Om lærarar og lektorar og førestillinga om at alt var betre før

Førestillinga om at alt var betre før, ligg djupt i oss alle. Prøv å legga inn ein liten kommentar i den retninga i uforpliktande samver; støtta kjem umiddelbart. Så er det ein del som tek seg i det, og humrar litt om Aristoteles. Men vi har det i oss, dei aller fleste. Psykologane kan sikkert forklara kvifor

Det er lærarstreik. Lærarane streikar for å få behalda ei arbeidstid på ca 43 timar i veka, der 13 timar kan nyttast kvar ein måtte ynskja, og kva tid på dagen ein måtte ynskja. Så enkelt er det, og for dei som framleis ikkje har fått det med seg, er det nok viljen og ikkje vitet, det skortar på. Men det er berre difor lærarane streikar. Ikkje fordi dei tykkjer dei har verdens dårlegaste arbeidsplass. Det skulle ein ikkje heilt tru, når ein ser kva for ytringar som kjem opp i samband med streiken. Det er så mykje som føl med ei hes, som svigerinna mi seier.

Lengst gjekk prosfessor i internasjonal pedagogikk, Arild Tjeldvoll, i sin kronikk “Lærerstreiken er en tapt sak” denne veka. “Lærerne har blitt proletarisert og skolens faglige resultater har sunket”. Men det er ikkje lærarane si skuld: ” Skylden ligger i den skolepolitikken som har vært ført etter krigen og den pedagogiske forskningen som trofast har støttet denne politikken. Det har vært skolepolitikk som sosialpolitikk”. Somme anar nok kvar vi skal no, og ja, dit skal vi. For å seia det kort. All slags ungar og ungdomar har kome inn i vanleg skule, læraren har blitt sosialarbeidar, og fag er ikkje viktig lenger. Men forteljinga til Tjeldvoll har ein helt: Lektoren. Vi må unna oss eit sitat til: “Det som trengs er en strategi for å gjenreise den faglige skolekulturen vi hadde i tiden med realskole, landsgymnas og lektorer med seks års utdanning fra universitetet. Lektorene var så viktige at de var embetsmenn, utnevnt av Kongen i statsråd. I første del av forrige århundre utdannet de den hjernekraften som senere gjorde landet sterkt økonomisk, teknologisk og kulturelt”.

Kort sagt, lærarane (dei lærarskuleutdanna) har vore så teite at dei ikkje har sett kva som skjedde med skulen, men det er ikkje deira feil, dei har blitt hjernevaska. Så mykje for støtta.

Men vi må snakka litt meir om lektorane. I BT i dag er Ingebjørn Bleidvin inne på noko av det same i kronikken “Den makteslause læraren” (takk for den). For å svara på kva som har gått så gale, viser han til to pedagogikk-forskarar som mellom anna skal ha peikt på at “Allmennlæraren tok over for den fagleg sterke lektoren”. Ja, kva skal ein eigentleg med fiendar, med slike vener?

Først litt opplæring: Allmennlæraren er den gamle “læraren”. Han er utdanna på lærarskulen, i gamle dagar på “seminaret”, som det heitte. Han underviser primært i grunnskulen, tidlegare i folkeskule og framhaldskule. Lektoren er utdanna på universitetet, som oftast, ho har hovudfag eller master, og eitt år praktisk-pedagogisk utdanning (tidlegare eit halvt). Lektoren treff du ofte i vidaregåande skule, i bynære strok også i ungdomsskulen. Ei tredje stor gruppe er dei universitetsutdanna adjunktane, ofte i ungdomsskulen, også å sjå i vgs. Denne lektoren med sterk fagleg fordjuping har ingenting i barneskulen å gjera, til det kan ho altfor lite om ungar. Og slik har det vore, og slik er det. Konklusjon: Ingen har tatt over for lektorane! Hallo? Vi er her! Ja, for det gløymde eg å seia. Eg er lektor sjølv. Det går i grunnen greitt.

