Læringsstilar revisited

So happy =)Det er tida for doku-såpe/realityshow frå norsk skule. NRK starta med sin “Lærerne”, som føl lærarar og klassar ved Årvoll skole i Oslo. Styrken ved serien er at han viser kor mange ulike utfordringar ein lærar må takle i løpet av skuledagen, og eg syns også lærarportretta er fine. Eg får ein valdsam respekt for desse menneska. Men eg hadde liksom ikkje venta noko anna av NRK, oppvaksen i monopoltida som eg er, har eg lyseblå tiltru at eg skal bli servert noko solid. Litt annleis var det då eg svitsja over til TVNorge, for å sjå deira “Blanke ark”. Tidlegare dokumentarar med titlar som “Verdens største svulst”, har gjort meg skeptisk, det har også alle realityseriane på kanalen. Men etter første episode av “Blanke ark” var eg både glad og inspirert (Eit lite sidespor: Det har blitt skrive klokt i BT om kor vidt det er etisk rett å utsetja barn i sårbare situasjonar for den type eksponering som desse seriane gjev. Eg trur nok mange har tenkt på dette. Eg vel å ikkje gå meir inn i denne diskusjonen her).

“Blanke ark” let oss bli kjende med ei gruppe ungdommar frå ulike stader i Norge, alle på niande trinn. Det dei har felles, er at dei ligg langt etter klassekameratane fagleg. Første episode viste oss at dei var på ei helgesamling i lag med ein lærar, der dei lærte om sin eigen læringsstil. Vidare skal dei tilbake til klassane sine, og bli undervist ved hjelp av den kunnskapen lærarane no får om læringsstilen deira. Det er særleg norsk og matematikk som skal jobbast med.

For meg vart dette ei inspirerande stadfesting om at undervisning basert på tanken på at vi ikkje lærer likt, lever i beste velgåande i nokre miljø, og eg fekk mot og styrke til å blogga litt om læringsstilar.

Mitt møte med tankane og teoriane om at vi alle har vår læringsstil, fann stad for ca 5 år sidan, på eit kurs med Lena Boström, arrangert av Utdanningsforbundet. Eg blei umiddelbart tiltalt av dette, av ulike grunnar. Det viktigaste var nok at eg kjende att så mange elevar eg hadde hatt i det ho skildra, særleg elevar på yrkesfag. Samstundes skjøna eg raskt at Boström var oppteken av faglege resultat og hadde teoretisk belegg for det ho snakka om. Vi var to kollegaer på dette kurset, og det enda med at vi fekk Boström på besøk på vår skule.

Mange var, og er, skeptiske til å legga om undervisninga etter teorien om læringsstilar. Mange følte nok at elevane vart diagnostiserte, og sett i båsar. Det er så fjernt frå grunntanken som ein kan koma. Poenget er å finna sterke og svake sider, og gi elevane høve til å starta innlæringa si der dei er sterkast, og så gå vidare til å arbeida med å utvikla det ein strevar med. Det er definitivt ikkje slik at elevar som lærer best ved å få bruka kroppen sin mykje, skal sleppa å lesa og skriva. Det ville vera å ikkje bu dei på det samfunnet dei skal ut i. Ei anna, og akk, så vanleg og så ofte nytta, motførestilling, er at dette tek for mykje tid, og at vi ikkje har rom og ressursar til dette. Det er klart at det hadde vore herleg med ferdigprodusert materiale, mange grupperom, etc. Men det er mykje ein kan gjera med det ein har. Ta i bruk større delar av skulen til undervisning, la elevane læra ved å laga materiell sjølve, f. eks. Den siste motførestillinga eg vil nemna, er den om at “Dette blir kaos”. Nei, det treng det ikkje bli, men det krev god struktur og planlegging. Og klare krav til elevane.

For meg er det viktigaste med læringsstilar det grunnsynet som ligg i botn: Alle kan lære. Nokon kjem berre til å bruka litt meir tid. Eg har alltid hata utsegner om at “dette er for vanskeleg for elevane”. Eller, “dette er for vanskeleg for yrkesfag-elevar”! Her ligg det eit elevsyn under som eg ikkje kan godta. Det ein eigentleg seier, er at elevane kan ikkje læra dette på den måten eg har tenkt å undervise på, og eg er ikkje innstilt på, eller i stand til å sjå at ein kan gjera dette på nokon annan måte. Det var vel fleire enn meg som såg den utruleg sterke britiske serien, om dei vaksne som skulle læra å lesa. Vi møtte intelligente, flotte personar, som ikkje hadde klart å læra å lesa på skulen. Kvifor? Slik skulen var, var det for vanskeleg for dei.

Eg jobbar alt for dårleg med dette for tida. Det drukna litt i Kunnskapsløft, vurderingsforskrift og PC-didaktikk. Men det har ein svært naturleg plass i dette biletet, så eg håpar eg kan finna litt meir tilbake til ein meir læringsstilsorientert undervisning etterkvart. Det har elevane fortent.

Digital variasjon

Den siste veka har det gått ein diskusjon på bloggane til Ingunn, Arne Olav og June om blogging og elevar. Alle er nok einige i at blogging bør bli ein av fleire måtar å lære elevar digital lesing og skriving, men ikkje den einaste. Dette innlegget til Ingunn viser forresten ein flott elevblogg som er eit godt døme på kor godt verktøyet kan fungere for nokre elevar – med ein lærar som gir gode oppgåver.

Mangfald i verktøy og metode er heilt klart noko å streba etter. Vi veit at elevar lærer ulikt, og vi har ikkje noko lang, strålande historie å visa til når det gjeld å legga til rette for anna læring enn den vi sjølve har fått demonstrert i eigen skulegang: Sit i ro og høyr etter, gjer oppgåvene i boka og les leksene. Teoriar kring læringsstilar og læringsstrategiar, og om multiple intelligensar har gjort meg betre til å forstå og sjå dei som ikkje er slik som meg, dei som ikkje har det noko godt med å sitja rett opp og ned og høyra etter. Så er spørsmålet om eg gjer noko med det eg ser og veit. Vel, eg gjer meir enn eg gjorde før, sjølv om eg ikkje er flink nok. Kan ein digitalisert skule hjelpa oss til å leggja endå meir til rette?

Eg trur det. Eg har nettopp laga digitale forteljingar med elevane mine. Det at utstyret no er så lett å bruka og så tilgjengeleg, gjer at noko som tidlegare hadde krevt lang tid og organisering på førehand, kan gjerast raskt. Elevane har kamera i mobilane, eller eigne digitale kamera, og dei har PC’ar med innebygd mikrofon. Dermed tek eg lettare i ferd med denne type opplegg, og eg ser at elevar som likar aktivitet, kastar seg i det med entusiasme. Og dei hjelper kvarandre og lærer seg omtrent heilt på eiga hand redigeringa, om dei aldri har gjort det før. Slik vert IKT eit godt hjelpemiddel til å variera, og slett ikkje det nokre hevdar – noko som passiviserer elevane.

Nokre vil vel seia at ein kan ikkje laga artige animasjonar og digitale forteljingar av alt – og kva lærer dei av dette? Merkeleg haldning eigentleg – ingen spør slik om skriveoppgåver i arbeidsboka. Klassen min har laga digitale forteljingar fordi vi har jobba med komposisjonen i ulike tekstar.

Og no trur eg eg vil læra meg Glogster – og bruka det i engelsken!