Ein mage full av sommarfuglar

mayan butterflies
Uha! Alt på onsdag ramlar det inn ei mengd med totalt ukjende unge menneske, og sidan det er første dagen, set dei seg pent ned og ser på MEG. Skrekkblanda fryd er eit særdeles dekkjande uttrykk for den kjensla eg får av å tenkja på det. Eg har så mange ynskje for korleis det skal bli, så mange ambisjonar på både deira og mine vegne. Og eg veit alt no at eg ikkje kjem til å få til alt, og det må eg berre leva med.

Eg går altså i gang med ein Vg1 klasse på studiespesialiserande, i norsk og engelsk. Her skal eg også vera kontaktlærar for halvparten av elevane. I tillegg skal eg ha norsk i ein Vg1 klasse på elektrofag. I norsken på studiespesialiserande er eg så heldig å få halda fram det gode samarbeidet frå Vg3 i fjor, dei same lærarane får no Vg1. Vi hadde eit planleggingsmøte alt før sommaren, og eg gler meg utruleg til å gå i gang med å setja dei gode tankane som kom fram der, ut i praksis. To hovudprinsipp i det vi skal gjera: Vi skal setja saman eit litteraturkorpus som elevane skal lesa gjennom ganske tidleg i skuleåret, som vi så skal koma attende til i løpet av året, med ulike innfallsvinklar. Vi håpar at dei slik skal få koma djupare inn i stoffet, og læra meir om å lesa tekstar og å skriva om tekstar. Det andre viktige prinsippet er at vi skal bygga opp skrivekompetansen ved å berre jobba med og vurdera nokre tekstelement i gongen. Døme: Vi skriv kanskje eit lesarinnlegg tidleg i haust, i arbeidet med dette vert legg vi vekt på å bygga opp eit godt argument – og eit godt avsnitt, og så er det berre desse elementa som vert vurderte. Eg håpar dette vil verka motiverande på elevane, og at dei vil føla at dei får lov å læra seg noko skikkeleg, lov å meistra.

I norsk på yrkesfag og i engelsk på studiespesialiserande, vert den store endringa og utfordringa å ikkje ha lærebok. I YF norsk er eg svært trygg på at eg har gjort eit godt val (her har lærarane på vår skule vore fristilte i høve til lærebokspørsmålet), eg har brukt boka svært lite i året som gjekk. I engelsk er eg meir spent, det er eit omfattande fag, ndla-ressursen er heilt ny – framleis ikkje heilt ferdig, og det krev ein del nytenking og kreativitet, ikkje minst frå elevane si side. Det er ingen grunn til å tru at ikkje dei har fått med seg ein del av all den negative omtalen ndla og digitale læringsressursar fekk i vår, og det er slett ikkje sikkert alle er så positive i utgangspunktet. Men eg gler meg voldsomt til å ta fatt!

Eit spørsmål som eg tumlar mykje med, er kor mange digitale verktøy eg skal introdusera for elevane og i kva tempo. Her er det fleire moment som spelar inn. På den eine sida kunne eg godt tenkja meg å starta frå dag ein med ein wiki, bloggar, delicious og ei netvibesside som haldt oversynet over alt dette, og gjerne nokon til. Men så er det slik at nokre elevar har ikkje vore borti it’s learning, ingen har brukt skolearena, mange er svake i god organisering av filer, etc. Her vil eg gjerne ha innspel, og eg trur eg må laga ein slags fornuftig “årsplan” for digital kompetanse hjå elevane mine.

Vel, det var litt tankesortering etter første dag på jobben. Eg ynskjer alle sommarfuglmagane lukke til med skulestart!

