Underleggjering av teknologi -eit ansvar for skulen

Det byrjar å bli ei stund sidan eg starta å jobbe med feltet IKT i skulen. Det er vel snart ti år. Dei første åra handla mykje om å få lærarar til å ta i bruk datamaskin i klasserommet, og førebu dei på at elevane snart kom med ein bærbar PC kvar. Diskusjonane gjekk særleg på bruken av internett, og læraren sitt behov og ønske for å kontrollera elevane sin nettaktivitet. Andre utfordringar var rett og slett lærarane sin kompetanse i bruk av programvare og maskinvare. Det første temaet er forsåvidt framleis eit diskusjonstema, medan det har skjedd stor utvikling rundt det andre temaet. Der har diskusjonen utvikla seg til meir å dreia seg om, og etterlysa hjelp til, pedagogisk bruk av IKT i klasserommet. Som sjølvsagt igjen heng saman med elevane sin tilgang til internett. Eg har lenge ønska meg at diskusjonen kunne løfta seg litt opp og handla om kunnskapssyn og læringssyn, for det jo desse grunnleggande tankane kommunikasjonsrevolusjonen utfordrar oss på, for å seia det mildt, rettare er det vel å snakka om eit paradigmeskifte, slik June Breivik til dømes ofte gjer. Svært ofte er problematiseringar rundt ikt i skulen knytt til teknologien flytta inn i det eksisterande paradigmet. Vel. Somme meiner alt går for seint, det meiner vel eg også ofte, men eg tenkjer samstundes at det er fordi endringane er så grunnleggande, samstundes som utdanningsinstitusjonane har same strukturar som før.

Eg hugsar at eg ofte tenkte og sa i diskusjonar dei første åra, at teknologien kom til å bli transparent, og då kom alt til å bli lettare. Det har jo forsåvidt blitt slik, på svært mange felt i samfunnet. Vi tenkjer ikkje så mykje over teknologien bak at vi betaler med eit plastkort, brukar smarttelefon til å betala på bussen, sjekkar Facebook. Heller ikkje at vi nyttar et samarbeidsdokument i ein skuletime. Vi har svært mange val, og vi vel det vi meiner er best for det vi vil oppnå. For ein god del lærarar er det blitt slik at elevens tilgang til kommunikasjonsteknologi er ein grunnleggande premiss i alt dei gjer av planlegging, klasseromsaktivitet, vurdering. Uten at dei kvar gong må minna seg sjølv på at slik er det. Ikkje alle har det slik, men mange.

Det er positivt at IKT blir integrert og ein naturleg del av skulen. Men det kan bli for naturleg og for lett. Teknologien kan bli for transparent. Eg trur at i 2016, må vi i mykje høgare grad bestreba oss på å underleggjera teknologien. Elevane som startar i vgs i år, er fødde i 2000. Dei har aldri levd utan internett-tilgang. Dei var seks år det året eg kom på Facebook.  Dei har vokse opp i ei utvikling der alle grensesnitt er blitt enklare og enklare å meistra, fleire og fleire tenester er integrerte med kvarandre, og fleire og fleire delar av samfunnet er teknologidominerte. Og alt er veldig enkelt, særlig for denne generasjonen. Vi må få dei til å undra seg over det som skjer. Her er nokre tema eg meiner er særdeles viktige for skulen framover:

  • Kunnskap om programmering, om korleis datateknologi fungerer.Også om korleis internett faktisk fungerer – prøv å forklara det for deg sjølv! Dette handlar om å bli subjekt og ikkje berre objekt for teknologien. Om å kunna skapa og ikkje berre bli manipulert (ja, det blir vi heile tida, alle). Og ja, det er underleggjering. Kva skjer eigentleg når du skriv ei statusoppdatering på Facebook?
  • Kunnskap om overvakingssamfunnet og det vi kallar tingenes internett. Grundig kunnskap. Kva informasjon finnes der ute om deg? Kva kan det brukast til? Er det noko gale i at ein no kan kjøpa tannkost til ungane som rapporterer til foreldrene si maskin om dei har pussa, og kor grundig dei har pussa?  Er det ikkje berre fint at din helseinfo kan bli tilgjengeleg for den som sit i den andre enden med ein gong du ringer nødnummeret? Det handlar om kritisk tenking rundt desse temaa.
  • Kunnskap om kunstig intelligens og kva konsekvensar utviklinga vil få for framtidas arbeidsliv. Og framtidas liv i det heile. Kobla med andre trendar vi ser for framtida, sjølvsagt. Korleis heng dette til dømes saman med migrasjon? Og klimaendringar? Dersom ein ikkje er budd på masseoppseiingar som følge av robotutvikling, kva konsekvensar kan det få. Massearbeidsløyse i Europa kombinert med store folkemassar på vandring frå endå verre scenario som krig, tørke, ekstrem fattigdom, kan det koma til å bli eit realistisk bilete?

