Ny gammal munnleg eksamensordning

På torsdag hadde eg det privilegiet å få diskutera kunnskapsleiing for framtida med Paul Chaffey, saman med andre i leiargruppa vår. Noko av det viktigaste vi snakka om, var at det bør bli mykje meir dialog mellom skuleleiarar og andre delar av samfunnet, både offentleg og privat sektor. Kva skal vi utdanne til? Kva er framtidas kompetanse?

Etter møtet fekk eg høringsforslaget frå Utdanningsdirektoratet vedrørande endringar i eksamensforma til munnleg eksamen rett i fjeset på Facebook. Nokre dagar vert kontrastane større enn andre. No går diskusjonen på Twitter og sikkert andre stader, om detaljane i høyringsforslaget. Kort sagt, for dei uinvidde: Anten fjernar ein førebuingsdelen heilt, gir kandidaten to dagar på å lesa, og så er det eksamen. Ellers gir ein 24 timar førebuing, men fjernar ein førebudd presentasjon, og nektar kandidaten notat. Det gjeld forøvrig sjølvsagt det første forslaget også.
Eg er deprimert over den manglande evnen og viljen til å heva blikket ein smule. Ikkje i direktoratet, dette er vel det nivået dei skal ligga på, men i departementet, som har bedt om høyringsforslaget. Ein ser problem med noverande munnlege eksamensordning. Då går vi attende til det andre vi kjenner til, det vi hadde før. Kva med å seia: Har vi eksamensformer som måler den kompetansen vi meiner er viktig for framtida? Bør vi sjå litt på heilskapen her?
Harvard-professor Tony Wagner har blitt kjend for sine «Seven skills» vi treng i framtida:
1. Problem-solving and critical thinking;
2. Collaboration across networks and leading by influence;
3. Agility and adaptability;
4. Initiative and entrepreneurship;
5. Effective written and oral communication;
6. Accessing and analyzing information;
7. Curiosity and imagination
Her er det mykje å diskutera. Mykje av dette er alt inne i læreplanane våre. Heldigvis. Men eksamen heng milevis etter. Kunne dette vera eit utgangspunkt for å tenkja nytt? Eller er det ingen interesse for det? Eksamensordningane har mykje å seia for det som skjer i skulekvardagen. Dette høyringsforslaget fører ikkje skulen framover.
(Dersom nokon er interessert i kva konkrete endringar eg ser for meg, kan dei lesa dette innlegget)

Skriftleg og munnleg i det nye norskfaget

Eg har hoppa rett inn på Vg3 no i år, utan å ha gått gradene på Vg1 og Vg2. I Vg3-planen er det berre to kompetansemål under hovudområdet muntlige tekster: «sette sammen og framføre et avgrenset skjønnlitterært program» og «analysere og vurdere sammenhengen mellom innhold, virkemidler og hensikt i muntlige sjangere». Men dette kan umogleg bety at det er berre desse to kompetansemåla som utgjer den munnlege kompetansen på Vg3. Ein må tenkja seg at mange av dei andre måla kan vurderast ved hjelp av munnlege sjangrar. Det mest opplagte er måla under hovudområda «Språk og kultur» og «Sammensatte tekster». Men også fleire av måla under «Skriftlige tekster» kan vurderast munnleg, fordi dette hovudområdet også om handlar lesekompetanse, ikkje berre skrivekompetanse. Desse måla kan godt vurderast munnleg: «bruke begrepsapparat fra retorikken for å analysere og vurdere tekster i ulike sjangere», «vurdere argumentasjon i andres tekster og underbygge egne påstander ved saklig argumentasjon», «beskrive utviklingen av egne tekster».

Den andre sida av dette, er at ein kan godt vurdere såkalla «kunnskapsmål» skriftleg, og la kompetansen visa på den skriftlege karakteren. Ta dette målet: «gjøre rede for norsk språkdebatt og språkpolitikk fra 1830-årene til vår tid». Min norsklærar-ryggmarg seier at kompetanse i denne målet skal gå på den munnlege karakteren i norsk, men det kan godt testast med ein såkalla «skriftleg-munnleg» prøve, berre ein også testar eleven i meir «reine» munnlege sjangrar gjennom året. Dette meiner eg no er feil. Vel eg å testa elevens kompetanse i dette v. hjelp av skriving, skal det vurderast i skriftleg.

Forstår andre norsklærarar dette på same måte?