Kva er god læring og kvar føregår det?

Det pågår ein ganske intens debatt i media om databruk i skulen. Lars Vavik gjorde koblinga mellom PISA-resultata og IKT-bruk i Dagbladet før jul, og sidan har fleire slengt seg på, seinast Eva Grinde i Dagens Næringsliv på fredag. I går publiserte Ingunn Kjøl Wiig, Henning Lund og Gunnar Hovde eit svar i Klassekampen, der dei gir konkrete døme på korleis god IKT-bruk kan skapa meirverdi i klasserommet. Eg vil gjerne gå litt bak debatten, og stilla nokre spørsmål om premissane for den. Kjernen i kritikken synest å vera distraksjon. Elevane forsvinn ut i sosiale medier og klarar ikkje å konsentrera seg om læringa. Læraren misser kontrollen. Men kva er eigentleg læring? Kvar føregår læring i 2014, når føregår det, og er det same som det alltid har vore? Vi veit ganske mykje om dette, både pedagogisk forskning og hjerneforskning har gitt mange svar.  I OECD-rapporten “The Nature of Learning: Using Research to Inspire Practise” (2010), som er ein metastudie der ein samlar ulike forskningsperspektiv og analyserer dei, kjem ein fram til sju ulike prinsipp for eit godt læringsmiljø, der alle sju må vera tilstades. Eg tilrår ein kikk på denne rapporten, og på oppfølgaren, Innovative Learning Environments (2013).
45983813The nature of learning cover 150
I 2014 føregår læring mange ulike stader. Teknologiutviklinga i samfunnet gjer at omgrep som “blended learning” og “informal learning” er mykje drøfta. Grensene mellom skule og heim, leik og læring er i oppløysing. Elevar kan kommunisera med kvarandre om lekser på ettermiddagstid, og også med læraren. OECD-rapporten opererer også med omgrepet “Horisontal Connectedness”, som handlar om at læringsmiljøet på skulen opnar seg mot omverda, ein kommuniserer med andre skular,  næringsliv, foreldre. Alt dette vert enklare og meir umiddelbart ved hjelp av teknologien. For å ta ein døme: Elevar reiser på ein heilt vanleg ekskursjon til ei bedrift. Etterpå skriv dei rapportar. Dette er skule slik vi kjenner det. Men rapporten vert skriven i eit googledokument, og ein tilsett i bedrifta kjem inn i dokumentet og kommenterer. Til slutt har elevar og bedriftsleiaren eit Skypemøte der dei evaluerer prosjektet. Her har ein altså brukt teknologien til å kommunisere effektivt med omverda og gi meirverdi til eit læringsprosjekt.
OECD-rapporten slår fast at læring er grunnleggande sosialt. Vi lærer av og med kvarandre. Det tyder ikkje at ein aldri skal sitja aleine og konsentrera seg, men læring har alltid eit sosialt element. Her kan også teknologien gi store gevinstar. Elevar jobbar saman med ei oppgåve i eit googledokument. Dei hjelper kvarandre med dei ulike delane av oppgåva, i staden for å skriva kvar sin del og så lima i hop til slutt, kjenner alle ansvar. Læraren er også inne i dokumentet, og kan sjå kven som skriv kva, om nokon treng ekstra hjelp eller om ei gruppe ikkje ser ut til å fungere. Dette er kvardagen i mange norske skular.
Debattinnlegga eg refererte til synes å bygga på ein ide om eit isolert klasserom, med ein lærar som er den einaste kjelda til kunnskap – i tillegg til læreboka. Elevane sit og les eller høyrer etter. Slik lærer dei. Men dette er ikkje eit realistisk bilete av eit norsk klasserom i 2014, det er heller ikkje eit ønskeleg rom, om ein vel å ta læringsforskning alvorleg.
Er ikkje distraksjon eit problem? Jau, sjølvsagt. Det er det for oss alle i 2014. Magnus Sandberg skriv godt i Dagbladet om Howard Rheingolds bok “Net Smart” og det han kallar “Crap Detection”. Rheingold viar faktisk heile det første kapitlet i boka til problematikken rundt det å stadig vera pålogga, og ikkje vera her og no i sitt eige liv. Skulen kan hjelpa elevane til å reflektera over dette. Det er fint m dagar som startar med t. d. konsentrasjonsøvingar eller stille lesing. Vi treng å ta kontroll over våre eigne liv, og vera medvitne om når vi gjer kva. Dersom ein tek teknologien ut av skulen, tek ein mange læringsarenaer bort frå elevane, og reduserer høva dei har til å samarbeida og vera kreative. Ferdigheiter OECD jobbar med å få inn i PISA-målingane. Eg berre nemner det.
Photo 23.01.14 20 47 48