Desse temaa kan elevane (og vi andre) berre koma inn i ved bruk av teknologi. Symjeundervisning på land er ikkje spesielt effektivt. Nokon diskuterer om læraren held på å bli overflødig. Eller om det berre er «teknologane» som skal jobba i skulen. Eg vil seia at vi treng topp lærarar som er villige til å halda seg oppdaterte på fagfelta sine – og dei er ikkje teknologifrie! Kan vi ha samfunnsfagslærarar som ikkje er interesserte i å oppdatera seg på dei to siste felta over, til dømes? Eg meiner nei.

Dette heng også saman med mantraet om teknologien som «berre verktøy», som den same June Breivik skriv godt om her. Vi har ei rekkje teknologiske verktøy for handa, det er rett, men bruken av dei impliserer så mykje meir for skulen enn det eit klasserom med berre tradisjonell teknologi gjorde. Vi treng ein skule der elevane får ta i bruk all tilgjengeleg teknologi samstundes som den same teknologien og teknologiutviklinga blir problematisert – eller underleggjort, som eg tykkjer er eit godt begrep for dette.

 

Då er vi i gang – på ein måte

Som eg skreiv i juni, er eg altså tilbake som norsklærar. Eg skal dela dei ti norsktimane i 3MK med ein kollega. Dessverre er kollegaen min i streik nett no, så det vert berre mine fire timar i veka for elevane. Vi må venta på at streiken er over med å legga langsiktige planar og fordela arbeid, etc. Men elevane og eg må jo begynna! I dag har elevane oppretta norskblogg. Den skal dei bruka til å dokumentera det vi gjer i norsktimane. Målgruppa er andre elevar i Norge, og norsklærarane deira. Dei har bestemt plattform, design etc sjølve, og alle har fulle rettar til å jobba med bloggen. Eg godkjenner ikkje før dei publiserer, dette er deira blogg. Det skal gå på omgang i klassen kven som har ansvaret for å dokumentera på bloggen. I dag har vi jobba med å få oversyn over det dei hugsar om norgeshistoria, for når ein kjem på påbygg, er det lenge sida ein har hatt historie. Vi brukte 3 klokketimar på arbeidet. Meir om arbeidet finn de sjølvsagt på bloggen! Spørsmål og kommentarar er svært velkomne – og norsklærarar: Del med elevane dykkar.

Tre år med forskarar på besøk

Det har vel aldri vore meir passande å oppsummera. Siste dag før ferien for meg, etter tre fullførte skuleår ved Nordahl Grieg vgs. Det er mange sider ved denne fantastiske prossessen som er verdt å blogga om. Eg tenkte eg skulle starta med ei lita oppsummering av samarbeidet vårt med universitet og høgskular, sidan det har vore eit av mine arbeidsområde desse åra. I utviklingsplanen vår står det:

Vi skal være ledende innenfor teknologi og forskningsbasert undervisning. Gjennom våre samarbeidsavtaler med UiB, VilVite-senteret og NHO,
skal våre elever få oppleve tett kontakt med forskningsmiljøer og miljøer der forskning blir anvendt. Elevene skal få prøve ut forskningsmetodikk
i arbeidet sitt, og bli presentert for spennende, aktuelle problemstillinger. Vi vil ha et særlig fokus på realfag og teknologi, men også andre
forskningsområder skal trekkes inn i skolen.

Kva har vi så gjort, heilt konkret? La meg starta med det største samarbeidet, det som heilt klart har kome elevane våre mest til gode; samarbeidet med Universitet i Bergen. Og då særskilt samarbeidet med Matematisk-Naturvitskapleg fakultet og VilVite-senteret. Gjennom innsatsen til doktor i fysikk, Arve Aksnes, som har hatt ei delt stilling mellom NGV, UiB og VilVite i desse åra, og stor velvilje frå både fakultets- og senterleiing, har elevane våre fått besøk av ca 100 realfagsforskarar og studentar på tre år. Nokre har hatt førelesing om forskinga si, eit glitrande døme er Trygve Buanes som prata om funna i Cern med elevane berre 6 dagar etter at dei var offentleggjort. Andre har hatt stands og workshops på fagmesser og på Framtidskonferansen. VilVite har opna dørene for oss for forsøk i fleire ulike realfag. Elevar har besøkt spennande fagmiljø v UiB. Glede og inspirasjon kan ikkje målast. Men vi har hatt stabile tal på over 60% av elevane som vel realfagsfordjuping på Vg2 og Vg3. No blir det spennande å sjå kor mange av desse som går vidare med realfagsstudium.