Så må eg peika på det opplagte, og eg beklagar dette. Vi lever i eit heilt anna samfunn no enn vi gjorde i glansdagane til Bleidvin og Tjeldvoll, som er 50-og 60-åra. Vi kan gjera eit tankeeksperiment: Dersom vi hadde teke vare på spesialskulane, som gjorde at vanartige born ikkje gjekk i vanleg skule, kunne vi då drive skule på same måten som den gongen? Kunne læraren, unnskyld, lektoren, ha sluppe å vera “sosialarbeidar” då? Nei. Vi har til dømes stor openheit om psykisk helse i dag. Dei aller fleste kan mykje om det. Medan ein lektor den gongen kunne lata vera å sjå at Agnes hadde blitt veldig tynn, rett og slett fordi han ikkje forsto kva han såg, er det ikkje slik no. Vi veit og vi ser, og vi gjer det vi skal. Og det er faktisk ikkje å vera sosialarbeidar! Er det noko eg er drit lei, unnskyld språket, så er det dette maset om at vi må vera sosialarbeidarar. Vi er profesjonelle lærarar, og ser vi at eleven vår har det vanskeleg,  snakkar vi med henne, er det naudsynt snakkar vi med helsesøster, eller vi tar ein telefon heim. Eller vi får hjelp av utdanna sosialarbeidarar. Og somme gonger får vi ein telefon heim, og det taklar vi heilt fint. Der kjem dei 43 timane inn.

Og så må eg seia noko om fagleg styrke og å få konsentrera seg om fag. Ta det heilt med ro. Vi elskar fag. Vi gjer det vi kan for at elevane våre skal læra mest mogleg fag. Og vi er utruleg dyktige. Vi er så dyktige at vi kan lesa følgande bombe i Kommunal rapport her om dagen: “Kanskje verdens beste skole“.

Eg innrømmer det: Eg er litt lei no. Eg håpar at streiken snart er over, og at lærarane får behalda noverande arbeidstidsordning. Og så kan vi snakka om framtida, ikkje fortida, ver så snill? Vi har nemleg ein jobb å gjera. Kloden kokar, og våre elevar må redda han. Kva skal vi i skulen gjera med det?

Kva er god læring og kvar føregår det?

Det pågår ein ganske intens debatt i media om databruk i skulen. Lars Vavik gjorde koblinga mellom PISA-resultata og IKT-bruk i Dagbladet før jul, og sidan har fleire slengt seg på, seinast Eva Grinde i Dagens Næringsliv på fredag. I går publiserte Ingunn Kjøl Wiig, Henning Lund og Gunnar Hovde eit svar i Klassekampen, der dei gir konkrete døme på korleis god IKT-bruk kan skapa meirverdi i klasserommet. Eg vil gjerne gå litt bak debatten, og stilla nokre spørsmål om premissane for den. Kjernen i kritikken synest å vera distraksjon. Elevane forsvinn ut i sosiale medier og klarar ikkje å konsentrera seg om læringa. Læraren misser kontrollen. Men kva er eigentleg læring? Kvar føregår læring i 2014, når føregår det, og er det same som det alltid har vore? Vi veit ganske mykje om dette, både pedagogisk forskning og hjerneforskning har gitt mange svar.  I OECD-rapporten “The Nature of Learning: Using Research to Inspire Practise” (2010), som er ein metastudie der ein samlar ulike forskningsperspektiv og analyserer dei, kjem ein fram til sju ulike prinsipp for eit godt læringsmiljø, der alle sju må vera tilstades. Eg tilrår ein kikk på denne rapporten, og på oppfølgaren, Innovative Learning Environments (2013).
45983813The nature of learning cover 150
I 2014 føregår læring mange ulike stader. Teknologiutviklinga i samfunnet gjer at omgrep som “blended learning” og “informal learning” er mykje drøfta. Grensene mellom skule og heim, leik og læring er i oppløysing. Elevar kan kommunisera med kvarandre om lekser på ettermiddagstid, og også med læraren. OECD-rapporten opererer også med omgrepet “Horisontal Connectedness”, som handlar om at læringsmiljøet på skulen opnar seg mot omverda, ein kommuniserer med andre skular,  næringsliv, foreldre. Alt dette vert enklare og meir umiddelbart ved hjelp av teknologien. For å ta ein døme: Elevar reiser på ein heilt vanleg ekskursjon til ei bedrift. Etterpå skriv dei rapportar. Dette er skule slik vi kjenner det. Men rapporten vert skriven i eit googledokument, og ein tilsett i bedrifta kjem inn i dokumentet og kommenterer. Til slutt har elevar og bedriftsleiaren eit Skypemøte der dei evaluerer prosjektet. Her har ein altså brukt teknologien til å kommunisere effektivt med omverda og gi meirverdi til eit læringsprosjekt.
OECD-rapporten slår fast at læring er grunnleggande sosialt. Vi lærer av og med kvarandre. Det tyder ikkje at ein aldri skal sitja aleine og konsentrera seg, men læring har alltid eit sosialt element. Her kan også teknologien gi store gevinstar. Elevar jobbar saman med ei oppgåve i eit googledokument. Dei hjelper kvarandre med dei ulike delane av oppgåva, i staden for å skriva kvar sin del og så lima i hop til slutt, kjenner alle ansvar. Læraren er også inne i dokumentet, og kan sjå kven som skriv kva, om nokon treng ekstra hjelp eller om ei gruppe ikkje ser ut til å fungere. Dette er kvardagen i mange norske skular.
Debattinnlegga eg refererte til synes å bygga på ein ide om eit isolert klasserom, med ein lærar som er den einaste kjelda til kunnskap – i tillegg til læreboka. Elevane sit og les eller høyrer etter. Slik lærer dei. Men dette er ikkje eit realistisk bilete av eit norsk klasserom i 2014, det er heller ikkje eit ønskeleg rom, om ein vel å ta læringsforskning alvorleg.
Er ikkje distraksjon eit problem? Jau, sjølvsagt. Det er det for oss alle i 2014. Magnus Sandberg skriv godt i Dagbladet om Howard Rheingolds bok “Net Smart” og det han kallar “Crap Detection”. Rheingold viar faktisk heile det første kapitlet i boka til problematikken rundt det å stadig vera pålogga, og ikkje vera her og no i sitt eige liv. Skulen kan hjelpa elevane til å reflektera over dette. Det er fint m dagar som startar med t. d. konsentrasjonsøvingar eller stille lesing. Vi treng å ta kontroll over våre eigne liv, og vera medvitne om når vi gjer kva. Dersom ein tek teknologien ut av skulen, tek ein mange læringsarenaer bort frå elevane, og reduserer høva dei har til å samarbeida og vera kreative. Ferdigheiter OECD jobbar med å få inn i PISA-målingane. Eg berre nemner det.
Photo 23.01.14 20 47 48

Desse yrkesfagelevane!

Dette innlegget skal handle om dei 16-åringane som vel eit yrkesfagleg utdanningsprogram etter ungdomsskulen. Ei gruppe som får finne seg i å bli stigmatiserte med ein gong dei har tatt dette valet, frå velmeinande akademikarar, politikarar og verst av alt: lærarar. “Yrkesfagelevar” er identisk med dårlege karakterar, fråfall, liten interesse for “teori” (gudane veit kva det tyder), og gjerne dårleg oppførsel. Undersøkingar viser at fråfallet frå vidaregåande skule er størst på yrkesfagelege program. Og dermed veit alle som ikkje veit nokon ting, at problemet er all “teorien”. Vel. Ei meir nedlatande og skadeleg haldning skal ein leita lenge etter.

Kva er min bakgrunn for å meina høgt og iltert om dette? 15 år med undervisning i norsk og engelsk på omtrent alle yrkesfaglege programområde. Det er ofte litt annleis å undervisa i klassar på yrkesfag enn på studiespesialiserande. Den viktigaste skilnaden er at som oftast er klassane mindre, frå 12 til 15 elevar. Og dessverre ofte meir kjønnssegregerte. Det er eit herleg syn å sjå gutane frå elektro og bygg koma saman med jentene frå helse og sosial og formgjeving på påbyggsåret. Sjå kor dei kroar seg og kosar seg. Vi har no ein gong for det meste god effekt på kvarandre, vi jenter og gutar. Men sånn elles, er yrkesfagelevane like ulike som dei på studiespesialiserande. Sjølvsagt. Massevis av elevar som er grusomt gode i engelsk. Der også. Massevis av elevar som kjedar seg i norsktimane. Der også. Elevar med høge ambisjonar, med psykiske vanskar, med sinne i seg, med avansert humor. Der også. Sjølvsagt.

Så var det denne teorien då. Mindre teori, meir yrkesretting, er slagordet. Og det ypperste eksemplet på kor gale det står til, er norsklærarar som driv med diktanalyse med yrkesfagelevar. Eg vil gjerne spørje: Skal yrkesfagelevane ut i eit anna samfunn enn dei andre elevane? Eit som er mindre komplekst, med mindre informasjonsoverflod og mindre teknologi? Det finnest omtrent ikkje manuelt arbeid lenger. Kompliserte teknologiske prosessar dominerer dei fleste yrke. Men det er kanskje ikkje denne teorien ein snakkar om. Lat oss gå tilbake til det aller mest idiotiske: diktanalyse på yrkesfag.Som eg forøvrig driv med i desse dagar. Kva skal dei med det? Eg spør igjen: Skal yrkesfagelevane ut i eit anna samfunn enn dei andre elevane? Eit som er mindre komplekst, med mindre informasjonsoverflod og mindre teknologi? I tillegg spør eg: Forstår desse velmeinande politikarane og akademikarane kvifor ein driv med diktanalyse med elevar? Trur ein det er for at dei skal kunna konversera lett om Wergeland etter ein betre middag med gode vener? At diktanalyse er ein slags sport som gir cred i borgarskapet?

Poesi er språkbruk i ei veldig rein, destillert form. Det er ein sjanger som er svært eigna til å studera det vi heile tida jobbar med i norskfaget – korleis språket blir meiningsskapande, manipulerande, provoserande, irriterande. Verkemiddel ein lett finn i dikt, kan ein så gjenkjenna brukt i andre tekstar, i den enorme flaumen av meiningar og informasjon ein må kunne takla i vår tid, for ikkje å bli overkøyrt fullstendig. Kjenner ein språket, kan ein bruka det, er ein ein god lesar, ein god skribent, er ein friare som menneske. Eg ynskjer dette for yrkesfagelevane mine også.

Fråfall er eit komplekst problem, som ikkje berre handlar om skulen isolert. Ein kan ikkje løysa det med å ta vekk fellesfaga. Dei er viktigare enn nokon sinne. Det skulen kan bidra med, er å sjå på på korleis det blir undervist i fellesfaga, og ein må tora å spørja fellesfagslærarar kva haldningar dei har til å undervisa på yrkesfag. Eg har høyrt mykje rart i mi tid. Lærarar som finn det mindre stimulerande å undervisa yrkesfagelevar enn andre elevar, er det mange av. Dessverre. Eg synes ein verkeleg må spørja seg sjølv kva det er ein er ute etter i jobben. Stadfesting av sin eigen faglege suverenitet gjennom elevar som speglar ein sjølv? Som set pris på lange doseringar og kan gjenta? Blir ein irritert av elevar som er meir umiddelbare, som tydeleg viser at dei kjedar seg? Som krev noko anna for å bli engasjert? Då vil eg påstå at ein er meir interessert i seg sjølv og faget enn i elevar. Og då bør ein ikkje jobba i skulen.

Happiness http://www.flickr.com/photos/44124404848@N01/134955988

Kjenn deg sjølv

Image: 'The thinker'
http://www.flickr.com/photos/53611153@N00/5827849044
Ein fin morgon. Eg står opp 20 min seinare enn vanleg og gir meg god tid med kaffien. Bestemmer meg for ein seinare buss. Legg eit par brikker i Wordfeud, sjekkar Facebook, sjekkar Twitter. Der finn eg ei lenke frå Bjørn Helge om tidslinjer i googledocs, og plutseleg får eg ein ide til eit forum for elevar. Meir om dette seinare dersom det vert noko av, ikkje alle gode idear er realiserbare, men nokon er. Det viktige er å ordna seg slik at ein “høyrer” sine eigne gode idear. Og det neste som hender, er at eg startar å utforme dette blogginnlegget i hovudet, det blir litt vanskeleg å koma seg ut av huset, for hovudet vil ikkje svitsja frå kreativ modus til kvardag – pusse tennene, kle seg, låse døra. Eg må konsentrere meg for å vita OM eg faktisk pussa tennene eller ikkje. Hovudet skriv blogginnlegg. Heldigvis har eg iPad m 3G, og kan bruka bussturen til jobb til å få skriva ned den gode ideen, og starta blogginnlegget. Er eg heldig, får eg fullført det på jobb, før eg må snakka mykje med andre og starta med andre oppgåver.

Eg er heldig. Eg kan ofte bruka flexitidordninga til å laga meg slike morgonar. I det siste har eg blitt flinkare til å faktisk gjera det. Ein gong i veka, prøver eg å få til. Det er ein gevinst for jobben, og heldigvis har eg leiarar som ser det. Eg treng litt aleinetid for å vera kreativ. Og det er eg faktisk tilsett for å vera.

Det er mange år sidan eg fann ut at slike stunder om morgonen er den beste tida mi, og ganske mange år sidan eg fann ut at eg kan vera kreativ, få gode idear om eg sit slik og glor. No har eg nett lese ei bok av Susan Cain: Quiet. The Power of Introverts in a World That Can’t Stop Talking. Den handlar som tittelen seier, om skilnaden mellom introverte og ekstroverte menneske, og korleis det amerikanske samfunnet i løpet av det 20. århundret vart meir og meir eit samfunn for ekstroverte. Dette er ikkje heilt overførtbart til det norske samfunnet, men det som eg tek med meg etter å ha lese boka, er endå ei stadfesting av kor viktig det er at ungane våre får lov å ta utgangspunkt i seg sjølve, også i læringsarbeidet sitt. Vi bør bruka mykje meir tid, heilt frå barneskulen, til å la ungane fortelja oss, og seg sjølve, korleis dei likar å lære, korleis dei kjenner seg i gruppesamansetningar, om dei likar å sitja aleine å jobba, etc. Og så må vi gi dei høve til å velga strategiar som høver dei, og til å utvikla fleire strategiar etterkvart. Korleis er det for elevar som har det som meg, at dei treng litt aleinetid for å tenkja godt om noko, å koma i klasserommet om morgonen og bli kasta rett inn i eit gruppearbeid? Gir vi slike elevar tid og ro til å tenkja? Og kva med dei som fungerer best om kvelden? Kunne dei fått fri nokre morgontimar, og i staden jobba på kveldstid og levert arbeid digitalt?

Det handlar ikkje om at individualisme er saliggjerande til ein kvar tid. Skulen skal også læra elevar å setja til side eigne behov til fordel for felleskapen. Elevar som ikkje taklar gruppearbeid må trena på det. Elevar som ikkje kan konsentrera seg aleine, må trena på det. Men det handlar om å bevisstgjera elevane på kven dei er, kva dei treng og korleis dei skal jobba for å utvikla seg. Det handlar også om å sjå alle, og godkjenna ulike veremåtar. Også når det fører oss ut av eit rigid system der alle gjer det same samstundes heile tida.

For meg er det godt å bli sett for den eg er, og få rom til å utnytta mine sterke sider. Det er ikkje minst godt å vita kva som er dei sterke sidene mine, då er det også lettare å akseptera dei svake, og gjerne jobba litt med dei. Brukar vi nok tid på å snakka om dette med elevar, eller er det berre nokre spørsmål i ein oppstartssamtale som vi ikkje føl opp?

Ansvar for eigen læring

Det er vel ikkje noko omgrep som har vore meir misforstått og meir utskjelt i norsk skule dei siste åra enn “ansvar for eigen læring”. I 2007 tok sjølvaste utdanningsministeren eit oppgjer med omgrepet: “Nå tar kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell det endelige oppgjøret med metoden som har gitt tidkrevende, bråkete og resultatløst gruppearbeid i klasserommene”. I går kveld kunne dei som såg Dagsrevyen, få med seg professor Thomas Nordahl, som lista opp “ansvar for eigen læring” som ein av dei faktorane John Hattie har funne ikkje fremmar læring. Når Nordahl skulle forklare kva dette var, sa at det var når ein hadde vekeplanar, og så hadde elevane ansvaret for å læra det som står på vekeplanen. Eg har ikkje Hattie framfor meg, og kan ikkje sjekka om dette stemmer med korleis han definerer omgrepet. Men både slik Solhjell snakkar, og slik Nordahl forklarer, høyrest det ut som “ansvar for eigen læring” er ein metode. Men er det det?

Då eg gjekk på PPU, var noko av det mest grunnleggande vi lærte, at det var skilnad på undervisning og læring. Læring er ein aktiv prosess, den som skal lære, må føreta seg noko, anten det er kognitivt eller praktisk arbeid. Denne artikkelen av Ivar A Bjørgen gir eit fint historisk oversyn over denne tenkinga. På dette grunnleggande nivået er det altså berre individet sjølv som kan lære. Men det tyder jo ikkje at læraren er overflødig, læraren må tilrettelegge for eleven slik at eleven kan lære.

No skal eg bevega meg ut i meir personleg bloggsynsing om emnet: Det må vera eit mål at når eleven går ut av skulen, er han i stand til å ta ansvar for si eiga læring, på same måte som det er å håpa at når barn flyttar heimefrå, er dei i stand til å ta vare på seg sjølve. Dei fleste foreldre gir borna sine gradvis meir fridom og meir ansvar for eigne val, ettersom barna vert eldre og meir mogne. På same måten må skulen syta for å gradvis setja elevane i stand til å ta ansvar for eigen læring. Korleis gjer ein dette? Her er det funna til Hattie, og forsåvidt intensjonen bak mange av lovene og forskriftene som gjeld i skulen, kjem inn. Og for den del Vygotsky, for å vera heilt grunnleggande. Den gode læraren konkretiserer læringsmålet for eleven, og viser han vegen mot målet. Etterkvart er det fint om læraren kan vise eleven fleire vegar mot målet, slik at eleven kan ta eit val. Læraren gir eleven tilbakemelding på arbeidet, og framovermeldingar. Etterkvart støttar han eleven i å vurdere seg sjølv, og ta eigne val om vegen vidare. Slik hjelper han eleven til å bli kjent med seg sjølv, til å vite noko om kva som er gode val for seg, til å ta ansvar for eigen læring.

Dermed blir ein karikert framstilling av eit klasserom der alle virrar rundt og tek ansvar for eigen læring (ja, det har nok skjedd), like misvisande for kva ansvar for eigen læring dreier seg om, som ei karikert framstilling av eit klasserom der læraren har stålkontroll, aldri brukar tid på å snakke om læringsmåla, der elevane lærer til prøva, og er totalt passiviserte.

Ansvar for eigen læring er ingen metode. Det er eit stort og viktig mål for utdanninga.

Her er så underlig

Det er tidleg mai 2010 i Norge. Same veka som ein pedagogikkprofessor i Oslo skriv i papiravisa Klassekampen at eitt hovud, eit papir og ein penn er nok til eksamen, sit nærare 800 skulefolk og nikkar i takt i Trondheim medan Arne Krokan stiller diagnosen på norsk skule, og antyder konnektivisme og sosialkonstruktivisme som medisin. Det er til å få vondt i hovudet av: Kva er røynda? Kvar er skulen eigentleg? Kven var på konferanse? Kven er denne pedagogikkprofessoren?

Eg veit ikkje heilt om eg vil reise på fleire slike konferansar. Tenkologien som vi alle hyller, gjer at eg kan sitja heime og sjå føredraga. Det sparar CO2. Inviterer du meg til ein workshop der vi skal snakke saman og forplikte oss, derimot, kjem eg. Snakke om kva? Om dei vanskelige tinga, om dei store, vanskelege, strukturelle endringane. Vi har ein skule full av teknologi, som køyrer i eit paradigme som ikkje er tilpassa teknologien. La meg bli tydeleg: Formidlingspedagogikken lever i beste velgåande. Det burde den ikkje. Den burde vera stein dau. Den byggjer på eit kunnskapssyn der læraren er den som sit på mest kunnskap, som skal overleverast elevane. I slike klasserom er internett ei kjelde til irritasjon og maktesløyse. Og vi veit det, og vi står framme og underheld som best vi kan like vel. Med pultar i bussformasjon. Vi plasserer elevane i klasser basert på eitt einaste kriterium: alder, fordi vi trur det er nøytralt og rettferdig, sjølv om vi veit at to 14-åringar kan omtrent vera på kvar sin planet utviklingsmessig. Vi har eit vurderingssystem som måler individuell kunnskap. Genuint samarbeid tel ikkje på karakteren. Eg har skrive utviklingsplan med kollegaene mine den siste månaden. Vi har samskrive i eit Google-dokument, fordelt område, kome saman, diskutert og revidert, omdisponert, skrive vidare der andre har starta. Kva om vi skulle få karakter på dette? Umogeleg. George Siemens seier at kunnskapen ligg i nettverk, at den er organisk og flytande. Vi lærer saman. Korleis vurdere denne type læring? Forskning seier dessutan at tilbakemelding som blir gitt saman med ein karakter, har ingen effekt. Vi gir slik tilbakemelding likevel. Er det ikkje på tide å avskaffa karakterane? Og eksamen – individuell, utan kommunikasjon, men med datamaskin. Måler den noko relevant, noko samfunnet i 2010 treng kunnskap om? Lat meg ta norskfaget som døme. Norsklærarar rettar seg forderva, pga at eksamensforma krev at eleven kan skriva ein lang tekst aleine. Så dei trener på dette. Og når dei kjenner at noko er gale, er den einaste løysinga å slutte med eigen karakter i sidemål. Skulle vi ikkje heller seia at vi treng ein annan skrivekompetanse i vår tid? Kva er viktig å kunna? Ikkje minst har vi eit stort problem med fusk. Elevar fuskar i veg ved hjelp av teknologien, og gudane skal vite at det er god hjelp å få. Fusk er eit symptom på eit system som er rotna på rot, det poenget ikkje er å læra, men å spela i det Michael Wesch kallar “The getting by-game”.

Vi kan ikkje venta på at pedagogikkprofessorane skal ta tak i dette. Eg trur ikkje det kjem frå Udir heller, med det første. Eg gidd ikkje sitja å klaga av den grunn. Lat oss koma saman, setja oss ned, og sjå på kva vi har som er verdt å ta vare på, og kva som bør hivast på skraphaugen. Lat oss koma opp med ein relevant skule som tek det vi høyrer på konferanse på alvor. Lat oss så søka Udir om å prøva det ut. Eg er sikker på vi får det, lat Udir gjerne delta i prosessen. Nokon må starta.

Bilete: Image: ‘her name is headache.’
her name is headache.

Å stenga verda ute

Av og til kan det vera godt å stenga verda ute. Krype under dyna litt, eller berre drikka ein kopp te og stirra ut i lufta. Behovet er ikkje blitt mindre etter at nettbruken min har eksplodert. Eg merkar at eg somme tider treng å kobla ut, bokstaveleg tala. Alle mine gode vener på Twitter postar stadig nye lenker som eg skulle ha sjekka ut, men det vert for mykje, og eg kjenner eg blir litt stressa av det. “Lenkestress” har eg kalla det for meg sjølv. Det hjelp ikkje at eg kan merka dei som favorittar og lesa “seinare”, “seinare” har det kome hundre nye! RSS er ei velsigning, men det er det same der. Alltid nye blogginnlegg og artiklar eg skulle ha lese. Det er så ein kan lengta etter tida då BT, Dagbladet og NRK fortalte meg det eg trengte å vita. Eg er ingen stor multitaskar heller, eg må ha ting kvar for seg, stort sett. Eg ser heilt klart at eg er i ein prosess der det å takla store informasjons- og kommunikasjonsmoglegheiter er utfordringa. Når slår eg av? Kva skal eg velga?

Denne veka har alle lærarane i vgs i Hordaland fått eit system som heiter Tigru på PC’ane sine. Det gjer at vi kan slå av nettet for elevane når vi ynskjer det. Eg ser heilt klart det praktiske i dette. Eg syns på mange måtar at det er ei god ordning. Men vi burde ta oss tid til å reflektera over kva det er vi gjer med å ta i bruk eit slikt system. Kva oppnår vi med å stenga verda ute frå klasserommet? Når er det greitt å gjera dette? Og kva etiske implikasjonar har det?

På same måte som eg har behov for å vera utan nett av og til, har nok elevane det. Det kan vera godt å konsentrera seg om ein ting, mange skriv om korleis dei må slå av twitter når dei skal skriva eller retta. Men på same måte som meg, treng elevane å sjølve finna ut kvar deira grenser går, kva dei taklar av inntrykk på ein gong, og korleis dei arbeider best mogleg. Gjer dei det om eg bestemmer når nettet går ut? Kanskje er dei ikkje mogne nok til å takla ei slik stor og vanskeleg utfordring. Men når er dei det? Og når skal dei få øva på dette? Etter vidaregåande?

Ein annan ting er at ei slik stenging berre er ein illusjon. Nettet er i rommet likevel, elevane har telefonar med annan nettilgang. Vi klarar aldri å stenga det heilt ute. For mange er det andre nettverk i nærleiken av skulen, som dei kan koma innpå. Står vi ikkje i fare for å gjera det til ein sport å omgå stenginga, i staden for å læra elevane å tenkja over sin eigen nettbruk?

Ja, vi har ei eksamensordning som ikkje tillet nettilgang. Det er viktig å øva på eksamensforma. Eg ser det. Men er det berre på prøvar vi skal ta i bruk Tigru? Er vi einige om det? Kva med han der som aldri klarar å halda seg unna Facebook i timen? Er det ikkje greitt å slå av nettet for han nokre timar, så mykje han lærer? Eller når du som lærar skal snakka, elevane vil ha oppe maskina for å ta notat, og du veit dei går på nettet i staden? Då er det vel greitt?
Ja, kanskje? Vi skal berre vera klare over kva vi gjer. Vi gjev oss sjølve høvet til å driva skule slik vi kunne det før verda endra seg så fundamentalt. Vi bør i alle høve vera ærlege nok til å innrømma det. Og kvifor vil vi det? Fordi det framleis er den beste skulen? Ja vel, seier eg, gi meg argumenta. Det kan godt henda dei held. Men eg vil ha dei, for om vi ikkje diskuterer grunnlaget for dette, om vi ikkje veit kvifor vi skal ha rett til å stenga verda ute, vi berre vil det, så er det ikkje godt nok.

Bilete: ‘Clarity’
http://www.flickr.com/photos/61436699@N00/1208632794