Innlegg nr 1 med Mac

Eg har fått ein snedden liten MacBook i hende, og prøver ut heime. Det har blitt litt halvhjerta til no, eg har ikkje hatt så mykje tid til det heller. Dumt at eg ikkje kan bruka han i fylkeskommunen sitt nettverk, dvs på jobb, då hadde eg nok kome inn i det mykje raskare. Det er ikkje det same å skriva små tulledokument i iWorks berre for å prøva, som verkeleg å bruka det til noko viktig, læring skjer best når ein har bruk for kunnskapen der og då, det veit vi jo. Så – kva er vitsen med å tulla rundt med ein Mac når eg likevel må bruka PC på jobben? Vel, eg trur at det fungerer litt på same måten som med å læra eitt nytt språk, det styrkar språkkunnskapane generelt og har overføringsverdi til andre språk ein ynskjer å læra. Så eg trur eg lærer ein del generelt om datamaskiner av det, og eg lærer eit nytt språk, som gjer at eg forstår Mac den dagen ein elev treng at eg forstår det. Og kanskje forstår eg PC’en betre? Og så var det det med å halda seg nyfiken, og prøva ut ting, eg kan merka at eg har ein viss motstand mot det av og til – og dit vil eg ikkje!