Det store spranget

det-store-spranget
I dag startar eg opp eit prosjekt i engelsk Vg1 yrkesfag: “The New President in the USA”. Eg har tenkt at elevane skal jobba i grupper, og det som skal vurderast er ein felles munnleg presentasjon og ein individuell skriftleg prøve i det stoffet akkurat den gruppa har jobba med. Dette blir ein samla karakter. Så er spørsmålet: Skal eg laga ein wiki til dei der dei kan jobba? Evt. skal eg laga ein wiki for publisering av presentasjonane deira i eitt eller anna format? Eg veit at alt dette er heilt nytt for dei, og eg har vore litt tilbakehalden med å gå i gang, fordi dei rett og slett har hatt mykje nytt å tenkja på, også digitalt (SkoleArena, It’s learning…) Dersom nokon har gode idear til ein “mjuk digital start”, tek eg gjerne i mot!
Foto: nutmeg66 flickr cc

Litt om engelskundervisninga

Etter to år utan engelsktimar, er det godt og heilt naudsynt å vera i gang i gjen, men også frustrerande. Møtet med ny læreplan og lærebok har ikkje vore enkelt, noko som spegla seg litt i førre post! Eg trudde eg skulle kunne bruka kapittelinndelinga i boka (At Work1, Aschehoug) ganske greitt, men når eg skulle laga plan for undervisninga som inkluderte læreplanmåla som var i fokus, kom problemet. Eg klarte ikkje å sjå at boka reflekterte kunnskapsmåla i særleg grad. Ho er mykje betre på “ferdigheter”. Det som viser seg, er at dei har spart mange av tekstane og oppgåvene knytt til kunnskapsmåla til Vg2-boka. Men eg har ikkje lyst å dille rundt med tekstar som berre skal lesast som språktrening i heile år! Det eg fann ut at eg måtte gjere, var å lesa gjennom heile boka, og så plukka og setja saman på nye måtar. I tillegg må eg sjølvsagt bruka tid på å finna gode nettressursar, der reknar eg med at eg etterkvart får hjelp av nettverket eg prøver å bygga meg både her og der no: Twitter, Delicious, Teachertube, og no sist Diigo.

Prioriteringane vert å få elevane til å jobbe med små føredrag, samansette tekstar, novelleanalyse, flimanalyse og litt oversynskunnskap om den engelskspråklege verda. Pluss gjerne aktuelle nyhende frå den engelskspråklege verda.

Eg vurderer å laga ein wiki, der eg legg ut planane mine, og kanskje eg får elevane med etter kvart. Då kan eg kanskje få litt kommentarar frå andre lærarar? Gjerne med same bok?

Klassewikien er oppe og går, men…

Noko skal jo det vera. Vi hadde ein del startvanskar med nettet i dag, og med å få elevane inn i wikien. Og så hadde jo eg gjort ein skikkeleg teit tabbe: Elevane sat og skreiv på ulike ting på same side – noko som resulterte i at når ei gruppe lagra det dei hadde skrive, forsvann alt dei andre hadde lagt inn. Så i ettertid fekk eg ein liten jobb med å gå inn i history og henta opp att dei ulike sitt material. No veit vi det! Men eg håpar dette ikkje skremte dei, eg har laga ein diskusjonstråd på wikien om korvidt novella vi jobbar med har relevans i dag, og alle har i lekse å skriva noko i diskusjonen. Mitt store ønske er at dei gjer mykje meir enn det, opprettar nye sider og tullar seg litt, men eg trur nok dei treng litt meir oppvarming. Uansett, dei tok systemet utruleg lett – sjølvsagt. Her er wikien.

Ein klassewiki

I dag har eg oppretta ein wiki for 3STF-klassen, som eg har i norsk. Det første eg skal prøva på i morgon, er å bruka den når vi skal jobbe med ei novelle av Kielland. Eg vil dela elevane i grupper, ei gruppe skal jobba med komposisjon, ei med personkarakteristikk, ei med miljøskildringa. I tillegg har eg nokre opne kategoriar: forfattaren, og tema/bodskap, som alle kan skriva i. Eg har laga ei side om novella i wikien, det einaste eg har skrive inn der er desse stikkorda: komposisjon, etc. I tillegg har eg laga ei side om det første kapitlet i læreboka, som vi no er ferdige med, som eg tenkjer dei kan bruke til å repetera, med at dei legg inn stikkord, forklarar omgrep, finn bilete, etc. Det same har eg gjort med kapittel to, som vi no er i gang med.

Eg trur det er viktig at dei kan bruka wikien ganske fritt, så eg skal oppmuntra dei til å laga dei sidene dei har lyst til, berre det har litt med faget å gjera. Det som også er viktig, er at dei forstår kor lett det er å redigera, og å finna fram til tidlegare versjonar av sida, det kan kanskje løfte nokre sperrer som kanskje nokre har.

