Min nye jobb

Her kjem arbeidsinstruksen min:
Arbeidsinstruks for pedagogisk prosjektleiar for IKT-satsinga•:
-Prosjektleiaren rapporterer til rektor og deltar i styringsgruppa for IKT-prosjektet som elles har desse medlemmane: rektor, og studieinspektørane
-Stillinga er ei toårig prosjektstilling
-Prosjektleiaren har 20% stillingsressurs
-Prosjektleiaren har følgjande arbeidsoppgåver:
-hovudansvaret for å setja IKT-strategien ut i livet
-ansvar for å hjelpa avdelingane/avdelingsleiarane med pedagogisk bruk av IKT,hjelpa til med å få konkretisert måla i strategien i dei ulike avdelingane
-etablera og leia grupper av lærarar som driv utviklingsprosjekt innan IKT på dei ulike avdelingane
-arbeida med å knyta utviklingsarbeidet med IKT saman med skulen sine andre pedagogiske satsingsområde

Så slik er det, ja… Dei som er nysgjerrige på IKT-strategien på vår skule, må venta litt, så kjem det ein link her, men nett no trur eg ikkje den oppdaterte versjonen er å finna på nettet – ironisk nok! I mellomtida kan eg opplysa om at eg snarast skal setja meg ned for å laga ein slags konkretisering av arbeidet mitt denne terminen, og så får vi sjå kva resten av gruppa syns om det eg kjem fram til. Og du som les dette – kva synest du det er viktig at eg startar med? Eg er glad for alle forslag og innspel!

Keep it Simple, Stupid!

Dette skriv eg mest til meg sjølv! I løpet av få dagar har eg surfa meir på læringsressursar enn eg gjorde i heile fjor, og eg er overvelda, entusiastisk og optimistisk. MEN: Eg trur eg vinn på å skunda meg langsomt, og ta det litt steg for steg. Eg trur eg vil ha som ein gyllen regel at eg prøver ut ein ressurs/eit hjelpemiddel i slengen, anten på elevane eller kollegaer, og ser korleis det går. Å – det har eg ikkje sagt: Eg er altså “pedagogisk prosjektleiar for IKT-satsinga på Knarvik vgs.” i år, og eg driv i skrivande stund å prøva å finna ut kva det inneber;)! Difor altså denne satsinga. Eg håpar bloggen skal bli eit nyttig hjelpemiddel for meg. Dei som føl med, skal snart få ein presentasjon av den instruksen eg har fått, og mine refleksjonar kring det. Så håpar eg på nyttige kommentarar! Og no: lunsj!