Kvar har du blikket?

Den siste veka har eg på svært ulike måtar blitt minna om kor viktig det er kvar du har blikket. Det åpna med eit føredrag med Riel Miller på konferansen Disruptive educaton: «The New Context of Learning». Riel Miller er framtidsforskar. Eg trur ikkje eg klarar å gjengi innhaldet, men ein av tankane eg fekk av det, var nettopp det ganske banale: Korleis du ser føre deg framtida, har konsekvensar for korleis du handlar i dag. Eg trur at det å verta medviten om kva framtidsbilete ein har, både i eige liv og i større samanhengar, kan føre til at ein tar meir medvitne val. For ein organisasjon, for eksempel ein skule, blir det viktig å snakka saman om dette. Korleis ser vi for oss vår skule om 5 år? Om ti? Og også meir generelt: Kva er framtida for skulen? Svara vi gir, påverkar korleis vi agerer i dag, og om vi klarer å jobba saman for å nå måla våre. Dette tyder sjølvsagt ikkje at det ikkje er viktig å sjå bakover, kjenne historia, men det føler eg at vi er meir medvitne på og snakkar meir om.

En litt annan akse enn bakover – framover, er innover – utover. Den synes eg er særleg relevant for skulen. Ser vi utover på samfunnet rundt oss – eller innover på eigen organisasjon for å finne ut korleis vi skal handle? Begge deler er sjølvsagt legitimt, men det fører gjerne til ulike retningar. Eg trur distriksskular ofte er meir utoverretta, dei ser f. eks. ei oppgåve i å skaffe arbeidskraft i lokalsamfunnet. Eg kan bruka Knarvik vgs, der eg jobba før, som eit godt døme. Skulen har i svært mange år samarbeida tett med næringslivet i Nordhordland for å utvikle utdanning som er i tråd med behova i lokalsamfunnet. TAF- ordninga er kanskje det mest kjende resultatet av samarbeidet. Men eg trur ikkje skulen berre kan tenkja lokalt og på arbeidskraft ved å retta blikket utover. Ein kan også sjå meir generelt på samfunns- og arbeidslivet, og spørja: Kva eigenskapar er det viktig å dyrka hos elevane, slik at dei vert budde på å bli ein deltakar i samfunnet? Kva kompetanse treng dei? Kan skulen i dag vera det same som for femti år sidan? Er samfunnet det same?

I går skreiv Henning Lund eit blogginnlegg i høve ein debatt om IKT-satsingen i norsk skule som Norsk Lektorlag arrangerte på Litteraturhuset i går kveld. Med spørsmåla sine, ser Henning nettopp utover og framover:

Lektorene møter en ny virkelighet i årene som kommer. Vi kan møte den virkeligheten forlengs eller baklengs, men uansett er det ikke tvil om at vi får mange flere utfordringer og muligheter en vi har hatt – både faglige og på andre måter. Jeg har et fromt ønske om at NLL (og de andre fagforbundene) snart begynner å diskutere hvordan skolen skal tilpasse seg virkeligheten. Hva er lektorens jobb og rolle om 5 – 10 – 20 år? Hvordan skal lektorene dyktiggjøres mtp å møte utfordringene som online-verdenen skaper i undervisningssituasjonen? Hvordan skal lektorene dyktiggjøres mtp å klare å utnytte det enorme mangfoldet vi har fått av verktøy og tjenester som kan brukes i skolen? Her er det en jobb å gjøre, og i mitt hode tror jeg det er når disse diskusjonene kommer opp at NLL har noen mulighet til å påvirke utviklingen.

Og då tenkjer eg: Det er viktig å klargjera slike grunnleggande spørsmål som kva ein tenkjer om framtida. Er det slik at dei som måtte ha andre tankar enn meg om skuleutvikling, eller IKT i skulen for den del, har andre framtidsbilete? Det kunne ha vore ein spennande diskusjon.

Advertisements

Blogg i veg!