Men vi har også hatt mange besøk av forskarar frå andre fakultet ved UiB, særleg under Framtidskonferansen. Frank Aarebrot, Jan Fritjof Bernt, Jill Walker Rettberg, Lars Nyre, Tom Adamsen, Kristian A Bjørkelo og Cathrine Bjorvatn har alle levert glimrande bidrag om alt frå digital kultur til genforskning.

Det siste året har Helse- og oppvekstfag fått i stand eit samarbeid med Haukeland universitetssjukehus der elevane som utdannar seg til helsefagarbeidar har fått følge mellom anna portørar og helsefagarbeidarar i deira arbeid på sjukehuset, og også fått førelesingar der ved legar og sjukepleiarar. Heilt uvurderleg!

Vi har heldigvis kunna gi litt tilbake til UiB. Vi er sjølvsagt partnarskule for lærarutdanninga. Og vil deltar også i eit særskilt realfagsparternskap innanfor dette. I tillegg tek vi i mot forskarar og masterstudentar som vil forska på oss, så langt vi kan klara. Vi deltek i Next-Tell, eit stort felleseuropeisk prosjekt om utvikling av teknologi for vurdering. Elevar og lærarar har jobba saman med Rolf Reber om example-wikiprosjektet hans. Elevar, lærarar og leiarar har stilt villig opp for intervju for masterstudentar i organisasjonsleiing, informasjonsteknologi og nordisk. Rekrutteringsprossessen vår med gruppeintervju blir også forska på ved UiB.

Andre forskingsmiljø vi har hatt kontakt med, anten det gjeld forsking på oss eller besøk av forskarar, har vore Høgskulen i Bergen, Høgskulen Stord/Haugesund og Universitetet i Oslo. Vi ser konturane av spennande samarbeid om IKT og læring, og om omsorgsteknologi. Men dette blir prosjekt i ein etablert skule som vi altså er frå hausten av. Eg trur ikkje det tyder at vi kjem til å stivne i forma. Og då er vi ved noko av kjerna med alt dette samarbeidet: Ved å utsetta oss for impulsar, for den nyaste forskninga, for dei beste hovuda, blir både lærarar og elevar utfordra og engasjerte. Vi må tenke nytt, vi må stille spørsmål, vi må alltid lære. Kan vi være nærare kjerneverksemda i ein skule enn det?

Desse yrkesfagelevane!

Dette innlegget skal handle om dei 16-åringane som vel eit yrkesfagleg utdanningsprogram etter ungdomsskulen. Ei gruppe som får finne seg i å bli stigmatiserte med ein gong dei har tatt dette valet, frå velmeinande akademikarar, politikarar og verst av alt: lærarar. «Yrkesfagelevar» er identisk med dårlege karakterar, fråfall, liten interesse for «teori» (gudane veit kva det tyder), og gjerne dårleg oppførsel. Undersøkingar viser at fråfallet frå vidaregåande skule er størst på yrkesfagelege program. Og dermed veit alle som ikkje veit nokon ting, at problemet er all «teorien». Vel. Ei meir nedlatande og skadeleg haldning skal ein leita lenge etter.

Kva er min bakgrunn for å meina høgt og iltert om dette? 15 år med undervisning i norsk og engelsk på omtrent alle yrkesfaglege programområde. Det er ofte litt annleis å undervisa i klassar på yrkesfag enn på studiespesialiserande. Den viktigaste skilnaden er at som oftast er klassane mindre, frå 12 til 15 elevar. Og dessverre ofte meir kjønnssegregerte. Det er eit herleg syn å sjå gutane frå elektro og bygg koma saman med jentene frå helse og sosial og formgjeving på påbyggsåret. Sjå kor dei kroar seg og kosar seg. Vi har no ein gong for det meste god effekt på kvarandre, vi jenter og gutar. Men sånn elles, er yrkesfagelevane like ulike som dei på studiespesialiserande. Sjølvsagt. Massevis av elevar som er grusomt gode i engelsk. Der også. Massevis av elevar som kjedar seg i norsktimane. Der også. Elevar med høge ambisjonar, med psykiske vanskar, med sinne i seg, med avansert humor. Der også. Sjølvsagt.

