Ein norsklærar vender attende

Dette har hendt: Eg har vore på mitt livs eventyr, og det er ikkje slutt enno. Det å få vera med på å bygga opp ein skule frå grunnen av har vore altoppslukande, og heilt fantastisk. Men det har ikkje vore mogleg å fordjupa seg i noko som helst anna. Difor har norsklærar Tveisme vore pensjonert, og dei store debattane som har vore kring norskfaget, har eg fulgt med eit halvt auga. Men no skal eg altså dyppa ei lita tå ned i norskfaget igjen. Eg skal dela ein påbyggsklasse med ein annan lærar, og er på den måten attende til utgangpunktet, der eg starta for snart 17 år sidan. Også fordi eg igjen skal få samarbeida med og læra av ein superdyktig kollega. Det treng eg, fire år utanfor faget er lenge. Mykje har hendt i faget også. Og då er vi ved poenget med dette innlegget. Eg treng hjelp til å forstå ein del av det som har føregått. Det som kjem vidare her, kjem nok til å høyrast ganske kritisk ut, kanskje til og med konservativt. (Gulp!) Men eg ynskjer ikkje først og fremst å kritisera, eg treng hjelp til å finna kjeldene, diskusjonane og det som har ført fram til den læreplanrevisjonen eg no sit med.

Det er lurer mest på, er endringa i sjangertermar. Borte er novelle, kåseri, artikkel og essay, inne er “kreative, informative og argumenterende tekster, utgreiinger, litterære tolkninger, drøftinger og andre resonnerende tekster”(vg 3 påbygg). Kva er grunngjevinga for dette? Eg reagerer særleg på inndelinga kreative, informative og argumenterande. For det første: Er det noko i vegen for at ein tekst kan vera alt dette? For det andre: Vil ikkje dette berre vera tildekkande, og føre til at ein lærar seier til eleven at “kreativ” tyder anten novelle, kåseri eller essay, og “informativ” tyder artikkel? Er meininga at elevane skal få større fridom til å eksperimentera? Men då må lærarar vera villige til å vera med på leiken. Eg meiner eksamensoppgåva som vart gjeven i hovudmål i år, der eleven skulle skriva ein kreativ tekst, var eit godt døme på at dette er tildekkande og forvirrande. Elevar valde forteljing eller novelle-sjangeren, og det viste seg å vera feil. Fordi oppgåva sa dei skulle reflektera. Men kva om elevane let ein hovudperson i ei novelle reflektera over tematikken i tekstane som var oppgitt? Er det framleis feil?

Så har eg nokre kommentarar til læreplanmåla for påbygg. Her er to ulike læreplanmål:

1. skrive kreative, informative og argumenterende tekster, utgreiinger, litterære tolkninger, drøftinger og andre resonnerende tekster på hovedmål og sidemål

2. skrive kreative, informative og resonnerende tekster, litterære tolkninger og retoriske analyser på hovedmål og sidemål med utgangspunkt i norskfaglige tekster

Kvifor er ikkje dette eitt mål? Ja, eg ser skilnaden, men det kan då umogleg vera meininga at elevane skriva informative tekstar som ikkje har utgangspunkt i norskfaglege tekstar, og informative tekstar som har det? Absurd blir det om ein seier det same om litterære tolkingar. Her må det ryddast.

Og sånn bortsett frå det, det skal bli herleg å koma i gang!

 

Desse yrkesfagelevane!

Dette innlegget skal handle om dei 16-åringane som vel eit yrkesfagleg utdanningsprogram etter ungdomsskulen. Ei gruppe som får finne seg i å bli stigmatiserte med ein gong dei har tatt dette valet, frå velmeinande akademikarar, politikarar og verst av alt: lærarar. “Yrkesfagelevar” er identisk med dårlege karakterar, fråfall, liten interesse for “teori” (gudane veit kva det tyder), og gjerne dårleg oppførsel. Undersøkingar viser at fråfallet frå vidaregåande skule er størst på yrkesfagelege program. Og dermed veit alle som ikkje veit nokon ting, at problemet er all “teorien”. Vel. Ei meir nedlatande og skadeleg haldning skal ein leita lenge etter.

Kva er min bakgrunn for å meina høgt og iltert om dette? 15 år med undervisning i norsk og engelsk på omtrent alle yrkesfaglege programområde. Det er ofte litt annleis å undervisa i klassar på yrkesfag enn på studiespesialiserande. Den viktigaste skilnaden er at som oftast er klassane mindre, frå 12 til 15 elevar. Og dessverre ofte meir kjønnssegregerte. Det er eit herleg syn å sjå gutane frå elektro og bygg koma saman med jentene frå helse og sosial og formgjeving på påbyggsåret. Sjå kor dei kroar seg og kosar seg. Vi har no ein gong for det meste god effekt på kvarandre, vi jenter og gutar. Men sånn elles, er yrkesfagelevane like ulike som dei på studiespesialiserande. Sjølvsagt. Massevis av elevar som er grusomt gode i engelsk. Der også. Massevis av elevar som kjedar seg i norsktimane. Der også. Elevar med høge ambisjonar, med psykiske vanskar, med sinne i seg, med avansert humor. Der også. Sjølvsagt.

Så var det denne teorien då. Mindre teori, meir yrkesretting, er slagordet. Og det ypperste eksemplet på kor gale det står til, er norsklærarar som driv med diktanalyse med yrkesfagelevar. Eg vil gjerne spørje: Skal yrkesfagelevane ut i eit anna samfunn enn dei andre elevane? Eit som er mindre komplekst, med mindre informasjonsoverflod og mindre teknologi? Det finnest omtrent ikkje manuelt arbeid lenger. Kompliserte teknologiske prosessar dominerer dei fleste yrke. Men det er kanskje ikkje denne teorien ein snakkar om. Lat oss gå tilbake til det aller mest idiotiske: diktanalyse på yrkesfag.Som eg forøvrig driv med i desse dagar. Kva skal dei med det? Eg spør igjen: Skal yrkesfagelevane ut i eit anna samfunn enn dei andre elevane? Eit som er mindre komplekst, med mindre informasjonsoverflod og mindre teknologi? I tillegg spør eg: Forstår desse velmeinande politikarane og akademikarane kvifor ein driv med diktanalyse med elevar? Trur ein det er for at dei skal kunna konversera lett om Wergeland etter ein betre middag med gode vener? At diktanalyse er ein slags sport som gir cred i borgarskapet?

Poesi er språkbruk i ei veldig rein, destillert form. Det er ein sjanger som er svært eigna til å studera det vi heile tida jobbar med i norskfaget – korleis språket blir meiningsskapande, manipulerande, provoserande, irriterande. Verkemiddel ein lett finn i dikt, kan ein så gjenkjenna brukt i andre tekstar, i den enorme flaumen av meiningar og informasjon ein må kunne takla i vår tid, for ikkje å bli overkøyrt fullstendig. Kjenner ein språket, kan ein bruka det, er ein ein god lesar, ein god skribent, er ein friare som menneske. Eg ynskjer dette for yrkesfagelevane mine også.

Fråfall er eit komplekst problem, som ikkje berre handlar om skulen isolert. Ein kan ikkje løysa det med å ta vekk fellesfaga. Dei er viktigare enn nokon sinne. Det skulen kan bidra med, er å sjå på på korleis det blir undervist i fellesfaga, og ein må tora å spørja fellesfagslærarar kva haldningar dei har til å undervisa på yrkesfag. Eg har høyrt mykje rart i mi tid. Lærarar som finn det mindre stimulerande å undervisa yrkesfagelevar enn andre elevar, er det mange av. Dessverre. Eg synes ein verkeleg må spørja seg sjølv kva det er ein er ute etter i jobben. Stadfesting av sin eigen faglege suverenitet gjennom elevar som speglar ein sjølv? Som set pris på lange doseringar og kan gjenta? Blir ein irritert av elevar som er meir umiddelbare, som tydeleg viser at dei kjedar seg? Som krev noko anna for å bli engasjert? Då vil eg påstå at ein er meir interessert i seg sjølv og faget enn i elevar. Og då bør ein ikkje jobba i skulen.

Happiness http://www.flickr.com/photos/44124404848@N01/134955988

Den evindelege rettinga – digitalt?

Det er no to-tre år sidan eg starta å retta elevtekstar digitalt. Eg har heile tida drive vekselbruk mellom det og papirretting, fordi elevane ikkje har hatt PC tilgjengeleg på alle prøvar. No prøver eg å gjera det mest mogleg digitalt, også fordi det då er lett å kopiera kommenterte arbeid inn i Skolearena. Men eg er ikkje fornøgd med reiskapane mine. Eg har laga meg eit ganske rotete system med gule markeringar over ord som har feil staving, og merknadsfunksjonen i Word til grammatikkkommentarar og anna. Problemet blir når eg har behov for å kommentera ein del i teksten. Det blir snart kaos med raude stipla linjer overalt, og det er omtrent håplaust for eleven å sjå kva som er kommentarar til kva. Bruk av rubrikkar gjer sjølve skrivinga av sluttkommentar enklare, men tekstrettinga – der slit eg. Via Leif Harboe fekk eg nyss i eit program som heiter markin – men det kostar pengar. Kva erfaringar har andre – korleis løyser de dette? Er Markin så bra at skulen bør investere?

Norsk i 2.0!

Her er ein flott blogg: Tanketråder!

Spesielt for alle norsklærarar! Eg har nettopp sett ein innføringsvideo om Del.ici.ous der, og no skal eg koma meg skikkeleg i gang med å bruka denne tenesta. For dei som ikkje veit det: del.ici.ous er er stad du kan organisera bokmerkene dine på nettet, slik slepp du å vera avhengig av å sitja på ei spesiell maskin. Du kan også abonnera på andre sine bokmerke – slik finn du lett sider om det du er interessert i. OG – du kan bruke tags, slik at du lett finn fram.
Takk til Kari for tipset om denne bloggen!

Heilt til slutt – kan noko hjelpa meg med å finna att “blogroll’en” min? Den berre forsvann!