjølve.

Ei anna side ved engelskundervisninga denne hausten, som elevane og eg er einige om må bli betre, er øving i munnleg engelsk. Vi har hatt for lite av dette. Det har nok med emna vi har hatt om å gjera, og alt eg gjerne ville få til med PC som læringsverktøy – bruk av tankekart, wiki, delicious, scrapbook… Men det er ikkje for seint, heldigvis, eg har gitt melding om dette til den nye læraren. Elevane vil også gjerne lese litt i lag – høgt, for å koma inn i tekstane. Kvifor ikkje?

For å oppsummera: Ikkje alle har syns det var så lett å takle å vera utan bok. Dei fleste syns det har gått bra, ein del er entusiastiske. Eg kan prøva å filosofera litt om kven som meiner kva, og kvifor, men eg trur heller eg vil seia at erfaringa er viktig for alle. Eg lar ein elev få ordet til slutt, lett omskrive: Det har gått fint, og blei bedre med Scrapbook. Viktig at vi lærer å jobbe på denne måten med tanke på framtida.

Her er lenker til planar etc:
http://docs.google.com/View?id=ddvmfcqx_73ccpdz5cp
http://docs.google.com/View?id=ddvmfcqx_65cd9g59pb
http://docs.google.com/View?id=ddvmfcqx_72ft4rz8cc
http://docs.google.com/View?id=ddvmfcqx_67dcrxn7gc
http://docs.google.com/View?id=ddvmfcqx_68hg6cvng9

Skjema:
http://docs.google.com/View?id=ddvmfcqx_77gb5hwqc2
http://docs.google.com/View?id=ddvmfcqx_76cxhmp5ft
http://docs.google.com/View?id=ddvmfcqx_76cxhmp5ft

Ein mage full av sommarfuglar

mayan butterflies
Uha! Alt på onsdag ramlar det inn ei mengd med totalt ukjende unge menneske, og sidan det er første dagen, set dei seg pent ned og ser på MEG. Skrekkblanda fryd er eit særdeles dekkjande uttrykk for den kjensla eg får av å tenkja på det. Eg har så mange ynskje for korleis det skal bli, så mange ambisjonar på både deira og mine vegne. Og eg veit alt no at eg ikkje kjem til å få til alt, og det må eg berre leva med.

Eg går altså i gang med ein Vg1 klasse på studiespesialiserande, i norsk og engelsk. Her skal eg også vera kontaktlærar for halvparten av elevane. I tillegg skal eg ha norsk i ein Vg1 klasse på elektrofag. I norsken på studiespesialiserande er eg så heldig å få halda fram det gode samarbeidet frå Vg3 i fjor, dei same lærarane får no Vg1. Vi hadde eit planleggingsmøte alt før sommaren, og eg gler meg utruleg til å gå i gang med å setja dei gode tankane som kom fram der, ut i praksis. To hovudprinsipp i det vi skal gjera: Vi skal setja saman eit litteraturkorpus som elevane skal lesa gjennom ganske tidleg i skuleåret, som vi så skal koma attende til i løpet av året, med ulike innfallsvinklar. Vi håpar at dei slik skal få koma djupare inn i stoffet, og læra meir om å lesa tekstar og å skriva om tekstar. Det andre viktige prinsippet er at vi skal bygga opp skrivekompetansen ved å berre jobba med og vurdera nokre tekstelement i gongen. Døme: Vi skriv kanskje eit lesarinnlegg tidleg i haust, i arbeidet med dette vert legg vi vekt på å bygga opp eit godt argument – og eit godt avsnitt, og så er det berre desse elementa som vert vurderte. Eg håpar dette vil verka motiverande på elevane, og at dei vil føla at dei får lov å læra seg noko skikkeleg, lov å meistra.

I norsk på yrkesfag og i engelsk på studiespesialiserande, vert den store endringa og utfordringa å ikkje ha lærebok. I YF norsk er eg svært trygg på at eg har gjort eit godt val (her har lærarane på vår skule vore fristilte i høve til lærebokspørsmålet), eg har brukt boka svært lite i året som gjekk. I engelsk er eg meir spent, det er eit omfattande fag, ndla-ressursen er heilt ny – framleis ikkje heilt ferdig, og det krev ein del nytenking og kreativitet, ikkje minst frå elevane si side. Det er ingen grunn til å tru at ikkje dei har fått med seg ein del av all den negative omtalen ndla og digitale læringsressursar fekk i vår, og det er slett ikkje sikkert alle er så positive i utgangspunktet. Men eg gler meg voldsomt til å ta fatt!

Eit spørsmål som eg tumlar mykje med, er kor mange digitale verktøy eg skal introdusera for elevane og i kva tempo. Her er det fleire moment som spelar inn. På den eine sida kunne eg godt tenkja meg å starta frå dag ein med ein wiki, bloggar, delicious og ei netvibesside som haldt oversynet over alt dette, og gjerne nokon til. Men så er det slik at nokre elevar har ikkje vore borti it’s learning, ingen har brukt skolearena, mange er svake i god organisering av filer, etc. Her vil eg gjerne ha innspel, og eg trur eg må laga ein slags fornuftig «årsplan» for digital kompetanse hjå elevane mine.

