For ein fantastisk haust det har vore!

331687946_3c1927b213_m1For ei som er grunnleggjande forviten og elskar å lære! Mykje var nytt i august: Nye klassar, nye læreplanar og til dels nye utfordringar, i og med at eg møtte min første klasse med eigne bærbare PC’ar. Sjølv om eg har jobba mykje med problemstillingar knytta til Kunnskapsløftet og IKT i skulen tidlegare, var det godt å endeleg få praksis. Dessutan har dei 20% eg har fått for å jobbe med pedagogisk bruk av IKT vore gull verdt for meg, endeleg har eg fått betre tid til å setja meg ned med PC’en og læra og tenkja. Og kva fann eg? Eit fantastisk nettverk av engasjerte skulefolk som gjerne deler kunnskapen sin med andre, gjennom bloggane sine, delicious, og ikkje minst Twitter. (Les hjå Svend A. Horgen dersom du ikkje har oppdaga Twitter endå!) Dette har vore heilt uvurderleg for meg. Tusen takk til alle!

Ved sidan av dette, har problemstillingar rundt vurdering stått sentralt i haust, både lokalt på skulen, og gjennom arbeidet i FAU-norsk. Kurset Henning Fjørtoft hadde i bruka av rubrikkar og sjekklister, var svært nyttig, og eg har tatt i bruk verktøya. Eg er ikkje nøgd med alt eg gjer, men eg trur eg er på veg framover. Det viktigaste for meg er at vurdering vert knytta til læring, og dermed vert oppfatta både av lærarar og elevar som nyttig å jobba skikkeleg med. Eg ser at det er fleire sider ved arbeidet som gjeld konkretisering av kompetansemål som eg er usikker på, men eg er nøgd med innfallsvinkelen FAU-norsk har hatt til dette, det vi ser erfaringsutveksling lærarane i mellom som eit viktig steg på vegen til felles forståing av læreplanen.

Det er svært spennande å jobba med Vg3 norsk, utfordringane er mange: Skjønnlitterært program, fordjupingsemne, gode vurderingssituasjonar, osb. Kor godt er det ikkje då å ha nettverk også lokalt, både gjennom FAU – takk til Kristine, Marianne og Grethe, og på skulen – takk til Hege, Mona og Anne-Marie!

Det skal bli godt med litt ferie, men eg gler meg til å starta opp att på nyåret også. Eit av måla mine er å koma i gang med meir bruk av 2.0 – verktøy i førsteklassen min. Eg håpar også eg skal få høve til å halda fleire kurs i Web 2.0 for kollegaer, det har vore givande å halda på med. I det heile håpar eg å kunna gjera ein god jobb for fleire av kollegane mine enn dei eg har nådd til no. Eg håpar også bloggen min og IKT-wikien, i tillegg til Netvibes-sida, skal nå fleire i skulesamfunnet vårt og vera til hjelp.

God jul til alle i bloggosfæren, alle Twitrarar, alle lærarar ved KNV! Og andre som måtte forvilla seg inn hit!

Image: «Sweet Sweet Santa, Where’s My Two Front+Teeth?»
http://www.flickr.com/photos/42921300@N00/331687946

Saman er ein mindre aleine

…er den norske tittelen på ein roman av Anna Gavalda, som eg las førre vinter, og det var ganske trivelig og til tider rørande, om ikkje det var stor litteratur. Men dette innlegget har ingenting med Gavalda å gjera, det handlar om det å vera lærar. Førre veke hadde vi personalseminar, og der hadde vi besøk av Tore Sværen frå Vibemyr skolesenter. Eg skal ikkje gi noko referat, men ein ting han sa, var retta mot lærarar: «Ver ikkje aleine!» Han meinte det var det farlegaste ein lærar kunne vera. Det har eg gått og tenkt mykje på den siste veka. Eg har alltid vore velsigna med gode samarbeidspartnarar på jobb, og eg er heilt avhengig av dei. Det å få lov å diskutera opplegg og tekstar, få dela tankar om elevar, snakka om det ein ikkje heilt får til, høyra korleis andre tenkjer – eg trur eg hadde slutta med jobben om eg ikkje hadde nokon å samarbeida med. Eg kunne framleis tenkt meg meir samarbeid, det eg skulle ynskje, var at vi kunne vera saman i klasserommet oftare, for å sjå og lære av kvarandre.