Så var det denne teorien då. Mindre teori, meir yrkesretting, er slagordet. Og det ypperste eksemplet på kor gale det står til, er norsklærarar som driv med diktanalyse med yrkesfagelevar. Eg vil gjerne spørje: Skal yrkesfagelevane ut i eit anna samfunn enn dei andre elevane? Eit som er mindre komplekst, med mindre informasjonsoverflod og mindre teknologi? Det finnest omtrent ikkje manuelt arbeid lenger. Kompliserte teknologiske prosessar dominerer dei fleste yrke. Men det er kanskje ikkje denne teorien ein snakkar om. Lat oss gå tilbake til det aller mest idiotiske: diktanalyse på yrkesfag.Som eg forøvrig driv med i desse dagar. Kva skal dei med det? Eg spør igjen: Skal yrkesfagelevane ut i eit anna samfunn enn dei andre elevane? Eit som er mindre komplekst, med mindre informasjonsoverflod og mindre teknologi? I tillegg spør eg: Forstår desse velmeinande politikarane og akademikarane kvifor ein driv med diktanalyse med elevar? Trur ein det er for at dei skal kunna konversera lett om Wergeland etter ein betre middag med gode vener? At diktanalyse er ein slags sport som gir cred i borgarskapet?

Poesi er språkbruk i ei veldig rein, destillert form. Det er ein sjanger som er svært eigna til å studera det vi heile tida jobbar med i norskfaget – korleis språket blir meiningsskapande, manipulerande, provoserande, irriterande. Verkemiddel ein lett finn i dikt, kan ein så gjenkjenna brukt i andre tekstar, i den enorme flaumen av meiningar og informasjon ein må kunne takla i vår tid, for ikkje å bli overkøyrt fullstendig. Kjenner ein språket, kan ein bruka det, er ein ein god lesar, ein god skribent, er ein friare som menneske. Eg ynskjer dette for yrkesfagelevane mine også.

Fråfall er eit komplekst problem, som ikkje berre handlar om skulen isolert. Ein kan ikkje løysa det med å ta vekk fellesfaga. Dei er viktigare enn nokon sinne. Det skulen kan bidra med, er å sjå på på korleis det blir undervist i fellesfaga, og ein må tora å spørja fellesfagslærarar kva haldningar dei har til å undervisa på yrkesfag. Eg har høyrt mykje rart i mi tid. Lærarar som finn det mindre stimulerande å undervisa yrkesfagelevar enn andre elevar, er det mange av. Dessverre. Eg synes ein verkeleg må spørja seg sjølv kva det er ein er ute etter i jobben. Stadfesting av sin eigen faglege suverenitet gjennom elevar som speglar ein sjølv? Som set pris på lange doseringar og kan gjenta? Blir ein irritert av elevar som er meir umiddelbare, som tydeleg viser at dei kjedar seg? Som krev noko anna for å bli engasjert? Då vil eg påstå at ein er meir interessert i seg sjølv og faget enn i elevar. Og då bør ein ikkje jobba i skulen.

Happiness http://www.flickr.com/photos/44124404848@N01/134955988

Idealisme og realisme

Eg er ein idealist. Eg lever med eitt bein i dagdraumane og bileta av korleis verda burde vera, og eitt i kvardagen. Eg er i skulen for å endra verda. For å bety noko for nokon, for å utgjera ein skilnad for nokon. Eg har søkt makt no, eg sit i skuleleiinga. Det er fordi eg trur eg kan påverka, gjera endå meir frå ein slik posisjon. Skal ungdomane våre tora å ta det store ansvaret vi ventar av dei, må vi både setja dei i stand til å agera i ei stadig skiftande verd med informasjonsoverflod, vi må gi dei mot til å følgja draumane sine, og kunnskap til å handla på. Vi må gi dei medvitne verdiar, så dei kan velgja mellom rett og gale. Eg ser det som mi oppgåve å få dette til. Eg syns ikkje skulefolk skal ha mindre ambisjonar.

