Kva er god læring og kvar føregår det?

Det pågår ein ganske intens debatt i media om databruk i skulen. Lars Vavik gjorde koblinga mellom PISA-resultata og IKT-bruk i Dagbladet før jul, og sidan har fleire slengt seg på, seinast Eva Grinde i Dagens Næringsliv på fredag. I går publiserte Ingunn Kjøl Wiig, Henning Lund og Gunnar Hovde eit svar i Klassekampen, der dei gir konkrete døme på korleis god IKT-bruk kan skapa meirverdi i klasserommet. Eg vil gjerne gå litt bak debatten, og stilla nokre spørsmål om premissane for den. Kjernen i kritikken synest å vera distraksjon. Elevane forsvinn ut i sosiale medier og klarar ikkje å konsentrera seg om læringa. Læraren misser kontrollen. Men kva er eigentleg læring? Kvar føregår læring i 2014, når føregår det, og er det same som det alltid har vore? Vi veit ganske mykje om dette, både pedagogisk forskning og hjerneforskning har gitt mange svar.  I OECD-rapporten «The Nature of Learning: Using Research to Inspire Practise» (2010), som er ein metastudie der ein samlar ulike forskningsperspektiv og analyserer dei, kjem ein fram til sju ulike prinsipp for eit godt læringsmiljø, der alle sju må vera tilstades. Eg tilrår ein kikk på denne rapporten, og på oppfølgaren, Innovative Learning Environments (2013).
45983813The nature of learning cover 150
I 2014 føregår læring mange ulike stader. Teknologiutviklinga i samfunnet gjer at omgrep som «blended learning» og «informal learning» er mykje drøfta. Grensene mellom skule og heim, leik og læring er i oppløysing. Elevar kan kommunisera med kvarandre om lekser på ettermiddagstid, og også med læraren. OECD-rapporten opererer også med omgrepet «Horisontal Connectedness», som handlar om at læringsmiljøet på skulen opnar seg mot omverda, ein kommuniserer med andre skular,  næringsliv, foreldre. Alt dette vert enklare og meir umiddelbart ved hjelp av teknologien. For å ta ein døme: Elevar reiser på ein heilt vanleg ekskursjon til ei bedrift. Etterpå skriv dei rapportar. Dette er skule slik vi kjenner det. Men rapporten vert skriven i eit googledokument, og ein tilsett i bedrifta kjem inn i dokumentet og kommenterer. Til slutt har elevar og bedriftsleiaren eit Skypemøte der dei evaluerer prosjektet. Her har ein altså brukt teknologien til å kommunisere effektivt med omverda og gi meirverdi til eit læringsprosjekt.
OECD-rapporten slår fast at læring er grunnleggande sosialt. Vi lærer av og med kvarandre. Det tyder ikkje at ein aldri skal sitja aleine og konsentrera seg, men læring har alltid eit sosialt element. Her kan også teknologien gi store gevinstar. Elevar jobbar saman med ei oppgåve i eit googledokument. Dei hjelper kvarandre med dei ulike delane av oppgåva, i staden for å skriva kvar sin del og så lima i hop til slutt, kjenner alle ansvar. Læraren er også inne i dokumentet, og kan sjå kven som skriv kva, om nokon treng ekstra hjelp eller om ei gruppe ikkje ser ut til å fungere. Dette er kvardagen i mange norske skular.
Debattinnlegga eg refererte til synes å bygga på ein ide om eit isolert klasserom, med ein lærar som er den einaste kjelda til kunnskap – i tillegg til læreboka. Elevane sit og les eller høyrer etter. Slik lærer dei. Men dette er ikkje eit realistisk bilete av eit norsk klasserom i 2014, det er heller ikkje eit ønskeleg rom, om ein vel å ta læringsforskning alvorleg.
Er ikkje distraksjon eit problem? Jau, sjølvsagt. Det er det for oss alle i 2014. Magnus Sandberg skriv godt i Dagbladet om Howard Rheingolds bok «Net Smart» og det han kallar «Crap Detection». Rheingold viar faktisk heile det første kapitlet i boka til problematikken rundt det å stadig vera pålogga, og ikkje vera her og no i sitt eige liv. Skulen kan hjelpa elevane til å reflektera over dette. Det er fint m dagar som startar med t. d. konsentrasjonsøvingar eller stille lesing. Vi treng å ta kontroll over våre eigne liv, og vera medvitne om når vi gjer kva. Dersom ein tek teknologien ut av skulen, tek ein mange læringsarenaer bort frå elevane, og reduserer høva dei har til å samarbeida og vera kreative. Ferdigheiter OECD jobbar med å få inn i PISA-målingane. Eg berre nemner det.
Photo 23.01.14 20 47 48
Advertisements

Pedagogisk refleksjon?