Og takka vera Kari, har eg no fått til å legga wikien inn på netvibes-sida mi, slik at eg får beskjed om alle oppdateringar! Eg ser klart at dersom ein skal bruka 2.0 på alvor, er ein heilt avhengig av ei side som netvibes, ellers blir det kaos.

Delingskultur – javisst! (Hæh?)

“Delingskultur” er det nye honnørordet i Hordaland fylkeskommune. Det ser ut til at det også er det nye honnørordet på Knarvik vidaregåande skule, og det er då eg seier: Vent no litt! Har alle klart føre seg kva vi snakkar om her??? Snakkar vi om det same? Kva meiner eg når eg brukar omgrepet, og kva meiner rektor, og kva tenkjer alle lærarane som får dette slengt i andletet? Og kvar kom det ifrå? Det siste er lett å svara på: Det kom frå leiaropplæringa i IKT som vart gjennomført i HFK sist skuleår. Noko av det viktigaste i denne opplæringa var å forstå korleis nettet har endra seg dei siste åra, frå å vera eit medium som likna mykje på medium vi kjente frå før (avisa, boka, TV), der nokon publiserer noko som andre les, til å verta ein brukarstyrt arena, der alle kan vera med å endra tekstar og sider, alle kan legge ut det dei vil på ein veldig enkel måte, slik eg gjer no, f. eks. Wikipedia er eit godt døme, dersom du ser at ein leksikonartikkel er ufullstendig eller inneheld feil, kan du rett og slett endra han, ingen spør kva bakgrunn du har for å gjera det. Tenk etter kor uhørt det hadde vore for få år sidan: Du går på biblioteket og tek eit leksikon ut av hylla. Så ser du eit oppslag som er blitt forelda. Kva gjer du? Du tek ein penn, set eit stort kryss over artikkelen, og skriv det som er rett i margen!

Dette har mange og store konsekvensar, ikkje minst for korleis vi tenkjer om opphavsrettar. Film- og musikkindustrien har kjent dette på kroppen lenge. Kvifor betale for musikk, når andre på nettet gladelig deler med seg? Men også: Kven har skrive artiklane i wikipedia? Kven er opphavsmann, når 5 personar har vore inne og redigert ein artikkel? Og då begynner vi å nærma oss omgrepet “delingskultur”. Dersom eg legg ut bileta mine på Flickr.com, kan eg velge å lata dei vera tilgjengelege for alle. Då kan ein person i USA, som treng eit illustrasjonsfoto av ein schnauzer til ein artikkel han skriv, søke på “schnauzer” på Flickr, finne eit av mine bilete, og bruke det heilt fritt. Biletet er ikkje mitt lenger! Eg opprettar ein wiki, der startar eg på ein artikkel om norske samtidslyrikarar. Eg har nokre gode poeng eg veit ingen har tenkt på før. Eg inviterer inn nokre venner som også interesserer seg for emnet. Men dei nøyer seg ikkje lenger med å koma med nokre kommentarar til meg i ein e-post, som eg kan takka dei for i eit føreord, nei, dei går direkte inn i min tekst, endrar mine formuleringar, og legg til opplysingar dei syns er viktige. Kven skreiv artikkelen?

Dette er delingskulturen i praksis. Som vi kan sjå, kan den koma til å endra idear vi har hatt med oss i alle fall frå romantikken, om at ein tekst har ein opphavsmann, og at når ein tekst er publisert, er den ukrenkeleg. Dette kjem nok til å ta tid, men på visse område er det alt røyndom.

Og så: Hordaland fylkeskommune og Knarvik vidaregåande. “Delingskultur” som honnørord. Det må bety eit mål om at lærarane deler filene sine med kvarandre, at ein legg ut undervisningsopplegg som andre kan gå inn og hente, og fritt endre på, at ein jobbar etter wikiprinsippa med å lage nye opplegg, at elevane skriv oppgåver saman i wiki. Trur eg. Dersom andre har andre idear om kva omgrepet inneber, må dei vera vennlege å skriva om det her, slik at vi kan nærma oss ei felles forståing av omgrepet.