God praksis i Kunnskapsløftet

Det er jo ironisk, eg har meint mykje om dei nye læreplanane i årevis alt, og det har eg jo vore nøydd til, både som fagkoordinator og FAU-medlem. Men det er ikkje før i haust at eg er i gang med å praktisera. Å gå rett inn på Vg3 er ikkje berre berre, heldigvis har eg gode samarbeidspartnarar som hadde Vg2 i fjor, og veit meir enn meg om kva som har vore prioritert. Det eg tenkjer litt på no om dagen, er korleis praksis festar seg, og kva faktorar som spelar inn. Lærebøkene tolkar læreplanen på sin måte, og det er lett å henge seg opp i deira prioriteringar som dei einaste saliggjerande. Praksis hjå røynde kollegaer er ein annan viktig faktor, det veit alle som hugsar korleis det var å vera ny lærar. Lojalitet til andre lærarar på same trinn er også med å festa ein praksis; vi vert einige om korleis vi gjer det. Og sjølvsagt vert det vi veit om eksamen styrande. Men i tillegg til desse faktorane, trur eg at måten vi skal vurdera elevane sitt arbeid på, kjem til å bli veldig viktig framover. God praksis vil verta praksis som gjev godt høve til god vurdering, og god vurdering vil då seia vurdering som er knytt til kompetansemål, og som elevane kan bruka i læringa si. Dette er ikkje lett, og eg kjenner at alle desse faktorane ikkje dreg i same retning heile tida. Særleg merkar eg det i engelsk Vg1 yrkesfag, der eg verkeleg har lyst å kasta læreboka! Ho er rett og slett til hinder for meg når eg prøvar å planlegga ut frå kompetansemåla. Eg vert låst i tekstane der, slik kjennest det no, i alle høve. Men elevane har jo kjøpt bok, så…