Jørn har eit interessant innlegg på sin blogg om refleksjon kring den pedagogiske bruken av PC’ar i skulen. I kor stor grad trekkjer vi inn pedagogisk forskning og teori når vi drøftar bruken av PC i skulen? I svært liten grad, trur eg. Kvifor er det slik?

Då eg tok mi eittårige praktisk-pedagogiske utdanning, var eg svært kritisk til den delen av pensum og førelesingane som omhandla generell pedagogikk. Eg oppfatta det som ein saus av sjølvsagde sanningar og synsing. Fagdidaktikken derimot, var svært interessant og givande. Eg veit eg ikkje er aleine om å ha denne oppfatninga av pedagogikken. Mange lærarar, særleg i vidaregåande trur eg, har ein innebygd skepsis til pedagogikk, og set faget høgt.

Eg har ikkje endra syn på det eg opplevde på ped’en. Likevel meiner eg at ei slik haldning kan stengje for at viktig forskning og debatt ikkje kjem inn på lærarrommet. I denne tida vi er i, som vi må kunna kalla eit paradigmeskifte, er det heilt essensielt at lærarar reflekterer over grunnspørsmål som «Kva vil det seia å læra?», og «Korleis endrar dette seg når internett er tilstades i klasserommet?» «Kven har forska på dette, kvar kjem forskninga frå – er det relevant for norske tilhøve?»

Mange opplever eit splitta lærarrom i desse tider. Dei som har teke i bruk ny teknologi på mange og varierte måtar, og er entusiastiske, vert gjerne sett på som «nyfrelste» av dei som er skeptiske til utviklinga. Dei som er skeptikarar vert gjerne opplevd som bakstreverske av entusiastane. Eg trur at ei drøfting av dei spørsmåla eg stiller over – ei grundig drøfting som pågår kontinuerleg, kan gi desse gruppene eit rom å møtast i. Alle ynskjer jo at elevane skal få mest mogleg utbytte av skulegangen sin. Vi treng å møtast i ein grunnleggjande diskusjon om korleis.

Vi treng ikkje å skru tida tilbake til ped.sem av den grunn. Det å leva midt i eit slikt paradigmeskifte er kaotisk, men det fine er at det fins mengder av ny litteratur og forsking om emnet, frå mange ulike ståstader. Det eg treng, og saknar, er ei rettleiing, eit oversyn over viktige forskingsbaserte tekstar og førelesingar om emnet som kan danne grunnlaget for ein slik debatt. Eg har i oppgåve å laga noko slikt til IKT-strategien på skulen, og eg har starta arbeidet. Heldigvis har eg fått nokre gode tips på Twitter, men eg vil gjerne framleis ha forslag!

Så er det berre å skaffa rom og tid til debatten…skal vi få med alle, kan vi framleis ikkje stola på eit diskusjonsforum på nettet, sjølv om eg er utruleg optimistisk når eg ser kva diskusjonar som oppstår på Del og bruk. Vi må ta debatten på kvar einskild skule.

Min nye jobb

Her kjem arbeidsinstruksen min:
Arbeidsinstruks for pedagogisk prosjektleiar for IKT-satsinga•:
-Prosjektleiaren rapporterer til rektor og deltar i styringsgruppa for IKT-prosjektet som elles har desse medlemmane: rektor, og studieinspektørane
-Stillinga er ei toårig prosjektstilling
-Prosjektleiaren har 20% stillingsressurs
-Prosjektleiaren har følgjande arbeidsoppgåver:
-hovudansvaret for å setja IKT-strategien ut i livet
-ansvar for å hjelpa avdelingane/avdelingsleiarane med pedagogisk bruk av IKT,hjelpa til med å få konkretisert måla i strategien i dei ulike avdelingane
-etablera og leia grupper av lærarar som driv utviklingsprosjekt innan IKT på dei ulike avdelingane
-arbeida med å knyta utviklingsarbeidet med IKT saman med skulen sine andre pedagogiske satsingsområde

Så slik er det, ja… Dei som er nysgjerrige på IKT-strategien på vår skule, må venta litt, så kjem det ein link her, men nett no trur eg ikkje den oppdaterte versjonen er å finna på nettet – ironisk nok! I mellomtida kan eg opplysa om at eg snarast skal setja meg ned for å laga ein slags konkretisering av arbeidet mitt denne terminen, og så får vi sjå kva resten av gruppa syns om det eg kjem fram til. Og du som les dette – kva synest du det er viktig at eg startar med? Eg er glad for alle forslag og innspel!