Vel, det var litt tankesortering etter første dag på jobben. Eg ynskjer alle sommarfuglmagane lukke til med skulestart!

Det store spranget

det-store-spranget
I dag startar eg opp eit prosjekt i engelsk Vg1 yrkesfag: «The New President in the USA». Eg har tenkt at elevane skal jobba i grupper, og det som skal vurderast er ein felles munnleg presentasjon og ein individuell skriftleg prøve i det stoffet akkurat den gruppa har jobba med. Dette blir ein samla karakter. Så er spørsmålet: Skal eg laga ein wiki til dei der dei kan jobba? Evt. skal eg laga ein wiki for publisering av presentasjonane deira i eitt eller anna format? Eg veit at alt dette er heilt nytt for dei, og eg har vore litt tilbakehalden med å gå i gang, fordi dei rett og slett har hatt mykje nytt å tenkja på, også digitalt (SkoleArena, It’s learning…) Dersom nokon har gode idear til ein «mjuk digital start», tek eg gjerne i mot!
Foto: nutmeg66 flickr cc

Litt om engelskundervisninga

Etter to år utan engelsktimar, er det godt og heilt naudsynt å vera i gang i gjen, men også frustrerande. Møtet med ny læreplan og lærebok har ikkje vore enkelt, noko som spegla seg litt i førre post! Eg trudde eg skulle kunne bruka kapittelinndelinga i boka (At Work1, Aschehoug) ganske greitt, men når eg skulle laga plan for undervisninga som inkluderte læreplanmåla som var i fokus, kom problemet. Eg klarte ikkje å sjå at boka reflekterte kunnskapsmåla i særleg grad. Ho er mykje betre på «ferdigheter». Det som viser seg, er at dei har spart mange av tekstane og oppgåvene knytt til kunnskapsmåla til Vg2-boka. Men eg har ikkje lyst å dille rundt med tekstar som berre skal lesast som språktrening i heile år! Det eg fann ut at eg måtte gjere, var å lesa gjennom heile boka, og så plukka og setja saman på nye måtar. I tillegg må eg sjølvsagt bruka tid på å finna gode nettressursar, der reknar eg med at eg etterkvart får hjelp av nettverket eg prøver å bygga meg både her og der no: Twitter, Delicious, Teachertube, og no sist Diigo.

Prioriteringane vert å få elevane til å jobbe med små føredrag, samansette tekstar, novelleanalyse, flimanalyse og litt oversynskunnskap om den engelskspråklege verda. Pluss gjerne aktuelle nyhende frå den engelskspråklege verda.

Eg vurderer å laga ein wiki, der eg legg ut planane mine, og kanskje eg får elevane med etter kvart. Då kan eg kanskje få litt kommentarar frå andre lærarar? Gjerne med same bok?

God praksis i Kunnskapsløftet

Det er jo ironisk, eg har meint mykje om dei nye læreplanane i årevis alt, og det har eg jo vore nøydd til, både som fagkoordinator og FAU-medlem. Men det er ikkje før i haust at eg er i gang med å praktisera. Å gå rett inn på Vg3 er ikkje berre berre, heldigvis har eg gode samarbeidspartnarar som hadde Vg2 i fjor, og veit meir enn meg om kva som har vore prioritert. Det eg tenkjer litt på no om dagen, er korleis praksis festar seg, og kva faktorar som spelar inn. Lærebøkene tolkar læreplanen på sin måte, og det er lett å henge seg opp i deira prioriteringar som dei einaste saliggjerande. Praksis hjå røynde kollegaer er ein annan viktig faktor, det veit alle som hugsar korleis det var å vera ny lærar. Lojalitet til andre lærarar på same trinn er også med å festa ein praksis; vi vert einige om korleis vi gjer det. Og sjølvsagt vert det vi veit om eksamen styrande. Men i tillegg til desse faktorane, trur eg at måten vi skal vurdera elevane sitt arbeid på, kjem til å bli veldig viktig framover. God praksis vil verta praksis som gjev godt høve til god vurdering, og god vurdering vil då seia vurdering som er knytt til kompetansemål, og som elevane kan bruka i læringa si. Dette er ikkje lett, og eg kjenner at alle desse faktorane ikkje dreg i same retning heile tida. Særleg merkar eg det i engelsk Vg1 yrkesfag, der eg verkeleg har lyst å kasta læreboka! Ho er rett og slett til hinder for meg når eg prøvar å planlegga ut frå kompetansemåla. Eg vert låst i tekstane der, slik kjennest det no, i alle høve. Men elevane har jo kjøpt bok, så…