Saman er ein mindre aleine

…er den norske tittelen på ein roman av Anna Gavalda, som eg las førre vinter, og det var ganske trivelig og til tider rørande, om ikkje det var stor litteratur. Men dette innlegget har ingenting med Gavalda å gjera, det handlar om det å vera lærar. Førre veke hadde vi personalseminar, og der hadde vi besøk av Tore Sværen frå Vibemyr skolesenter. Eg skal ikkje gi noko referat, men ein ting han sa, var retta mot lærarar: «Ver ikkje aleine!» Han meinte det var det farlegaste ein lærar kunne vera. Det har eg gått og tenkt mykje på den siste veka. Eg har alltid vore velsigna med gode samarbeidspartnarar på jobb, og eg er heilt avhengig av dei. Det å få lov å diskutera opplegg og tekstar, få dela tankar om elevar, snakka om det ein ikkje heilt får til, høyra korleis andre tenkjer – eg trur eg hadde slutta med jobben om eg ikkje hadde nokon å samarbeida med. Eg kunne framleis tenkt meg meir samarbeid, det eg skulle ynskje, var at vi kunne vera saman i klasserommet oftare, for å sjå og lære av kvarandre.

Ofte er det ikkje så lett å få tid til samarbeid. Det handlar om timeplanar og rammer. I år sit norsklærarane på Vg3 saman frå 13.30-15.00 om fredagen – ikkje akkurat ideelt, men det er då vi har undervisningsfri saman. Eg skulle ynskja timeplanen hadde lagt inn samarbeidstid, men det er mange variablar som skal gå i hop på ein stor skule. Dessutan er det ikkje alle som har same ynskjet som meg, snarare tvert i mot.

Kvifor er det så farleg å vera aleine? Det er vel mange grunnar til det. Eg trur det er lett å gå seg fast i sine eigne tenkje- og arbeidsmåtar, og så har ein ikkje nokon å lena seg på når dei plutseleg ikkje fungerer. For det skjer med alle. Eg trur at lærargjerninga er veldig einsam, du er aleine i klasserommet og aleine over bunkane, be lærarar på fest – og kva gjer dei? Snakkar om jobben! Eg trur einsemda i jobben gjer at mange blir altfor tidleg slitne. Det blir altfor få positive tilbakemeldingar på jobben ein gjer – frå andre som er kvalifiserte til å meina noko. For det er jo den konkrete rosen vi treng, nett slik som elevane! «Akkurat det gjorde du bra» – ikkje «Du er no så flink, at». Det er berre skvalder.

Ver ikkje aleine! – eg håpar klasserommet mitt og praksisen min skal opna seg endå meir i framtida. Og no kunne eg gått vidare og snakka om at nettet også kan hjelpa til med dette, men akkurat i dag vil eg vera i det nære, snakka om dei du ser kvar dag.

Kan klasselærarmøta bli betre?

Vel, i mitt hovud har vi eit stort forbetringspotensiale her. Eg seier ikkje meir om det, eg vil ikkje bruke tid på klaging her. I staden går eg rett på sak: I fjor vår var eg på eit kurs i noko som heiter «Årsopplegg for lærersamarbeid». Opplegget består rett og slett av ein perm med tre delar: ein teoridel som tek føre seg verdigrunnlaget for opplegget og litt om teamarbeid og kommunikasjon. Så kjem det praktiske delen med delvis ferdiglaga møteinnkallingar gjennom heile året, der ein reknar med to møte i månaden. Innkallingane skal hjelpe til med å sikre at ein får koma igjennom det ein skal, i høve til dei lovpålagte oppgåvene. Dei er også meint for å sikre at det vert tid til pedagogisk diskusjon og refleksjon i teamet. Så er det ein vedleggsdel med skjema og hjelpeark som kan nyttast både i arbeidet med elevane og i klassemøta. Det er, slik eg forsto det, to hovudpoeng med dette opplegget: Møta vert effektive, og ein får gjort det ein skal. Riset bak spegelen er at lærarane må førebu seg til møta… Eg trur, når eg ser på opplegget, at det hadde vore ei svært god investering, og til saman hadde me spart tid.

Dei kloke hovuda bak opplegget heiter Bente Vetland Thorkildsen og Bodil Dale Stormyr, dei er lærarar på Kvadraturen vgs. i Kristiansand, når dei då ikkje kursar lærarar. Dei har hatt suksess med opplegga sine så dei har starta eige firma, det finn nettsida her: