Vurdering og vurderingsverktøy

Ja, då var det lenge sidan eg skreiv noko her. Det var ikkje kvardagen som tok meg, det var feberen. Eg har tenkt ein god del lurt medan eg har lege rett ut med feber, men eg har ikkje orka å skriva noko, og det ein ikkje skriv ned… Men altså, her er eg, og sjølv om eg har fått lite respons i det siste, er bloggen nyttig for meg, så det så!

7. oktober arrangerte FAU-norsk eit kurs om vurdering og vurderingsverktøy, v. Henning Fjørtoft, stipendiat v. NTNU. Han jobbar med lyrikk der, men driv i desse dagar og skriv bok om vurdering, og han reiser rundt og kursar lærarar i dette. Bakgrunnen hans for dette er IB-systemet slik han vart kjent med det som lærar på Trondheim International School. Dei brukar mykje vurderingsrubrikkar og sjekklister i vurderingsarbeidet. Døme på dette kan ein finna i Norsklæraren nr 2, 2007, der Fjørtoft har ein artikkel.

For å seia det kort og sikkert grusomt forenkla, poenget er å gjera våre vurderingskriterium tydelege for elevane (og oss sjølve), og gjera dei til ein viktig del av læringsarbeidet til elevane. Rubrikkane og sjekklistene er verktøyet.

Eg har prøvd dette ut litt i det siste, og eg trur det kan bli svært nyttig. Det er jo ikkje nytt for meg at det er viktig at elevane veit korleis dei skal bli vurdert, men eg syns verktøya til Fjørtoft var svært gode i dette arbeidet. Eg har laga sjekkliste til små føredrag saman med elevane, og eg driv også, i samarbeid med andre lærarar, å prøva å laga rubrikkar for teksttypar. Dei som er interessert i å følgja arbeidet vårt, kan sjå på wikien.

Det er mykje om rubrikkar på nettet, og eg skal kom tilbake til gode sider når eg finn dei.
http://rubistar.4teachers.org/index.php er ein rubrikkgenerator – som hjelper deg med å laga rubrikkar. Det er rett nok på engelsk, så ein får litt jobb med omsetjing, men pytt. Eg skal i alle høve prøva dette ut.

Tek gjerne i mot erfaringar med vurderingsverktøy!

Advertisements