Inspirert av gjemmesiden, oppfordrar eg no alle kollegaer til å blogge! Årsakene er lista opp i innlegget til Svend Andreas Horgen, men eg kan godt formulera dei med mine eigne ord. Bloggar du som lærar, får du eit høve til refleksjon kring eiga undervisning som er sunt! I tillegg fører det med seg kontakt med andre, inspirerande kollegaer frå heile landet, og i det ligg det motivasjon og læring!

Som eg skriv i kommentaren til Svend Andreas, er mitt mål no først og fremst å få rektor til å blogge. Eg er sikker på at det hadde vore svært samlande for skulen og motiverande for elevane og lærarane. På bloggen kunne han skriva små innlegg om det han arbeider mest med og er mest oppteken av for tida, spørja elevane om kva dei meinte om saker og ting – og dermed hadde han gjeve alle norsklærarane ein sjanse til å bruka tid på å la elevane skriva kommentar på bloggen til rektor.

Inge – tek du utfordringa?

Min nye jobb

Her kjem arbeidsinstruksen min:
Arbeidsinstruks for pedagogisk prosjektleiar for IKT-satsinga•:
-Prosjektleiaren rapporterer til rektor og deltar i styringsgruppa for IKT-prosjektet som elles har desse medlemmane: rektor, og studieinspektørane
-Stillinga er ei toårig prosjektstilling
-Prosjektleiaren har 20% stillingsressurs
-Prosjektleiaren har følgjande arbeidsoppgåver:
-hovudansvaret for å setja IKT-strategien ut i livet
-ansvar for å hjelpa avdelingane/avdelingsleiarane med pedagogisk bruk av IKT,hjelpa til med å få konkretisert måla i strategien i dei ulike avdelingane
-etablera og leia grupper av lærarar som driv utviklingsprosjekt innan IKT på dei ulike avdelingane
-arbeida med å knyta utviklingsarbeidet med IKT saman med skulen sine andre pedagogiske satsingsområde

Så slik er det, ja… Dei som er nysgjerrige på IKT-strategien på vår skule, må venta litt, så kjem det ein link her, men nett no trur eg ikkje den oppdaterte versjonen er å finna på nettet – ironisk nok! I mellomtida kan eg opplysa om at eg snarast skal setja meg ned for å laga ein slags konkretisering av arbeidet mitt denne terminen, og så får vi sjå kva resten av gruppa syns om det eg kjem fram til. Og du som les dette – kva synest du det er viktig at eg startar med? Eg er glad for alle forslag og innspel!

Keep it Simple, Stupid!

Dette skriv eg mest til meg sjølv! I løpet av få dagar har eg surfa meir på læringsressursar enn eg gjorde i heile fjor, og eg er overvelda, entusiastisk og optimistisk. MEN: Eg trur eg vinn på å skunda meg langsomt, og ta det litt steg for steg. Eg trur eg vil ha som ein gyllen regel at eg prøver ut ein ressurs/eit hjelpemiddel i slengen, anten på elevane eller kollegaer, og ser korleis det går. Å – det har eg ikkje sagt: Eg er altså «pedagogisk prosjektleiar for IKT-satsinga på Knarvik vgs.» i år, og eg driv i skrivande stund å prøva å finna ut kva det inneber;)! Difor altså denne satsinga. Eg håpar bloggen skal bli eit nyttig hjelpemiddel for meg. Dei som føl med, skal snart få ein presentasjon av den instruksen eg har fått, og mine refleksjonar kring det. Så håpar eg på nyttige kommentarar! Og no: lunsj!

Skulestart på Knarvik vgs.

Ja, no har vi gjennomført dei tre første dagane av skuleåret, og i år hadde vi planlagt oppstarten for Vg1-elevane på ein ny måte, vi lot oss inspirere av Askøy vgs, og deira opplegg. I løpet av dei tre første dagane har Vg1-elevane hatt startsamtale med kontaktlærar, fått PC, hatt informasjon om skulen med rektor og assisterande rektor, fått litt kursing i etikk og PC, og hatt eit lynkurs i div. programvare, It’s learning, etc. Det verkar som om det har gått bra, og sidan eg har vore involvert i både planlegginga og gjennomføringa, er eg utruleg interessert i tilbakemeldingar frå både lærarar og elevar!
Og i morgon startar skulekvardagen…Herleg!