Kvar har du blikket?

Den siste veka har eg på svært ulike måtar blitt minna om kor viktig det er kvar du har blikket. Det åpna med eit føredrag med Riel Miller på konferansen Disruptive educaton: “The New Context of Learning”. Riel Miller er framtidsforskar. Eg trur ikkje eg klarar å gjengi innhaldet, men ein av tankane eg fekk av det, var nettopp det ganske banale: Korleis du ser føre deg framtida, har konsekvensar for korleis du handlar i dag. Eg trur at det å verta medviten om kva framtidsbilete ein har, både i eige liv og i større samanhengar, kan føre til at ein tar meir medvitne val. For ein organisasjon, for eksempel ein skule, blir det viktig å snakka saman om dette. Korleis ser vi for oss vår skule om 5 år? Om ti? Og også meir generelt: Kva er framtida for skulen? Svara vi gir, påverkar korleis vi agerer i dag, og om vi klarer å jobba saman for å nå måla våre. Dette tyder sjølvsagt ikkje at det ikkje er viktig å sjå bakover, kjenne historia, men det føler eg at vi er meir medvitne på og snakkar meir om.

En litt annan akse enn bakover – framover, er innover – utover. Den synes eg er særleg relevant for skulen. Ser vi utover på samfunnet rundt oss – eller innover på eigen organisasjon for å finne ut korleis vi skal handle? Begge deler er sjølvsagt legitimt, men det fører gjerne til ulike retningar. Eg trur distriksskular ofte er meir utoverretta, dei ser f. eks. ei oppgåve i å skaffe arbeidskraft i lokalsamfunnet. Eg kan bruka Knarvik vgs, der eg jobba før, som eit godt døme. Skulen har i svært mange år samarbeida tett med næringslivet i Nordhordland for å utvikle utdanning som er i tråd med behova i lokalsamfunnet. TAF- ordninga er kanskje det mest kjende resultatet av samarbeidet. Men eg trur ikkje skulen berre kan tenkja lokalt og på arbeidskraft ved å retta blikket utover. Ein kan også sjå meir generelt på samfunns- og arbeidslivet, og spørja: Kva eigenskapar er det viktig å dyrka hos elevane, slik at dei vert budde på å bli ein deltakar i samfunnet? Kva kompetanse treng dei? Kan skulen i dag vera det same som for femti år sidan? Er samfunnet det same?

I går skreiv Henning Lund eit blogginnlegg i høve ein debatt om IKT-satsingen i norsk skule som Norsk Lektorlag arrangerte på Litteraturhuset i går kveld. Med spørsmåla sine, ser Henning nettopp utover og framover:

Lektorene møter en ny virkelighet i årene som kommer. Vi kan møte den virkeligheten forlengs eller baklengs, men uansett er det ikke tvil om at vi får mange flere utfordringer og muligheter en vi har hatt – både faglige og på andre måter. Jeg har et fromt ønske om at NLL (og de andre fagforbundene) snart begynner å diskutere hvordan skolen skal tilpasse seg virkeligheten. Hva er lektorens jobb og rolle om 5 – 10 – 20 år? Hvordan skal lektorene dyktiggjøres mtp å møte utfordringene som online-verdenen skaper i undervisningssituasjonen? Hvordan skal lektorene dyktiggjøres mtp å klare å utnytte det enorme mangfoldet vi har fått av verktøy og tjenester som kan brukes i skolen? Her er det en jobb å gjøre, og i mitt hode tror jeg det er når disse diskusjonene kommer opp at NLL har noen mulighet til å påvirke utviklingen.

Og då tenkjer eg: Det er viktig å klargjera slike grunnleggande spørsmål som kva ein tenkjer om framtida. Er det slik at dei som måtte ha andre tankar enn meg om skuleutvikling, eller IKT i skulen for den del, har andre framtidsbilete? Det kunne ha vore ein spennande diskusjon.

Kva skal vi gjera med kunnskapsaktivistane?

“Kunnskapsaktivister”, kallar Monitor 2011 dei. Du kjenner dei sikkert. Faktisk er det store sjansar for at du er ein av dei, sidan du har rota deg inn på denne bloggen. Kunnskapsaktivisten er eit oppkomme av nye idear som han ikkje er redd for å prøva ut i klasserommet. IKT i klasserommet opnar for endå fleire moglegheiter enn han såg før. Han har tankar om korleis skulen og klasserommet burde vera som han prøver å få med seg leiinga på. Han reiser gjerne på konferansar der han treff likesinna. For heime på skulen, der er han sørgeleg aleine.

Kunnskapsaktivisten er ein ressurs for leiinga på skulen, men også ei hovudpine. Dei vil gjerne støtta og oppmuntra, men mange av ideeane til kunnskapsaktivisten vil involvera andre lærarar og det er ikkje alltid dei har så lyst på endring. Så dei gjer det som er lettast: Dei oppmuntrar og støttar ved å lata han få reisa på dei konferansane han vil, og prøva ut det han ynskjer i sitt eige klasserom, så lenge det ikkje er altfor dyrt og revolusjonært. Av og til legg han fram på skulen kva han driv med. Han får mange klapp på skuldra, så skjer det ikkje så mykje meir.

Er dette eit problem? Ja og nei. Eg kjenner mange av desse eldsjelene, og gudene skal vita at dei inspirerer og skapar kreativitet rundt seg – særleg ved hjelp av blogging og twitter. Mange har fått fart på seg etter å ha høyrt ein kunnskapsaktivist på ein konferanse. Dei er ein uvurderleg ressurs for skule-Noreg. Men nokre av dei slit seg heilt ut. Og det er knallhardt å stå på i eit lett uinteressert kollegium, sjølv om leiinga ikkje motarbeider. Og skulen nyttar ikkje kunnskapsaktivisten sin kompetanse på nokon god måte, dei får lite att. Han kan faktisk bli ei sovepute for leiinga.

Så kva skal vi gjera? Korleis blir slike eldsjeler tatt godt vare på slik at deira kunnskap og kompetanse kjem heile skulen til gode? Korleis sørger leiinga for ei brei kompetanseheving og utvikling der alle er med? Køyr debatt!

Å stenga verda ute

Av og til kan det vera godt å stenga verda ute. Krype under dyna litt, eller berre drikka ein kopp te og stirra ut i lufta. Behovet er ikkje blitt mindre etter at nettbruken min har eksplodert. Eg merkar at eg somme tider treng å kobla ut, bokstaveleg tala. Alle mine gode vener på Twitter postar stadig nye lenker som eg skulle ha sjekka ut, men det vert for mykje, og eg kjenner eg blir litt stressa av det. “Lenkestress” har eg kalla det for meg sjølv. Det hjelp ikkje at eg kan merka dei som favorittar og lesa “seinare”, “seinare” har det kome hundre nye! RSS er ei velsigning, men det er det same der. Alltid nye blogginnlegg og artiklar eg skulle ha lese. Det er så ein kan lengta etter tida då BT, Dagbladet og NRK fortalte meg det eg trengte å vita. Eg er ingen stor multitaskar heller, eg må ha ting kvar for seg, stort sett. Eg ser heilt klart at eg er i ein prosess der det å takla store informasjons- og kommunikasjonsmoglegheiter er utfordringa. Når slår eg av? Kva skal eg velga?

Denne veka har alle lærarane i vgs i Hordaland fått eit system som heiter Tigru på PC’ane sine. Det gjer at vi kan slå av nettet for elevane når vi ynskjer det. Eg ser heilt klart det praktiske i dette. Eg syns på mange måtar at det er ei god ordning. Men vi burde ta oss tid til å reflektera over kva det er vi gjer med å ta i bruk eit slikt system. Kva oppnår vi med å stenga verda ute frå klasserommet? Når er det greitt å gjera dette? Og kva etiske implikasjonar har det?

På same måte som eg har behov for å vera utan nett av og til, har nok elevane det. Det kan vera godt å konsentrera seg om ein ting, mange skriv om korleis dei må slå av twitter når dei skal skriva eller retta. Men på same måte som meg, treng elevane å sjølve finna ut kvar deira grenser går, kva dei taklar av inntrykk på ein gong, og korleis dei arbeider best mogleg. Gjer dei det om eg bestemmer når nettet går ut? Kanskje er dei ikkje mogne nok til å takla ei slik stor og vanskeleg utfordring. Men når er dei det? Og når skal dei få øva på dette? Etter vidaregåande?

Ein annan ting er at ei slik stenging berre er ein illusjon. Nettet er i rommet likevel, elevane har telefonar med annan nettilgang. Vi klarar aldri å stenga det heilt ute. For mange er det andre nettverk i nærleiken av skulen, som dei kan koma innpå. Står vi ikkje i fare for å gjera det til ein sport å omgå stenginga, i staden for å læra elevane å tenkja over sin eigen nettbruk?

Ja, vi har ei eksamensordning som ikkje tillet nettilgang. Det er viktig å øva på eksamensforma. Eg ser det. Men er det berre på prøvar vi skal ta i bruk Tigru? Er vi einige om det? Kva med han der som aldri klarar å halda seg unna Facebook i timen? Er det ikkje greitt å slå av nettet for han nokre timar, så mykje han lærer? Eller når du som lærar skal snakka, elevane vil ha oppe maskina for å ta notat, og du veit dei går på nettet i staden? Då er det vel greitt?
Ja, kanskje? Vi skal berre vera klare over kva vi gjer. Vi gjev oss sjølve høvet til å driva skule slik vi kunne det før verda endra seg så fundamentalt. Vi bør i alle høve vera ærlege nok til å innrømma det. Og kvifor vil vi det? Fordi det framleis er den beste skulen? Ja vel, seier eg, gi meg argumenta. Det kan godt henda dei held. Men eg vil ha dei, for om vi ikkje diskuterer grunnlaget for dette, om vi ikkje veit kvifor vi skal ha rett til å stenga verda ute, vi berre vil det, så er det ikkje godt nok.

Bilete: ‘Clarity’
http://www.flickr.com/photos/61436699@N00/1208632794

Kan alle legge ned våpna, og kome opp av skyttergravene ei lita stund?

Yotsuba: Tagged!?Dei siste dagane har lærarar som har tatt i bruk digitale verktøy for alvor i undervisninga si, og som er positivt innstilt til dette, fått så hatten passar i Bergens Tidende og på nettsidene til Lektorlaget. Eg viser til kjemikeren sitt oversyn over bloggreaksjonar på dette. Det har vorte skrive så mykje bra om dette at eg let innvendingane eg måtte ha til innhaldet i oppslaget i Bt og artikkelen hjå Lektorlaget, ligge. Mitt problem er at dette gjer det enda vanskelegare å få i gang konstruktive dialogar på skulane om bruken av digitale verktøy. Ordbruken i gullkorn og overskrifter er eigna til å piske opp stemninga, og lage merkelege “for eller mot”-konstruksjonar. Det trengte vi verkeleg ikkje.

June viser til ei undersøking som fortel at dei aller fleste lærarane i Hordaland er positive til bruk av IKT i skulen. Likevel veit vi at det er mykje frustrasjon ute og går. Mange lærarar er lei av elevar som nyttar Facebook og MSN i timen. Opplæringsdirektøren har måtta tole ganske så sterke karakteristikkar både i aviser og på nett, for si haldning til dette, og for måten Hordaland implementerer bruken av digitale læremiddel på – det går for fort, kvaliteten er for dårleg, handlefridomen er trua. I dette klimaet er det vanskeleg å seia til kollegaer at eg ikkje syns MSN og Facebook er eit problem, og at eg syns Fjeld står for ei klok haldning. I dette klimaet er det vanskeleg å seia at læreboka i engelsk ikkje var noko stort tap, og at vi nok kjem til å fikse å vera uten. For vi kjem aldri lenger enn til slike påstandar. Det vi burde snakka om, var korleis vi må endra pedagogikken vår for å møte framtida. Men det ligg heile tida noko vondt og destruktivt under diskusjonane. Seier eg at vi må endre pedagogikken, høyrer andre at eg seier at dei ikkje er flinke nok. Seier eg at MSN/FB ikkje er eit problem dersom ein underviser på litt andre måtar, høyrer andre at eg trur eg fiksar absolutt alt i mine timar, og at andre ikkje får til nokon ting. Og så vidare. Dette er det som er hovudproblemet med PC’ane i klasserommet.

Korleis i alle dagar kjem vi i ein dialog som ikkje endar i skyttergravskrig, slik avisene vil ha det? Det går utover alle.

Min fagleg-pedagogiske dag 2.0

I dag er det fagleg-pedagogisk dag på Universitetet i Bergen. Dagen er ein tradisjon, alltid første fredag i februar, og lærarar frå heile Vestlandet strøymer til for å gå på førelesingar og treffa gamle kjente. Eg likar denne dagen veldig godt. Det passar meg ypperleg å sitja på førelesing og høyra på interessante føredrag, og det er alltid gøy å treffa gamle studiekameratar. Men i dag vart eg heime. Eg hadde gledd meg til to dobbelførelesingar v. Håkan Rydving om samisk religion, kultur og språk, emne eg kan altfor lite om. Dessutan har eg høyrt så mykje fint om Rydving. Diverre vart førelesingane avlyst. Eg blei skikkeleg lei meg når eg fann det ut i går, og sjølv om eg la ein plan med andre førelesingar, kjente eg at motivasjonen var vekke. I dag tidleg slo det meg: Kva om eg brukar dagen på artiklar og føredrag på nettet? Eg har så mykje eg skulle ha høyrt og lese, og eg har ikkje tid til å fordjupa meg i dette på ein vanleg dag på jobb. Eg kontakta avdelingsleiar og fekk klarsignal.

Eg starta dagen med å lesa “A vision of Students Today (& What Teachers Must Do)” av Michael Wesch. Eg tagga artikkelen på Diigo, slik at eg kunne understreka og ta notat undervegs, og få tilgang til andre sine understrekingar og notat. Slik kan eg også dele artikkelen med dei som er i nettverk med meg på Diigo. Eg har også merka artikkelen i Delicious, og slik delt han med nettverket mitt der. Du finn også bokmerka mine på den offentlege netvibes-sida mi.

Denne artikkelen føl opp videoen “A Vision of Students Today”, som har vore ein stor hit på YouTube, og skapt mykje diskusjon. Det kan vera hardt, nesten vondt, å ta innover seg både videoen og artikkelen, fordi Wesch stiller heilt grunnleggjande spørsmål om kva læringssyn utdanningsinstitusjonane våre har – der vi tviheld på eit rom som signaliserer at “information is scarce and hard to find”, og der det er ei stemme som gjeld – og som sit med kunnskapen. Han tek også opp at gjennom år har vi umedvite lært elevane og studentane våre “The getting by game”, der det er om å gjera å gjera/lesa minst mogleg med best mogleg resultat – dette sitatet seier det meste: “Our students are so alienated by education that they are trying to sneak right past it”. Fusk er jo den ultimate øvinga i dette spelet. Korleis kan vi leva med at det å læra ikkje er det viktigaste for elevane våre i utdanninga deira? Slik har det jo vore lenge, men det vert så tydeleg no, når PC’ane er her, informasjonen er meir enn tilgjengeleg, den er overveldane, og elevane er alle andre stader mentalt enn i rommet, saman med deg. Wesch meiner det fins løysingar på problema: “Fortunately, the solution is simple. We don’t have to tear the walls down. We just have to stop pretending that the walls separate us from the world, and begin working with students in the pursuit of answers to real and relevant questions.” Han ynskjer nedbygging av faggrenser og meir arbeid med spørsmål som elevane finn relevante i liva sine, og han meiner vi kan ta i bruk teknologien for å få dette til. Dei som ynskjer å vita meir om dette, kan sjå videoen “A Portal to Media Literacy” som viser korleis han gjer dette.

Eg vart på Britannica Blog ei stund til. Howard Rheingholds artikkel “R.I.P.: Lectures, Notes, and Tests (Scrapping the Old Ways)” var ein glimrande oppfølgjar til Wesch. Han fortel om korleis han har undervist sin klasse (Berkeley), ved bruk av bloggar, forum, wikis. Det er flott å lesa ei så konkret skildring av korleis ein kan gjera det. Han lar grupper på tre studentar undervise dei andre, etter eit opplegg som verkar svært godt. Eg trur det er mogleg å overføra dette til mitt klasserom i litt mindre skala. Ein ting som han poengterer i artikkelen, er at ein av dei viktigaste tinga å utvikle hos studentane, er “mindfulness”, eg trur vi kan omsetja med medvit, om bruken av laptops blant anna. Når ei gruppe underviser er det berre dei i gruppa som skal ha oppe PC’ane, ikkje dei andre.

Før eg forlot Britannica Blog, tagga eg ein del andre artiklar i delicious og diigo, for å kunna koma tilbake til dei. Så trengte eg ein pause, tok meg ein tur innom Twitter, men der var det ikkje mykje aktivitet nett då, så eg åt litt lunsj i ro og fred og tenkte at nett no er det kjekkare i kantina på Sydneshaugen, heilt klart.

Så gjekk eg til bloggen til Will Richardson, for endeleg å sjå intervjuet han gjorde med Rheingold for nokre veker sidan. Det er ein time langt, så tidlegare forsøk har vortne avbrotne. Trass i litt dårleg kvalitet på opptaket, var det vel verdt tida. I løpet av samtalen er dei innom mange sider ved sosial web nytta i utdanning, og eg trur eg vil avgrensa meg til å skriva litt om det som eg festa meg ved umiddelbart. I starten av samtalen snakkar dei om “tuning” av sosial web. Det inneber at vi gjer nett-tenestene og nettsamfunna personlege, at vi vel ut og stiller inn slik at vi har mest mogleg nytte av dei. Rheingold nyttar Twitter som døme – måten ein vel ut kven ein vil følgja på Twitter etter kven ein får noko igjen for å følgja, dei som postar om ting ein sjølv er interessert i. Dette syns eg er eit spennande tema, eg trur læring på nettet i høg grad handlar om dette: Vi vel ut og spesialiserer lesinga vår og bidraga våre, noko som er blitt mykje lettare med RSS-teknologien. Vi vil velgja sjølve når og kvar og kva vi skal lese og lære og kven vi vil lære det saman med. Viktige spørsmål i samband med dette er jo – er elevane også slik? Og kva med skulen då? Der er det ytre krefter som bestemmer når ein skal lese kva og kven ein skal lære med. Og eit anna viktig spørsmål – kva med det generelle og allmenne opp i dette? Det er mange ting elevar ikkje er spesielt interessert i, som dei absolutt treng å kunna noko om, fordi det er viktig for demokratiet og samfunnet. Cluet er vel at vi må gjera desse emna relevante for elevane.

Oppsummering av min eigen, “tuna” fagleg-pedagogiske dag: Det beste var Rheingold sin artikkel, fordi eg fekk denne konkrete skildringa av korleis han organiserte studentane sine. Wesch kjenner eg frå før, og veit at eg syns han er ein viktig mann å lytte til. Det fekk eg stadfesta i artikkelen. Rheingold og Richardson genererer ein del tankar hjå meg som eg nok kjem tilbake til. Det er fint å bruke tid på å blogge om dagen, fordi eg sjølv lærer mykje av å måtta formulera meg, og fordi eg syns eg har ei plikt til å dele det eg les og ser med andre. Eit poeng med denne bloggposten har også vore å demonstrera korleis læring på nettet kan føregå, det handlar om å finne stoffet, det skjer gjerne via andre sine lenker, det handlar om å lese og dele det vidare via delicious og diigo, og det handlar om å reflektere over det eg har lært på bloggen. Er eg heldig, går prosessen vidare med kommentarar og diskusjon.

