Man vs Machine -post NKUL 2016

Eg har lyst å starta med mitt aller første blogginnlegg – i sin heilskap. Det heitte originalt nok «Mitt første blogginnlegg – uæh». Her er det:

Hei alle! Her kjem min aller første post på min aller første blogg. Årsaka til denne modige handlinga, er at eg har vore på kurs i regi av Hordaland fylkeskommune og lært utruleg mykje nytt om nettet, slik det er i dag. Mitt mål med denne bloggen er, i alle høve per i dag, å bevega meg frå å vera ein Web 1.0-brukar til å bli ein Web 2.0 brukar! Etter kvart håpar eg å kunne skirve om mykje og mangt som har med skulen å gjera her, og få mange kommentarar frå både kjende og ukjende, elevar og kollegaer.

Innlegget vart posta 13. desember 2006 – det er altså snart ti år gammalt. Årsaka til at eg trekk fram att dette no, er at kunnskapsmininsteren fekk eit spørsmål frå salen på årets NKUL: Korleis vil delingsøkonomien påverke skulen? Svaret var at det hadde han ikkje tenkt på. Eg har stor respekt for folk som torer å seia at dei ikkje har tenkt på noko. Verda hadde vore ein mindre irriterande stad om det hende oftare. Eg håpar berre at han byrjar å tenkja på det no, og gjerne les seg opp på emnet. Mitt første møte med tankar om korleis delingsøkonomien vil påverke skulen var for snart ti år sidan, eg vart introdusert til dei nettopp på dette kurset eg nemner i blogginnlegget over, av Arne Krokan. Det har påverka alt eg har gjort og tenkt om skule sidan den gongen. Ti år er lenge. Arne, eg vil gjerne takka deg for at du har orka å snakka om dette så lenge, trass i at mange heilt tydeleg ikkje har høyrt etter.

Men delingsøkonomien er ikkje det einaste som bør få oss til å tenkja annleis om kva skulen er og bør vera. Fleire av plenumsføredraga i år hadde kunstig intelligens som eitt av premissa for argumentasjonen sin. Utviklinga på dette feltet går i rasande fart, og Lord Jim  Knight viste video med roboten Sofia, laga av David Hanson, som eg rett og slett trur ein må sjå sjølv for å forstå det. George Siemens sa det slik: Vi er den siste generasjonen som kan rekna med å vera meir intelligente enn maskinene. Og kva då? Kva med arbeidsliv, kva med skule, kva med livet? For å forenkla gode komplekse føredrag ganske kraftig: Vi må konsentera oss om det som gjer oss til menneske. Det er vi som har humanitet, men kva vil det seia? Og kva vil det seia å vera menneske i ei maskinverd? Språk, empati, kreativitet, samarbeidsevner, var nokre av stikkorda til Jim Knight. Eg legg til filosofi.

Og dermed tek eg ein sving tilbake til kunnskapsministeren. Sjølv om kanskje ikkje premissene i NOU 2015:8(Ludvigsenutvalget) var heilt dei same som i føredraga på NKUL, er jo konklusjonane nokre av dei same når det gjeld kva som må vektleggjast i skulen. Stortingsmelding 28 føl opp ein del, men eg er bekymra for det som Røe Isaksen sjølv kalla ein «kjepphest»: Ein del heilt sentrale fagovergripande kompetansar som NOU’en kalla det, skal inn i faga «på fagenes premisser». Eller meir bekymringsfullt, om dei i det heile skal inn. Så sentrale kompetansar som metakognisjon, kommunikasjon, innovasjon, kreativitet, kritisk tenking, samhandling, etc,  skal berre inn i dei faga der det passar. «Fagenes egenart er utgangspunktet for om og hvordan det enkelte fag skal inkludere kompetansene», står det. Mitt spørsmål er kven som skal definere «fagets egenart». Skulefaga er historiske konstruksjonar som har blitt forma av mange ulike element. Eg har tenkt litt om kva norskfaget er i eit gammalt blogginnlegg, om nokon er interessert.

Så, spørsmålet blir kor mange år til vi skal sosa avgarde med kosmetiske endringar i skulen fordi viktige samfunnsaktørar ikkje føl med i timen. Det er ikkje vits å møta opp for å ikkje få fråver, om ein sit og søv på pulten.