Ofte er det ikkje så lett å få tid til samarbeid. Det handlar om timeplanar og rammer. I år sit norsklærarane på Vg3 saman frå 13.30-15.00 om fredagen – ikkje akkurat ideelt, men det er då vi har undervisningsfri saman. Eg skulle ynskja timeplanen hadde lagt inn samarbeidstid, men det er mange variablar som skal gå i hop på ein stor skule. Dessutan er det ikkje alle som har same ynskjet som meg, snarare tvert i mot.

Kvifor er det så farleg å vera aleine? Det er vel mange grunnar til det. Eg trur det er lett å gå seg fast i sine eigne tenkje- og arbeidsmåtar, og så har ein ikkje nokon å lena seg på når dei plutseleg ikkje fungerer. For det skjer med alle. Eg trur at lærargjerninga er veldig einsam, du er aleine i klasserommet og aleine over bunkane, be lærarar på fest – og kva gjer dei? Snakkar om jobben! Eg trur einsemda i jobben gjer at mange blir altfor tidleg slitne. Det blir altfor få positive tilbakemeldingar på jobben ein gjer – frå andre som er kvalifiserte til å meina noko. For det er jo den konkrete rosen vi treng, nett slik som elevane! «Akkurat det gjorde du bra» – ikkje «Du er no så flink, at». Det er berre skvalder.

Ver ikkje aleine! – eg håpar klasserommet mitt og praksisen min skal opna seg endå meir i framtida. Og no kunne eg gått vidare og snakka om at nettet også kan hjelpa til med dette, men akkurat i dag vil eg vera i det nære, snakka om dei du ser kvar dag.

Offentleg netvibes-side

Då har eg laga meg ei offentleg Netvibes-side. Dette er noko eg har tenkt på ei tid, særleg etter eg såg A Portal to Digital Literacy – ei førelesing av Mike Wesch som ligg på Youtube. Det er absolutt verdt å bruka ein time på å sjå denne videoen! Denne portalen Mike Wesch snakkar om kan nok bety ein inngang i meir overført betyding, men heilt konkret viser han ei offentleg netvibes-side som studentane si inngang til å bruka nettet for læring. Der har han liggande ulike forskningstidsskrift, wikiane til studentane, og diverse anna. Dette vert då ei slags heimeside for studentane der dei kan koma vidare ut på nettet og halda seg oppdatert på fagstoff.

Eg har ambisjonar om å retta mi side mot elevar, men førebels er ho ikkje særleg prega av det. Eg er litt usikker på kva innhald som er relevant for dei, om eg skal prøva å retta meg mot elevar generelt og konsentrera meg om innhald som handlar om læring på nett, eller om eg skal prøva å vera fagspesifikk. Dersom det er nokon som kan tipsa meg om denne type netvibessider som er i bruk på andre skular, tek eg gjerne i mot.

Fordjupingsemnet – ein del problemstillingar

Eg skal diskutera fordjupingsemnet med ein del andre lærarar i Hordaland neste veke, og som innleiing skal eg problematisera ulike sider ved fordjupingsemnet. Eg er oppteken av at vi ikkje berre skal tenkja «særemnet» framleis, men tenkja på nytt om dette. Her kjem dei punkta eg har tenkt å ta opp, og eg vil gjerne ha kommentarar og innspel!

Fordjupingsemnet

1. Kompetansemål:

”Målet for opplæringen er at eleven skal kunne
• gjennomføre arbeidet med en selvvalgt fordypningsoppgave og utforme den som en muntlig, skriftlig eller sammensatt tekst med språklig, litterært eller annet norskfaglig emne”

Kva for andre kompetansemål kan trekkjast inn?
• Mål frå alle tre åra?
• Mål frå Vg3?
• Avgrensa det til mål under hovudområda ”samansette tekstar” og ”språk og kultur”?

2. Omfang:

Tidsbruk:
Kor mykje av undervisningstida skal setjast av?