Vil eg berre lære på denne måten framover? Niks, eg vil gjerne vera saman med andre og samtale, eg vil gjerne høyra ekspertar “live” på fagleg-pedagogisk dag. Men eg vedgår at med alle dei interessante menneska, diskusjonane og refleksjonane eg finn på nettet, vert dette ein viktigare og viktigare læringsarena for meg. Kanskje eg vert meir kritisk til kva eg vil høyra og lesa når tilbodet er så stort? Og då var vi tilbake til elevane…

Men lunsjen var litt stusseleg.

Bærbar PC i klasserommet kan vera ein styggedom!

Takka vera Kari som tipsa meg om Ingunn Kjøl Wiig sin blogg, kom eg takka vera Ingunn skikkelig igang med Delicious, og takka vera Delicious fann eg blogginnlegget eg skal skriva om her, takka vera Leif Harboe som hadde tagga det. Dette er pointet med nettverk, folkens!

Men altså: “Why I Ban Laptops in my Classroom” av David Cole, professor i juss ved Georgetown university. Blogginnlegg på Britannica Blog, bloggen til Encyclopedia Britannica. Her blir det blogga av spesielt inviterte smartingar med evne til å skriva. Vel verdt å bruka litt tid på, det skal i alle høve eg gjera.

Poenga til Cole er 1) Studentane hans tek notat på laptop, men det fører til at dei blir meir fokuserte på å skriva nøyaktig det han seier enn å formulera sine eigne notat – poenget med å ta notat blir borte. 2) Studentane gjer på alt mogleg anna, som å legga kabal, surfa på nettet…etc. Han har difor lagt ned forbud mot bærbare PC’ar på førelesingane, og studentane er godt nøgde.

Eg har ikkje nokre nye argument å koma med i høve til dei svara Cole har fått på innlegget, men sidan dette er relevant i høve til diskusjonen “her heime”, vil eg gjerne kommentera det likevel: Ja, dersom det er notatskriving elevane skal bruka PC’en sin til i timen, er investeringa til fylkeskommunen heilt bortkasta. Særleg det trådlause nettverket! Eg vil ikkje ha elevar som brukar PC medan eg snakkar i det heile – då skal dei sjå på MEG. Og fylgja med! Eg er nemleg ikkje så interessant at eg kan konkurrera med Facebook og MSN. Men stort sett er ikkje dette noko problem, eg føreles ikkje så veldig mykje, og når eg gir instruksar om kva vi skal driva med, forklarar, oppsummerer, når vi har klassesamtalar, når elevar har innlegg, skal Pc’en vera lukka. Ned med loket!

Det er klart, dersom ein berre føreles, har ein eit problem. Då kan ikkje elevane bruka PC’en i det heile om dei ikkje skal notera. Men det er det ingen som gjer i vidaregåande skule, i alle høve svært få. Poenget er sjølvsagt at lærarane og elevane må få kunnskapar og verktøy til å bruka Pc’en på andre måtar enn som ei avansert skrivemaskin.

Nokre lærarar seier at elevane forlangar å notera, og at dei då har mykje betre orden på notatane enn i ei skrivebok. OK. Då har eg følgande forslag: Ein elev får i oppgåve å notera kvar gong. Så lagar læraren ein klassewiki, der elevane legg ut notata etter kvart. Så kan dei andre legga til kommentarar, bilete, fylla ut notata, finna relevante lenker, etc. Då vert notata utgangspunkt for vidare læring.

Eigentleg trur eg ikkje vi klarar å utnytta PC’en fullt ut som læringsverktøy i klasserommet før lærarane ser behovet for å endra undervisningspraksis som følge av den digitale revolusjonen. Eg trur f. eks at vi i mykje større grad treng å arbeida i lengre bolkar med kvart fag i slengen, slik at elevane får tid til å gjera større oppgåver, og ikkje vert avbrotne heile tida. Men det er emne for eit eige innlegg, trur eg!

(photo: Selva Morales, flickr cc)