Ansvar for eigen læring

Det er vel ikkje noko omgrep som har vore meir misforstått og meir utskjelt i norsk skule dei siste åra enn «ansvar for eigen læring». I 2007 tok sjølvaste utdanningsministeren eit oppgjer med omgrepet: «Nå tar kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell det endelige oppgjøret med metoden som har gitt tidkrevende, bråkete og resultatløst gruppearbeid i klasserommene». I går kveld kunne dei som såg Dagsrevyen, få med seg professor Thomas Nordahl, som lista opp «ansvar for eigen læring» som ein av dei faktorane John Hattie har funne ikkje fremmar læring. Når Nordahl skulle forklare kva dette var, sa at det var når ein hadde vekeplanar, og så hadde elevane ansvaret for å læra det som står på vekeplanen. Eg har ikkje Hattie framfor meg, og kan ikkje sjekka om dette stemmer med korleis han definerer omgrepet. Men både slik Solhjell snakkar, og slik Nordahl forklarer, høyrest det ut som «ansvar for eigen læring» er ein metode. Men er det det?

Då eg gjekk på PPU, var noko av det mest grunnleggande vi lærte, at det var skilnad på undervisning og læring. Læring er ein aktiv prosess, den som skal lære, må føreta seg noko, anten det er kognitivt eller praktisk arbeid. Denne artikkelen av Ivar A Bjørgen gir eit fint historisk oversyn over denne tenkinga. På dette grunnleggande nivået er det altså berre individet sjølv som kan lære. Men det tyder jo ikkje at læraren er overflødig, læraren må tilrettelegge for eleven slik at eleven kan lære.

No skal eg bevega meg ut i meir personleg bloggsynsing om emnet: Det må vera eit mål at når eleven går ut av skulen, er han i stand til å ta ansvar for si eiga læring, på same måte som det er å håpa at når barn flyttar heimefrå, er dei i stand til å ta vare på seg sjølve. Dei fleste foreldre gir borna sine gradvis meir fridom og meir ansvar for eigne val, ettersom barna vert eldre og meir mogne. På same måten må skulen syta for å gradvis setja elevane i stand til å ta ansvar for eigen læring. Korleis gjer ein dette? Her er det funna til Hattie, og forsåvidt intensjonen bak mange av lovene og forskriftene som gjeld i skulen, kjem inn. Og for den del Vygotsky, for å vera heilt grunnleggande. Den gode læraren konkretiserer læringsmålet for eleven, og viser han vegen mot målet. Etterkvart er det fint om læraren kan vise eleven fleire vegar mot målet, slik at eleven kan ta eit val. Læraren gir eleven tilbakemelding på arbeidet, og framovermeldingar. Etterkvart støttar han eleven i å vurdere seg sjølv, og ta eigne val om vegen vidare. Slik hjelper han eleven til å bli kjent med seg sjølv, til å vite noko om kva som er gode val for seg, til å ta ansvar for eigen læring.

Dermed blir ein karikert framstilling av eit klasserom der alle virrar rundt og tek ansvar for eigen læring (ja, det har nok skjedd), like misvisande for kva ansvar for eigen læring dreier seg om, som ei karikert framstilling av eit klasserom der læraren har stålkontroll, aldri brukar tid på å snakke om læringsmåla, der elevane lærer til prøva, og er totalt passiviserte.

Ansvar for eigen læring er ingen metode. Det er eit stort og viktig mål for utdanninga.

Arven frå romantikken

Noko av det kjekkaste eg veit som norsklærar, er å jobba med romantikken. Eg har ein sterk og langvarig kjærleik til perioden. Ut frå spennande filosofiske idear veks det fram eit nytt Europa, Noreg vaknar som nasjon, kunstarane får genistatus og produserer verk som framleis grip oss. Det moderne spirer fram. Men det eg syns er aller viktigast i klasserommet, er å hjelpa elevane til å sjå at store delar av romantikkens estetikk og tankegods framleis lever i beste velgåande. Vi er på mange måtar barn av romantikken, om vi likar det eller ikkje. Naturestetikken vår kjem derfrå. Utan den, ingen monstermast-debatt. Våre idear om nasjonen, om oss sjølve som noko særskilt – «typisk norsk», kjem derfrå. Og ikkje minst kjem våre tankar om kunst derfrå. Vi hyller framleis det inspirerte geniet.

Men romantikkens kunstestetikk har ikkje hatt så heldige konsekvensar i skulen. Så seint som på slutten av 1980-talet, då eg var gymnasiast, var ein anten flink i norsk, eller ikkje. Ein kunne rett nok verta betre i rettskriving, men det å strukturera ein tekst, å skriva ei god novelle – det var ikkje noko ein kunne læra på skulen. Eg leverte pliktoppfyllande inn stilane mine og fekk dei att – med ein eller annan karakter rundt 5 på, og litt skryt. Eg var flink i norsk. Kvifor – kva det var eg gjorde rett, eller kvifor det ikkje gjekk endå betre, ante eg lite om.

Heldigvis øydela nokre gode norsklærarar dette pardigmet omtrent på denne tida. Laila Aase skal ha mykje av æra for å løfta fram klassisismens skriveopplæring, der eksemplum spela ei stor rolle. Elevar fekk jobbe med eksempeltekstar, herme etter dei, plukke dei frå kvarandre og sjå på delane. Skriveopplæringa vart mykje betre av dette, og ein kunne læra å skriva godt, på linje med å læra andre ferdigheiter.

Men framleis sit arven frå romantikken att i skulen. Vårt bilete av eleven har framleis det romantiske geniet som ideal. Aleine, med bøkene, veks ideane fram, og aleine skriv han inspirerte meisterverk. Det er det eleven kan produsera aleine, som betyr noko. Det å arbeida saman med andre er vel og bra, for å trena på sosiale ferdigheiter, men produkta som kjem ut av det, har lita vekt. Elevane forstår dette – skal dei skriva saman, deler dei oppgåva opp i passande delar, og så limer dei i hop til slutt. Og eigentleg forstår ingen vitsen, særleg ikkje dei flinkaste, det hadde vore mykje lettare å berre gjera alt sjølv.

Det er berre det, at livet utanom skulen har gått vidare. Det fins få arbeidssituasjonar der ein sit aleine og jobbar fram sine geniale idear. Samarbeidsevner er noko av det viktigaste arbeidgjevarar ser etter, og ein jobbar fram rapportar, produktidear, finansieringsløysingar etc, saman. Til og med forskarane, dei mest geniale, jobbar i prosjekt.

Skal vi for alvor bryta med romantikkens geniestetikk i skulen, må vi gjera noko med eksamen. Eksamen er heilt og haldent bygt på denne tanken om at det ein kan produsera aleine og uforstyrra, er det som har verdi. Det å kunna noko, betyr å kunna noko aleine. Og berre det. Norskeksamen er eit kroneksempel. Skriv ein lang tekst aleine. Eller skriv ein kort og ein lang tekst aleine. Det er klart at internett er ein stor trussel mot dette. Diskusjonar med andre om viktige problemstillingar blir fusk. Samskriving blir fusk.

Eg trur det er viktig å sjå på kva slags førestillingar som gøymer seg bak det vi gjer og står for. Eg trur romantikken fins i skulen framleis, og eg trur vi bør bli kvitt han, som noko anna enn historisk stoff. Eg kan framleis gleda meg over å undervisa i perioden og peika på kor store konsekvensar han har hatt, men eg kan ikkje tillata meg å ha det romantiske geniet som ideal for elevane mine.