Breidd vs. djupn:
Kva ligg i fordjuping?
Kan elevane velje å legge hovudvekta på teori, og mindre på empiri? F.eks fordjuping i retorisk analyse, som vert anvendt på eit par artiklar?

Krav til omfang av ferdig produkt:
Skriftleg:
Munnleg:
Samansett tekst:

3. Vurdering:
• Dersom eleven vel å utforma fordjupingsoppgåva som ein samansett tekst, skal karakteren då telja på skriftleg eller munnleg karakter?
• Kor stor vekt skal karakteren ha?
• Skal elevar kunne jobbe i grupper, og korleis set vi i tilfelle karakteren?

Dei samansette tekstane og vurdering

Eg høyrer definitivt til dei som syns større vekt på såkalla samansette tekstar, er noko av det beste med den nye læreplanen. Men den store plassen slike tekstar har fått i læreplanane, speglar seg ikkje på nokon måte i vurderingssystemet for faget, der det ikkje har skjedd endringar.

Ein ting er eksamen. Måten eksamen i norsk skal gjennomførast på, gjev lite rom for analyse av samansette tekstar, i alle høve dei som tek i bruk lyd og levande bilete. Her er det ein samansett problematikk som gjeld både opphavsrettar og det tilgjengelege teknologiske utstyret rundt på skulane.

Ei anna sak er at ingen har tenkt på, så vidt eg veit, at det ikkje på nokon måte er klart kvar karakterane elevane får gjennom året på samnsette tekstar, skal førast. Er dette karakterar som tel i munnleg norsk? Eller skriftleg?

Kva gjer de andre med dette?

Digital variasjon

Den siste veka har det gått ein diskusjon på bloggane til Ingunn, Arne Olav og June om blogging og elevar. Alle er nok einige i at blogging bør bli ein av fleire måtar å lære elevar digital lesing og skriving, men ikkje den einaste. Dette innlegget til Ingunn viser forresten ein flott elevblogg som er eit godt døme på kor godt verktøyet kan fungere for nokre elevar – med ein lærar som gir gode oppgåver.

Mangfald i verktøy og metode er heilt klart noko å streba etter. Vi veit at elevar lærer ulikt, og vi har ikkje noko lang, strålande historie å visa til når det gjeld å legga til rette for anna læring enn den vi sjølve har fått demonstrert i eigen skulegang: Sit i ro og høyr etter, gjer oppgåvene i boka og les leksene. Teoriar kring læringsstilar og læringsstrategiar, og om multiple intelligensar har gjort meg betre til å forstå og sjå dei som ikkje er slik som meg, dei som ikkje har det noko godt med å sitja rett opp og ned og høyra etter. Så er spørsmålet om eg gjer noko med det eg ser og veit. Vel, eg gjer meir enn eg gjorde før, sjølv om eg ikkje er flink nok. Kan ein digitalisert skule hjelpa oss til å leggja endå meir til rette?

Eg trur det. Eg har nettopp laga digitale forteljingar med elevane mine. Det at utstyret no er så lett å bruka og så tilgjengeleg, gjer at noko som tidlegare hadde krevt lang tid og organisering på førehand, kan gjerast raskt. Elevane har kamera i mobilane, eller eigne digitale kamera, og dei har PC’ar med innebygd mikrofon. Dermed tek eg lettare i ferd med denne type opplegg, og eg ser at elevar som likar aktivitet, kastar seg i det med entusiasme. Og dei hjelper kvarandre og lærer seg omtrent heilt på eiga hand redigeringa, om dei aldri har gjort det før. Slik vert IKT eit godt hjelpemiddel til å variera, og slett ikkje det nokre hevdar – noko som passiviserer elevane.

Nokre vil vel seia at ein kan ikkje laga artige animasjonar og digitale forteljingar av alt – og kva lærer dei av dette? Merkeleg haldning eigentleg – ingen spør slik om skriveoppgåver i arbeidsboka. Klassen min har laga digitale forteljingar fordi vi har jobba med komposisjonen i ulike tekstar.

Og no trur eg eg vil læra meg Glogster – og bruka det i engelsken!