Den skjønne litteraturen

Då eg var liten, las eg eit utal bøker kvart år. Las og las. Dersom eg ikkje hadde tilgang på nytt materiale (noko som eg ikkje heilt forstår kan ha hendt, i og med at eg hadde ein perfekt langar i mor mi, bibliotekaren), så las eg berre omatt dei eg hadde i hylla. Og dei bror min hadde i hylla. Og slik haldt eg på. Eg starta då eg var fem, og såg meg aldri tilbake. Alle andre var ikkje slik som meg, det visste eg godt. Eg hadde mange vener som ikkje las så veldig mange bøker, dei likte andre ting, slik var det, vi var ikkje like, og det var heilt greitt. Vi hadde veldig mange bøker heime, andre hadde ikkje det.

Den kjensla. Under dyna om kvelden, lyset skulle ha vore av for lengst, men eg måtte berre lesa meir. I ein stol i stova, der eg brått oppdaga at eg ikkje ante kva anna som hadde føregått den siste timen. Det er noko magisk, nesten hellig ved det. Eg har slike opplevingar med litteratur framleis, der eg tenkjer på personane i boka om dagen på jobb, og skundar meg heim for å møta dei att. Spekteret av opplevingar er litt vidare no, det kan til dømes vera at ei bok er så godt skrive at eg må stoppa og pusta mellom dei fantastiske setningane.

Litteratur er ei kunstform. Ho står i ei særstilling i kulturen vår, ho er den av alle kunstformene vi reknar som viktigast. Korleis kan eg seia det? Jau, på grunn av rommet litteratur har i skulen. Inga anna kunstform får så mykje merksemd i læreplanane. Ho føl elevane gjennom heile skuleløpet, frå 6 til 19 år. Eg vil tru dette handlar om at det er språket som er materialet til litteraturen. Les vi, lærer vi språk samstundes.

Litteraturen er sjølvsagt også gjenstand for forsking. Kva er det som gjer litteratur til litteratur? Korleis vert tekstar litterære? Korleis kan vi forstå dei i all sin kompleksitet? Korleis heng litteraturen saman med samfunnet rundt han? Og så vidare. I vitskapen må ein på ein måte komma seg litt unna magien, eller det vil seia, ein må prøva å forklara magien, korleis han oppstår. Ellers vert ein berre sitjande og føla, og det vert det ikkje så god forskning av. Trur eg. Kanskje.

Og då nærmar vi oss ein del av problematikken rundt litteraturen i skulen. Forholdet mellom magi og mageplask. Mellom kjensler og kjølig analyse. Litteraturen er full av skildringar av nye lærarar som får eit brutalt møte med skulekvardagen der det viser seg at ungane dei får framfor seg, ikkje ser magien i deira eigne favorittar. Den er så full av det at eg kan ta den boka eg les nett no, heilt tilfeldig, og sitera: «…and knew from the very first lesson – Romeo and Juliet, (…) to a class of sniggering thirteen-year-olds that it had been a mistake» (Kate Atkinson, A God in Ruins) Ein har så lyst å gi elevane opplevingar slik ein har hatt sjølv, og så tek dei ikkje i mot. Somme sluttar. Andre blir bitre. Nokre vert sikkert forfattarar. Eller litteraturkritikarar.

Og så er det analysen. På eit tidspunkt i skulen kjem den inn. Kva er litteratur bygt opp av? Korleis skriv ein litterære tekstar? Og kva i tekstane er det som gjer at vi forstår dei slik vi faktisk forstår dei? Igjen kan ein, om ikkje så mykje i litteraturen, så i diverse samtalar med kjente menneske, gjerne forfattarar, få høyra om norsklæraren som kvalte all interesse for litteratur med den evindelege analysen. Særleg diktanalyse. I slike samtalar er norsklærarar tørre, keisame menneske med tru på fasitsvar i litteraturen. Eg har sjølv site i debatt med forfattarar og hatt ei ekkel kjensle av at no vert eg ein person eg ikkje har lyst til å vera. Ein person som forsvarar diktanalysens plass i skulen, og dermed ein slags Tørrdal som øydelegg unge sinn for alltid.

I lærarkrinsar snakkar vi ofte om at alle har ei meining om yrket vårt, for alle har gått på skulen. Det er kanskje ekstra sant om norskfaget. Eg ser ikkje heilt for meg ein debatt på fjernsynet i beste sendetid med tittelen «Hva er galt med naturfaget?», slik vi fekk oppleva om norskfaget her om kvelden. Alle eig språket og mange kjenner sterkt eigarskap til litteraturen. Det må vi vera glade for. Men vi har også lov å vera profesjonelle. Vi har lov å seia at det får vera måte på romantikk. Litteraturen vert ikkje øydelagt av at ein kan noko om han. Vi har også lov til å seia at det må vera måte på å ikkje reflektera over eigne privilegium. Alle er ikkje som oss som vaks opp i ei bokhylle. Dei treng litt hjelp med å finna sine gode litterære opplevingar.

Magien i litteraturen fekk nok meg til å bli norsklærar. Magien i litteraturen er ei kraft eg framleis reknar for noko av det viktigaste eg har i livet mitt. Men i klasserommet kan eg ikkje ta mine magiske opplevingar og planta inn i hovudet på elevane. Eg må i staden jobba med å legga til rette for at dei skal få sine eigne opplevingar. Kanskje klarar eg det ikkje. Men eg jobbar for det, på ekte norsklærarvis.

Relaterte innlegg:

Kva med faget?

Arven frå romantikken

Desse yrkesfagelevane!