I februar arrangerer vi vår andre framtidskonferanse. Det er ein 3-dagars konferanse for elevane på vår skule. Innhaldet er ei blanding av mindre workshops og store føredrag, og temaet i år er «Teknologi og menneskeverd». Målet med framtidskonferansen er å inspirera elevane til å våga å tenkja store tankar om framtida, til å ynskja å ta ansvar, og til å finna det motet som skal til. Det gjer vi mellom anna ved å invitera kunnskapsrike og spennande menneske som kan snakka med elevane våre om sider ved denne tematikken. Menneske som kombinerer idealisme og realisme. Mads Gilbert, Eskil Pedersen og Øyvind Strømmen, Jon Wessel-Aas og Synnøve Kvamme, er berre nokre av dei som kjem.

Det er det som skjer i kvardagen som betyr mest, sjølvsagt. Alle timane saman med kunnskapsrike og gode lærarar. Men eg håpar at det å gi elevane noko ekstra, fordi dei er det viktigaste og finaste vi veit, også kan bety noko.

Så – idealisme er grunnleggande, vågar eg å påstå. Også må ein ha eit klima der idealisme kan kombinerast med realisme, der idear kan bli til røyndom. Der du kan leika saman med andre som seier «Det er klart vi får det til!», i staden for «Joda, men…». Det kjennest fint å sjå dagdraumar bli til røyndom.

daydreaming

Ansvar for eigen læring

Det er vel ikkje noko omgrep som har vore meir misforstått og meir utskjelt i norsk skule dei siste åra enn «ansvar for eigen læring». I 2007 tok sjølvaste utdanningsministeren eit oppgjer med omgrepet: «Nå tar kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell det endelige oppgjøret med metoden som har gitt tidkrevende, bråkete og resultatløst gruppearbeid i klasserommene». I går kveld kunne dei som såg Dagsrevyen, få med seg professor Thomas Nordahl, som lista opp «ansvar for eigen læring» som ein av dei faktorane John Hattie har funne ikkje fremmar læring. Når Nordahl skulle forklare kva dette var, sa at det var når ein hadde vekeplanar, og så hadde elevane ansvaret for å læra det som står på vekeplanen. Eg har ikkje Hattie framfor meg, og kan ikkje sjekka om dette stemmer med korleis han definerer omgrepet. Men både slik Solhjell snakkar, og slik Nordahl forklarer, høyrest det ut som «ansvar for eigen læring» er ein metode. Men er det det?

Då eg gjekk på PPU, var noko av det mest grunnleggande vi lærte, at det var skilnad på undervisning og læring. Læring er ein aktiv prosess, den som skal lære, må føreta seg noko, anten det er kognitivt eller praktisk arbeid. Denne artikkelen av Ivar A Bjørgen gir eit fint historisk oversyn over denne tenkinga. På dette grunnleggande nivået er det altså berre individet sjølv som kan lære. Men det tyder jo ikkje at læraren er overflødig, læraren må tilrettelegge for eleven slik at eleven kan lære.

No skal eg bevega meg ut i meir personleg bloggsynsing om emnet: Det må vera eit mål at når eleven går ut av skulen, er han i stand til å ta ansvar for si eiga læring, på same måte som det er å håpa at når barn flyttar heimefrå, er dei i stand til å ta vare på seg sjølve. Dei fleste foreldre gir borna sine gradvis meir fridom og meir ansvar for eigne val, ettersom barna vert eldre og meir mogne. På same måten må skulen syta for å gradvis setja elevane i stand til å ta ansvar for eigen læring. Korleis gjer ein dette? Her er det funna til Hattie, og forsåvidt intensjonen bak mange av lovene og forskriftene som gjeld i skulen, kjem inn. Og for den del Vygotsky, for å vera heilt grunnleggande. Den gode læraren konkretiserer læringsmålet for eleven, og viser han vegen mot målet. Etterkvart er det fint om læraren kan vise eleven fleire vegar mot målet, slik at eleven kan ta eit val. Læraren gir eleven tilbakemelding på arbeidet, og framovermeldingar. Etterkvart støttar han eleven i å vurdere seg sjølv, og ta eigne val om vegen vidare. Slik hjelper han eleven til å bli kjent med seg sjølv, til å vite noko om kva som er gode val for seg, til å ta ansvar for eigen læring.

Dermed blir ein karikert framstilling av eit klasserom der alle virrar rundt og tek ansvar for eigen læring (ja, det har nok skjedd), like misvisande for kva ansvar for eigen læring dreier seg om, som ei karikert framstilling av eit klasserom der læraren har stålkontroll, aldri brukar tid på å snakke om læringsmåla, der elevane lærer til prøva, og er totalt passiviserte.

Ansvar for eigen læring er ingen metode. Det er eit stort og viktig mål for utdanninga.

Her er så underlig

Det er tidleg mai 2010 i Norge. Same veka som ein pedagogikkprofessor i Oslo skriv i papiravisa Klassekampen at eitt hovud, eit papir og ein penn er nok til eksamen, sit nærare 800 skulefolk og nikkar i takt i Trondheim medan Arne Krokan stiller diagnosen på norsk skule, og antyder konnektivisme og sosialkonstruktivisme som medisin. Det er til å få vondt i hovudet av: Kva er røynda? Kvar er skulen eigentleg? Kven var på konferanse? Kven er denne pedagogikkprofessoren?

Eg veit ikkje heilt om eg vil reise på fleire slike konferansar. Tenkologien som vi alle hyller, gjer at eg kan sitja heime og sjå føredraga. Det sparar CO2. Inviterer du meg til ein workshop der vi skal snakke saman og forplikte oss, derimot, kjem eg. Snakke om kva? Om dei vanskelige tinga, om dei store, vanskelege, strukturelle endringane. Vi har ein skule full av teknologi, som køyrer i eit paradigme som ikkje er tilpassa teknologien. La meg bli tydeleg: Formidlingspedagogikken lever i beste velgåande. Det burde den ikkje. Den burde vera stein dau. Den byggjer på eit kunnskapssyn der læraren er den som sit på mest kunnskap, som skal overleverast elevane. I slike klasserom er internett ei kjelde til irritasjon og maktesløyse. Og vi veit det, og vi står framme og underheld som best vi kan like vel. Med pultar i bussformasjon. Vi plasserer elevane i klasser basert på eitt einaste kriterium: alder, fordi vi trur det er nøytralt og rettferdig, sjølv om vi veit at to 14-åringar kan omtrent vera på kvar sin planet utviklingsmessig. Vi har eit vurderingssystem som måler individuell kunnskap. Genuint samarbeid tel ikkje på karakteren. Eg har skrive utviklingsplan med kollegaene mine den siste månaden. Vi har samskrive i eit Google-dokument, fordelt område, kome saman, diskutert og revidert, omdisponert, skrive vidare der andre har starta. Kva om vi skulle få karakter på dette? Umogeleg. George Siemens seier at kunnskapen ligg i nettverk, at den er organisk og flytande. Vi lærer saman. Korleis vurdere denne type læring? Forskning seier dessutan at tilbakemelding som blir gitt saman med ein karakter, har ingen effekt. Vi gir slik tilbakemelding likevel. Er det ikkje på tide å avskaffa karakterane? Og eksamen – individuell, utan kommunikasjon, men med datamaskin. Måler den noko relevant, noko samfunnet i 2010 treng kunnskap om? Lat meg ta norskfaget som døme. Norsklærarar rettar seg forderva, pga at eksamensforma krev at eleven kan skriva ein lang tekst aleine. Så dei trener på dette. Og når dei kjenner at noko er gale, er den einaste løysinga å slutte med eigen karakter i sidemål. Skulle vi ikkje heller seia at vi treng ein annan skrivekompetanse i vår tid? Kva er viktig å kunna? Ikkje minst har vi eit stort problem med fusk. Elevar fuskar i veg ved hjelp av teknologien, og gudane skal vite at det er god hjelp å få. Fusk er eit symptom på eit system som er rotna på rot, det poenget ikkje er å læra, men å spela i det Michael Wesch kallar «The getting by-game».

Vi kan ikkje venta på at pedagogikkprofessorane skal ta tak i dette. Eg trur ikkje det kjem frå Udir heller, med det første. Eg gidd ikkje sitja å klaga av den grunn. Lat oss koma saman, setja oss ned, og sjå på kva vi har som er verdt å ta vare på, og kva som bør hivast på skraphaugen. Lat oss koma opp med ein relevant skule som tek det vi høyrer på konferanse på alvor. Lat oss så søka Udir om å prøva det ut. Eg er sikker på vi får det, lat Udir gjerne delta i prosessen. Nokon må starta.

Bilete: Image: «her name is headache.»
her name is headache.

Læringsstilar revisited

So happy =)Det er tida for doku-såpe/realityshow frå norsk skule. NRK starta med sin «Lærerne», som føl lærarar og klassar ved Årvoll skole i Oslo. Styrken ved serien er at han viser kor mange ulike utfordringar ein lærar må takle i løpet av skuledagen, og eg syns også lærarportretta er fine. Eg får ein valdsam respekt for desse menneska. Men eg hadde liksom ikkje venta noko anna av NRK, oppvaksen i monopoltida som eg er, har eg lyseblå tiltru at eg skal bli servert noko solid. Litt annleis var det då eg svitsja over til TVNorge, for å sjå deira «Blanke ark». Tidlegare dokumentarar med titlar som «Verdens største svulst», har gjort meg skeptisk, det har også alle realityseriane på kanalen. Men etter første episode av «Blanke ark» var eg både glad og inspirert (Eit lite sidespor: Det har blitt skrive klokt i BT om kor vidt det er etisk rett å utsetja barn i sårbare situasjonar for den type eksponering som desse seriane gjev. Eg trur nok mange har tenkt på dette. Eg vel å ikkje gå meir inn i denne diskusjonen her).

«Blanke ark» let oss bli kjende med ei gruppe ungdommar frå ulike stader i Norge, alle på niande trinn. Det dei har felles, er at dei ligg langt etter klassekameratane fagleg. Første episode viste oss at dei var på ei helgesamling i lag med ein lærar, der dei lærte om sin eigen læringsstil. Vidare skal dei tilbake til klassane sine, og bli undervist ved hjelp av den kunnskapen lærarane no får om læringsstilen deira. Det er særleg norsk og matematikk som skal jobbast med.

For meg vart dette ei inspirerande stadfesting om at undervisning basert på tanken på at vi ikkje lærer likt, lever i beste velgåande i nokre miljø, og eg fekk mot og styrke til å blogga litt om læringsstilar.

Mitt møte med tankane og teoriane om at vi alle har vår læringsstil, fann stad for ca 5 år sidan, på eit kurs med Lena Boström, arrangert av Utdanningsforbundet. Eg blei umiddelbart tiltalt av dette, av ulike grunnar. Det viktigaste var nok at eg kjende att så mange elevar eg hadde hatt i det ho skildra, særleg elevar på yrkesfag. Samstundes skjøna eg raskt at Boström var oppteken av faglege resultat og hadde teoretisk belegg for det ho snakka om. Vi var to kollegaer på dette kurset, og det enda med at vi fekk Boström på besøk på vår skule.

Mange var, og er, skeptiske til å legga om undervisninga etter teorien om læringsstilar. Mange følte nok at elevane vart diagnostiserte, og sett i båsar. Det er så fjernt frå grunntanken som ein kan koma. Poenget er å finna sterke og svake sider, og gi elevane høve til å starta innlæringa si der dei er sterkast, og så gå vidare til å arbeida med å utvikla det ein strevar med. Det er definitivt ikkje slik at elevar som lærer best ved å få bruka kroppen sin mykje, skal sleppa å lesa og skriva. Det ville vera å ikkje bu dei på det samfunnet dei skal ut i. Ei anna, og akk, så vanleg og så ofte nytta, motførestilling, er at dette tek for mykje tid, og at vi ikkje har rom og ressursar til dette. Det er klart at det hadde vore herleg med ferdigprodusert materiale, mange grupperom, etc. Men det er mykje ein kan gjera med det ein har. Ta i bruk større delar av skulen til undervisning, la elevane læra ved å laga materiell sjølve, f. eks. Den siste motførestillinga eg vil nemna, er den om at «Dette blir kaos». Nei, det treng det ikkje bli, men det krev god struktur og planlegging. Og klare krav til elevane.

For meg er det viktigaste med læringsstilar det grunnsynet som ligg i botn: Alle kan lære. Nokon kjem berre til å bruka litt meir tid. Eg har alltid hata utsegner om at «dette er for vanskeleg for elevane». Eller, «dette er for vanskeleg for yrkesfag-elevar»! Her ligg det eit elevsyn under som eg ikkje kan godta. Det ein eigentleg seier, er at elevane kan ikkje læra dette på den måten eg har tenkt å undervise på, og eg er ikkje innstilt på, eller i stand til å sjå at ein kan gjera dette på nokon annan måte. Det var vel fleire enn meg som såg den utruleg sterke britiske serien, om dei vaksne som skulle læra å lesa. Vi møtte intelligente, flotte personar, som ikkje hadde klart å læra å lesa på skulen. Kvifor? Slik skulen var, var det for vanskeleg for dei.

Eg jobbar alt for dårleg med dette for tida. Det drukna litt i Kunnskapsløft, vurderingsforskrift og PC-didaktikk. Men det har ein svært naturleg plass i dette biletet, så eg håpar eg kan finna litt meir tilbake til ein meir læringsstilsorientert undervisning etterkvart. Det har elevane fortent.

