Lesa og skriva og rekna er bra

men å få pece litt, men å få pece litt, det gjer oss glad! (Til alle norsklærarar: Beklagar infinitivsrotet! Det måtte bli slik!) Ja, er det slik? Eg tenkte denne posten skulle handla om dei tre første aktivitetane i sangen faktisk, som også svarar til tre av grunnferdigheitene i Kunnskapsløftet. I alt kavet som har vore i haust med dei nye planane, har eg høyrt lite om korleis vi jobbar med dette i dei ulike faga. Det forundrar meg ikkje, det har som sagt vore nok å stri med. Men kanskje vi kan starta diskusjonen no etterkvart? Korleis ser de for dykk at de skal jobba med lesing, skriving og rekning i dykkar fag? Eg er spesialist på lesing og skriving, er det ein ide at eg og dei andre norsklærarane hjelper til med noko her? Og at matte-lærarane hjelper til? Ein tanke som slår meg, er at dette krev auka samarbeid mellom lærarane. Einige? Korleis får vi dette til? Eg blir glad for alle som vil vera med å tenkja om dette, og ein av grunnideeane med denne bloggen er at her er det lov å letta frå bakken! Dei som vil grava seg ned, kan gjera det ein annan stad!

Denne posten er spesielt til elevane mine:

Hei alle saman!

No trur de kanskje at krampa har tatt meg, og at eg febrilsk prøver å finna på noko kult. Vel, det er ikkje heilt slik. Eg har fått det ærefulle oppdraget å vera med i gruppa som skal skrive ein IKT-strategi på skulen vår. Vi i gruppa har vore på to-dagarskurs denne veka for å læra meir om «det digitale samfunnet», slik det er no. Og eg kan lova dykk at det var mange nye inntrykk for gamlingane. Det som i alle fall står klart for meg etter desse dagane, er at skulen, om ikkje så alt for lenge, må ta innover seg dei raske samfunnsendringane som skjer på grunn av utviklinga på nettet. Og på ein eller annan måte møte desse endringane. Og der er det de kjem inn! Har de lyst å hjelpa til? Det de kan gjera, er å bidra her på bloggen.

Det kan godt henda de syns dette var noko uklart, men det eg eigentleg spør om, er korleis de ynskjer at skulen skal vera om ikkje så altfor mange år. Og de kan fantasera heilt fritt! Korleis trur og vil de at vi skal arbeida? Kva skjer med klasseromsundervisninga når alle elevane sit med kvar sin PC og surfar? Skal eg gå rundt og smekka alle på fingrane og seia «Sjå på meg!»? Kjem de til å bli så lei av PC-arbeid at vi må innføra PC-frie timar? Og korleis skal vi møte det at elevane er på totalt ulike nivå når det gjeld IKT?

Mange spørsmål, dette, men her er altså ordet fritt. Svar på noko av det, eller skriv noko heilt anna, eit dikt om din drømmeskule, f.eks! Bli med då vel!

Min første blogg – uæh!

Hei alle! Her kjem min aller første post på min aller første blogg. Årsaka til denne modige handlinga, er at eg har vore på kurs i regi av Hordaland fylkeskommune og lært utruleg mykje nytt om nettet, slik det er i dag. Mitt mål med denne bloggen er, i alle høve per i dag, å bevega meg frå å vera ein Web 1.0-brukar til å bli ein Web 2.0 brukar! Etter kvart håpar eg å kunne skirve om mykje og mangt som har med skulen å gjera her, og få mange kommentarar frå både kjende og ukjende, elevar og kollegaer.