Dei gode døma – refleksjon 1

Konferansen Dei gode døma vart avvikla på Flesland torsdag og fredag denne veka. Det er HFK sin konferanse, og arrangementet gjekk av stabelen for andre gong i år. June Breivik har vore primus motor, og all ære til henne for eit fantastisk arrangement, med varierte og gode føredrag, god mat og service, i det heile, alt var heilt på topp.

Det var fleire som blogga direkte frå konferansen, blant anna kjemikeren og Elisabeth. Takk til dei, no er det lett for oss andre å friska på hukommelsen. I tillegg vart mange av føredraga streama og lagt direkte på nett, så ein kan sjå føredraga oppatt når ein måtte ynskja det. Eg har difor ikkje tenkt å referera frå konferansen, i staden skal eg bruka litt tid på div tankar eg gjorde meg der og då, og tankar som har kome i ettertid. Og den første refleksjonen går på min eigen konferanseåtferd. Eg noterte ikkje eit kløyva ord under heile konferansen. Eg hadde ikkje PC’en oppe før på Paul Chaffey sitt føredrag, då eg bestemte meg for å testa ut korleis det var å twitra medan eg høyrte på. Det var ikkje spesielt vellukka, eg konsentrerte meg mykje dårlegare på den måten. Det kan bety at eg er dårlig til å multitaska, og ikkje bør drive med denslags. Det kan sjølvsagt også ha med at konsentrasjonen allereie var begynt å svikta, seint andre dag.

Uansett, det er ikkje så lenge sidan eg alltid tok notat for hånd i slike samanhengar. Eg har ikkje medvite bestemt meg for å slutta med det, det kan godt henda eg hugsa meir på den måten. Men innstillinga mi har endra seg. I staden for å vera mest oppteken av kva som vert sagt, er eg oppteken av dei tankane det set i gang hjå meg. Og det er ein heilt annan innfallsvinkel. Eg hoppar på ein måte over eit steg som eg alltid tok før, nemlig at eg sikra meg at eg kunne reprodusera, for så å kunna bruka eller tenkja i neste omgang.

Kva inneber dette? Og er det ei høgst individuell endring, som ikkje angår andre enn meg? Eg trur ikkje det. Roger Säljö snakka om korleis vi eksternaliserer minne, og alltid har gjort det. Vi kan ikkje hugsa alt, vi må lagra kunnskap utanfor oss sjølve. Og med teknologien i dag, er det ein enkel sak, og kunnskapen kan lett finnast att. Eg kan, som sagt, sjå opp att føredraga når eg vil, kvar som helst. Kvifor skal eg då notera? Eg kan også finna alle føredragshaldarane på nett, lesa artiklar etc.

Eit anna poeng er at eg tek med meg det som er viktig for meg, eg er eklektisk, eg prøver ikkje ein gong å få med meg alt. Det er dei refleksjonane eit føredrag kan setja i gang hjå meg, korleis eg kan passe dette inn i min forståingshorisont og få ny innsikt, som er det viktige. Eg spør: «Kva betyr dette for meg?», ikkje «Kva er hovudpoenga i dette føredraget?»

Og kva så? Spørsmålet er jo sjølvsagt kva dette inneber for læring. Er elevane slik som meg? Er dei eklektikarar, som i møte med skulens «kunne noko om alt»-paradigme, slit med motivasjonen? Og kva konsekvensar får dette? Det er vel eit slags minimum som alle bør ha med seg, når er det innlært? Og om læringa vert meir «personalisert», vil elevane då i større grad finna seg nettverk av menneske som er opptekne av det same som dei, UTANOM skulen? Blir klassestrukturen dermed meiningslaus? Håpar nokon vil diskutere!

Eg – ein bloggar?

Nei… Det manglar det ganske mykje på. Det er eitt år sidan sist eg har skrive noko her, og typisk nok var det august og nytt skuleår då, og det er det no også. Det liknar alle dei som startar på treningsstudio første mandagen etter nyttår…

Vel, eg var heller desillusjonert i fjor, no er eg mykje meir optimistisk. Eg trur igjen på at vi får til ganske mykje på skulen vår når det gjeld IKT og læring, og betre skal det bli, berre vi får brukt litt tid. Og i tillegg: Eg startar opp med elevar med eigen PC i år. Eg reknar med å koma tilbake til det!

Med litt aktiv reklame frå mi side, håpar eg at eg skal få mange kollegaer til å kommentere innlegga mine, og kanskje nokre elevar vil kommentera også?